Første test på å arrangere renn er fullført
Postet av Førde IL - Skiskyting den 10. Des 2025
Tysdag kveld hadde vi eit test renn for gjengen på skiskyttar treninga. Det var for dårleg føre for skigåing inn på standplass, så det vart med joggesko. Vi sprang ei runde på ca 500m langs gamlevegen 3 ganger med 2 skytingar. Resultat finn du på Eqtiming ( https://live.eqtiming.com/79843#dashboard ). Etter på var det samling i skihytta med litt mat og god drikke. Der vart det delt ut diplom for dei som fullførte skiskyttarskulen.

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.