Sveinung Fristad 90 år!
Postet av Egil Nestande den 22. aug 2026
Superveteranen Sveinung Fristad fyller i dag 90 år. Heilt sidan dei fyrste åra med orientering som organisert idrett i «gamlefylket», har Sveinung vore å finne på startlistene til orienteringsløpa i krinsen. Oftast også på toppen av resultatlistene i etterkant av løpa. Få eller ingen har vore meir trufast til å delta på arrangerte løp. Og ikkje berre på lokalt nivå her i krinsen. Også på landsbasis og internasjonalt har Sveinung utmerka seg ved mange høve. Ja, så langt av garde som i Australia og Brasil har han deltatt og notert seg med gode plasseringar.
Orientering har kanskje vore Sveinung sin største lidenskap, men han har også hatt fleire andre interesser og lidenskapar. I song og musikk har han engasjert seg like mykje og aktivt. Såleis fekk han i 2004 Askvoll kommune sin kulturpris.
Mitt fyrste møte med Sveinung i orienteringsløypa var under eit løp tidleg i 1970-åra på Vereide, den gongen Gloppen og Sandane var kjerneområdet for orientering i Sogn og Fjordane. På det løpet låg ein post langt nede i eit ravineområde der undergrunnen var småsteinsur i blanding med grovpukk og grus. Eg var i ferd med å ta meg forsiktig ned gjennom ura til posten da Sveinung kom farande og rausa ned gjennom ura så stein og grus skvatt i alle retningar. Eg vart både skremt og imponert!
Kor mange o-løp Sveinung har gjennomført, veit han knapt nok sjølv. Det som er sikkert er at dei han har starta i har han også fullført. Å bryte eit løp har vore uaktuelt, trass i ekstremvær eller skeivplassering av postar. Men det har hendt at han etter målgang, har gitt løypeleggaren ei kraftig «resonnering» for bortgøymd og ureglementær plassering av postar.
Sveinung har ikkje berre ei lang karriere som aktiv o-løpar. Han har og vore ein organisator på mange område, og var i åra 1978-1979 leiar i Sogn og Fjordane Orienteringskrins. Etter fleire 10-år som aktiv orienteringsløpar og framleis med stå-på-vilje, er og blir Sveinung ei legende i orienteringsmiljøet. Når han i dag rundar 90 år, er vi mange som helsar og gratulerer med 90-årsdagen!
Logg inn for å skrive en kommentar.