Velkomen til Førde IL Turn - Viktig informasjon!
Postet av Førde IL - Turn den 23. aug 2026
Dei komande vekene vil vi arbeide med å oppdatere og vidareutvikle heimesida til Førde IL Turn. Målet er å gjere det enklare for både foreldre, føresette og turnarar å finne informasjonen dei treng gjennom sesongen.
Viktig: Last ned Spond og bli med i rett gruppe
Spond er den viktigaste informasjonskanalen vår i det daglege. Her deler instruktørar oppmenn og styret informasjon om:
- Treningar
- På- og avmelding
- Arrangement
- Aktivitetsdagar
- Gymfestar
- Viktige beskjedar gjennom sesongen
- Dugnad
Det er svært viktig at alle foreldre og føresette lastar ned Spond-appen og melder seg inn i rett gruppe.
Vi oppmodar også alle om å:
- Aktivere varslingar i Spond
- Svare på invitasjonar og aktivitetar
- Registrere fråvær dersom turnaren ikkje kjem på trening
- Er du oppmann? Må du melde deg inn i gruppa som medlem, for å kunne administrere og dele informasjon i gruppene.
Dette gjer det enklare for instruktørane å planleggje og skape ei best mogleg treningsoppleving for alle.
Hugs også Min Idrett
Alle aktive turnarar må vere registrerte i Min Idrett. Dette er nødvendig for medlemskap, forsikring og deltaking i aktivitetar gjennom Norges Idrettsforbund.
Dersom du ikkje har registrert barnet ditt i Min Idrett, ber vi om at dette blir gjort så snart som mogleg.
Om barnet ditt ikkje er meldt inn etter 2 purringar står barnet i fare for å miste plassen sin!
Lenke til påmelding:
- Hvordan opprette bruker med Idrettens ID? (idrettsforbundet.no)
- Legg til barn (idrettsforbundet.no)
Praktisk informasjon
Treningsklede
For å få best mogleg utbytte av treningane anbefaler vi at turnarane møter i turndrakt og tights. Det er også fullt mogleg å nytte tettsittande overdel saman med shorts eller tights.
Vi turnar helst barbeint, då dette gir betre grep og kontroll under trening.
Turnarar med langt hår må setje håret opp før trening, gjerne i flette eller knute.
Vi har eit avgrensa lager av turndrakter som kan kjøpast ved å kontakte styret eller sende e-post til fordeturn@gmail.com. Det vert også gjennomført felles bestillingar av klubbklede med jamne mellomrom.
Oppmøte
Alle treningar går føre seg i Dragehallen, Sanderplassen 14, 6800 Førde.
Turnhallen ligg på baksida av Naustdal Dampbakeri og er eit naturleg samlingspunkt for turnaktiviteten vår gjennom heile året.
Treng du hjelp?
Dersom du ikkje finn informasjonen du leitar etter, eller treng hjelp med Spond eller Min Idrett, er du velkomen til å ta kontakt med oss.
📧 fordeturn@gmail.com
Turnglede • Meistring • Fellesskap 💜🤸♀️🤸♂️💜
Logg inn for å skrive en kommentar.