Treningsplan eldste gruppe frem til sommerferie

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mai 2024

Fellestrening for guter og jenter fødd 2011 og eldre starter opp fra tysdag 21. mai. For dei yngste er det kjekt om foreldre kan delta ved treninga også, då vi har begrensa trenerressurser. Første økt vert på idrettsbane ved Førdehuset. Vedlagt her ligg program for fellesøkter fram til skuleferien.

Det vert lagt opp til både løpsøkter og rulleskiøkter. Dei fleste av rulleskiøktene vert lagt andre stader enn Langeland skisenter, som til dømes Angedalen, Sundsdalen eller Haukedalen. Dette er på trafikkert vei. Vi henviser her til rulleskivettreglene (https://www.tryggtrafikk.no/ga/rulleskivettreglene/). Born under 15 år bør ikkje gå rulleski på trafikkert veg (med mindre dei har ei foresatt til følgje). Det vert meir rulleskiaktivitet på Langeland over sommeren. 


Hjelm og sterkt synlege klede (som t.d. refleksvest) er påbudt. Refleksband er ikke godt nok aleine i vanleg dagslys. Dersom nokon manglar dette, vil dei ikke kunne delta ved treninga. 


Trenere deltek ved treningane tysdag og torsdag. Laurdagstreninga er forslag til økt med oppmøte tid/stad. Ein oppmoder til at utøverene avtalas innbyrdes. Foreldre er velkomne til å delta ved alle fellestreningar. 

Førde Langrenn vil melde på lag til Helse Førde stafetten. Vi legg ut info om dette i eget skriv. 


Vel møtt på trening! 


TRENINGSPLAN MAI 2024: 


TRENINGSPLAN JUNI 2024:


TRENINGSPLAN: treningsplan-førde-il-24-25 (2).xlsx



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.