Førde Langrenn inviterer til ny skisesong 2026/2027!

Postet av Førde IL - Langrenn den 24. sep 2026

Frå veke 43 (22.oktober) og fram til snøforhold på Langeland har vi følgjande treningstider:
1.- 3. klasse: kl. 17.00 - 18.00 (inne i Førdehuset)

4.- 7. klasse: kl. 17.00 - 18.00 (ute på festplassen, rulleski/rulleskøyter)

8.- klasse og eldre: kl. 18.00 - 19.30 (rulleski)

Ved snøforhold har vi følgjande treningstider kvar torsdag på Langeland Skisenter:

1.- 3. klasse: kl. 18.00 - 19.00

4.- 7. klasse: kl. 18.00 - 19.00

8.- klasse og eldre: kl. 18.00 - 19.30

Informasjon om treningane blir lagt ut på Spond. Ved registrering på Isonen vil du få invitasjon til Spond-gruppe.

Om du betaler treningsavgift, og barnet ditt vel å gi seg etter nokre treningar - får du pengane tilbake.

Fritidskortet: Fritidskortet gjev barn og unge mellom 6 og 18 år i familiar med utfordrande økonomi støtte til å delta i organiserte fritidsaktivitetar. Førde Langrenn er ein del av denne ordninga. Les mer om ordninga eller opprett Fritidskonto i Friskus for å byrje å bruke Fritidskortet.

Dette får du som medlem av Førde Langrenn:
Rabatt på Intersport Førde
Rabatt på årskort Langeland skisenter
Gratis påmeldingsavgift på krinsrenn (gjeld ikkje karusellrenn)
Ditt barn får gleda av å kunne gå på ski!
Rabatt på klubbtøy frå Trimtex

Påmelding: Langrennstrening Førde Langrenn 2026/2027 | iSonen


Logg inn for å skrive en kommentar.