Treningsleir i Spania med Førde United
Postet av Førde IL - Handball den 21. Mai 2026
Mandag denne veka starta Førde United sin etterlengta treningsleir i Spania. Ekstra gledelig at også Florø og Skavøypoll sine lag i Hjerteligaen ville bli med. Dermed vart vi heile 53 personar på turen. Førde United har lenge planlagt turen til Santa Susanna nord for Barcelona. Terje Holvik, Moises Romero og Tina Strand sørger for at 14 spelarar og øvrige av dei totalt 22 i reisefølget får gode handball-økter kombinert med ferieliv av beste sort. -Vi har det heilt fantastisk her nede, seier Terje. Sommaren kom til Barcelona akkurat når vi kom. Vi har kun hatt sol og flotte forhold, seier han. Topp hotell, all inclusive, flott basseng-område og stranda rett ved. Terje seier at alle verkeleg storkosar seg, i det som også er ein forsinka jubileumstur etter 13 års aktivitet med dette laget. Escape Travel (tidl. Indre Østfold Reisebyrå) står for eit supert opplegg. Buss står klar og fraktar oss til/frå trening, i tillegg til sightseeing onsdag. I føremiddag har vi hatt sesongens siste trening, ilag med dei andre laga, seier ein oppglødd trenar. No blir det fridag med strandliv før vi forflyttar oss til hotell nær Barcelona by siste 2 dagene, seier Terje.










Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.