Fantastisk treningsleir i Borås og utandørs svømmestemne i Varberg, Sverige

Postet av Håvard Korsvoll den 30. Jun 2025

Vi var 18 symjarar på tur til Sverige den siste veka, i tillegg til familiemedlemmer. Leiren starta mandag morgon, og dei fleste av oss kom til Borås i løpet av søndagen. Vi etablerte oss på vandrarheimen, som ligg inne på Borås Camping. Det var 4 sengar på kvart rom, toalett på gangen og felles kjøkken i kjellaren.

Det var berre 5 min å gå til svømmehallen. Dette er eit flott anlegg med 50x25 m basseng innandørs, og eit tilsvarande basseng utandørs. Trener Håvard styrte øktene og gav svømmerane våre eit godt grunnlag for videre utvikling i svømmesporten. Gjennom veka deltok dei i varierte treningsøkter, inkludert teknikk, uthhald og hurtighet, som verkeleg heva nivået på alle deltakarane. 

Dette synta att i resultata på stemnet i Varberg. I Varberg er det eit 50m utandørs basseng som ligg på ein forblåst plass rett ved havet. Bassenget har saltvatn, og dette var litt uvant for utøverane våre. Men alle klarte å gjennomføre øvelsane sine, og resultata var veldig bra. Mange persa og vi sanka fleire medaljar.

Det var veldig kjekt å sjå utviklinga til symjarane. Sjølv om trener Håvard har vore i pappaperm dette året, har vi fått til eit godt opplegg. Denne veka fekk vi endeleg mangen økter i lag og dette er inspirerande for vidare satsing. Trenarteamet denne veka har vore Håvard Melle, Sissel Leth Olsen og Yetive Farsund. Stor takk til dei for innsatsen.

Leiren har gjeve oss eit godt samhald i symjegruppa, både blant utøverane og foreldra. Det har vore mange som har bidratt til at leiren har blitt ein suksess, og enkelte har lagt ned ein ekstra innsats for å få alt til å fungere. Eg vil spesielt takke Marika Peterson for hennar jobb som turleiar. Ho har verkeleg stått på for at alle skal trivast og ha det kjekt i lag.

Tirsdag var det minigolf og frisbeegolf turnering


Grilling og slåball på torsdagen

Symjeanlegget i Varberg

Stafettlaget som tok ny klubbrekord på 4x100m fri langbane, 3.51,27.
Sigurd, Armandas, Kevinas og Even



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Håvard Korsvoll