Parasamling i Oslo
Postet av Førde IL - Symjing den 5. Nov 2025
I helga var Førde sine parasymjarar i Oslo på to arrangement. Åpen parasamling på olympiatoppen og årets vakraste eventyr, eit åpent para stemne i Fjellhamar arena.
Odin Knapstad (15) og Andreas Juel Myklebust (13) var med på åpen parasamling på olympiatoppen fra fredag. Der skulle Odin gjennom re-klassifisering, medan Andreas var med for første gang for å bli kjent med miljøet og kva åpen parasamling gjekk ut på.
Trenar Øystein Erland var meget godt fornøgd med samlinga. Når så mange flinke trenarar samlar seg på ein plass, der ein kan få nye innspel til treningsprogram, øvelsar og justeringar ein kan gjere for å fortsette fremgangen. Dette er tredje gangen han er med på denne samlinga, og ein lærer noko nytt kvar gang. I år starta dei med eit trenar seminar på fredagen, og det var veldig lærerikt. Det er ofte slik at ein ikkje nødvendighvis tenker over dei små tinga som kan være utslagsgivende for at ein utøver med spesielle utfordringer skal komme vidare. Då er det flott å samlast for å høyre kva andre gjer, samt at dei andre trenarane får sjå på våres utøvarar også. Dette resulterte i fleire nyttige øvelsar, både på land og i vatn.

På stemnet som går under tilnavnet årets vakraste eventyr, Åpent parastemne i Fjellhamar, der deltok 4 symjarar fra Førde. Andreas Juel Myklebust vart med fra olympiatoppen samlinga, og deltok for første gang på dette stemnet. Han overaska veldig med å perse med 8 sekunder på 50 fri øvelsen, der han no er nær å komme under den magiske 1 minutt grensa. Han viser at han har lært mykje nyttig på nokre få treningar denne helga.

Dei tre andre som deltok var tvillingane Helen og Anita Habrend, samt Mari Stadheim Eikenes (17). Dei er etterkvart erfarne deltakarar på dette stemnet, og er med for tredje gang. Dei synes det er utruleg kjekt å være med, og dei digga å være med til Oslo området på tur. Stemnet berre vekse og vekse, og i år var det med ca 70 deltakarar.
Denne turen er sponsa av Rema 1000 og IKM Testing. Det er svært viktig at symjarar som treng tilrettelagt aktivitetar, også får dei same mulighetene som alle andre tar som ein selvfølge at dei får være med på. Derfor er dette svært viktige middlar som bidrar til økt mangfold og inkludering.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.