J 14 i Fredrikstad Cup

Postet av Førde IL - Handball den 25. Mai 2026

Sterk innsats og A-sluttspel for Førde-jentene i Fredrikstad Cup i Handball.


Ei flott langhelg i Fredrikstad med deltaking i Noregs største handballturnering.


Heile 70 lag stilte i Jenter 14-klassen, og Førde-jentene leverte ei sterk turnering. Dei vann pulja si og tok seg til A-sluttspelet.


I åttedelsfinalen vart det siger 17–13 mot Bækkelaget. I kvartfinalen møtte dei Gresvik 1 i ein jamn kamp. Førde leia 7–5 i ein periode av andre omgang, men det enda til slutt med eit knepent tap 10–8.


Gresvik 1 gjekk heilt til finalen og enda som nummer to i turneringa, etter eit finaletap 11–10 mot Skogstrand 1.


Ei turnering prega av god innsats, skavankar og blåmerke, og mange sterke opplevingar for Førde-jentene. Til slutt, takk til det fantastiske trenerteamet med Bernt Ove(BOB) og Monica Berntsen👏👏👏


Som ein kan sjå av bilde, er spelegruppa sårbar med berre 9 spelarar, men dette blir godt kompensert av ei engasjert foreldregruppe med mange som stiller opp og heiar fram laget.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.