Natt-orientering 4.10 - med resultat

Postet av Førde IL den 30. Sep 2023

Onsdag 4. oktober startar natt-o-sesongen. Førde IL Orientering har 5 løp denne hausten. Starttidspunkt vil variere litt, etter når mørkt det er ute. Første løp har frammøte i grushola før Byrkjeflot (Kinna) kl 19.30. Det er 1 km å gå til start for alle løyper. Løypelengder A-lang 4,3 km, A-kort 2,1 km og C-løype 1,4 km. Ikkje N-løype på natt-o-løp. Bildet over viser C-løypa.  Husk å ladde lykta i tide. Påmelding ved frammøte. Gratis deltaking. Vel møtt! 

RESULTATLISTE:

A-lang
Mark Purkis 39,21
Håkon Grønli 40,29
Anders F. Slåtten 42,41
Torbjørn Holsen 45,58
Torbjørn Os 57,22
Torodd Os 67,52
Yngve Årdal 73,21

A-kort
Marius Langballe Dalin 33,17
Knut Folkestad 33,30
Kurt Grønli 33,42
Norvald Ospehaug 36,41
Anja Sægrov 41,00
Helge Schei 45,38
Anita Eilertsen Hole 57,55
Knut Even Hole 58,30


Terminliste natt-o-løpa:
Ons. 4.10   Kinna, Byrkjeflot.  Ansvarleg:  Gunnar      
Ons. 11.10  Klappene, Soleide. Ansvarleg:  Jostein  
Ons. 18.10  Digernesvatnet, Langeland nord, aust. Ansvarleg Mark / Charlotte
Ons. 25.10   Bekkjevatnet, Langeland nord, vest.  Ansvarleg: Torodd. Lagsmeisterskap      
Ons. 1.11   Hafstadparken, FIL Huset. Ansvarleg:  Yngve/Harald



Klarer vi 100 på turorientering?

Postet av Førde IL den 28. Sep 2023

Så langt er det kring 90 deltakararar som har registrert seg deltakarar på turorientering. Klarar vi nokre til, slik at vi passerer målet om 100 deltakarar i år? 

Oppfordrar alle aktive o-løpararar, og andre som likar tur i skog og mark, til å bli med. Tur-o-postane ligg ute til 10. oktober. Bildet er frå post i Movika. 

Karta og meir informasjon finn du her.


2 Kommentarer

Digitale o-kompetansekveldar

Postet av Førde IL den 24. Sep 2023

Invitasjon til digitale kompetansekvelder Norsk Orientering , uke 44 og 45

Norges Orienteringsforbund inviterer til webinar på ukekvelder i perioden 30. oktober til 9. november der målet er å gi inspirasjon og kunnskap og styrke våre felles mål om økt aktivitet og utvikling i orientering.

Det blir et rikholdig og variert program med totalt 16 ulike webinar og vi håper at temaene frister til deltakelse.  Både ungdom og voksne, nye og erfarende er velkommen.  Gratis deltakelse!

Flott om du vil hjelpe med å spre informasjonen til klubbens medlemmer, dele på nettsider og i sosiale medier.

- Programmet for kompetansekveldene kan du lese i helhet her:  høyoppløselig   Program og lavoppløselig  Program

  • Påmelding gjøres i Eventor/forbundsaktiviteter HER (Vi oppfordrer til påmelding før 28. oktober)

Sjå på programmet. Kurs er gratis. Her er det noko for alle. 

Håper at mange frå Førde IL Orientering nyttar moglegheiten å bli med på eit eller fleire! 



Nærløp Slåtten skule 20.9.

Postet av Førde IL den 19. Sep 2023

Klart for årets siste nærløp i orientering onsdag 19. september. Oppmøte Slåtten skule. Start frå kl 18.00. Løyper for alle. Om løypene opplyser løypeleggar: "Ei lita runde i skogen på A/C-løype. Mest gate/skuleområde, og litt grusveg/friområde". 

Påmelding på Eventor, eller ved oppmøte. Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Nærløp Sunde skule 13.9 - med resultat

Postet av Førde IL den 11. Sep 2023

44 løparar på start onsdag 13.9. Løypevinnarar vart: A kort kvinner Vena Fristad, A kort menn Kurt Grønli, A lang kvinner Gøril Fristad, A lang menn Henning Tjørhom, C kvinner Olea Fristad, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Neste nærløp, det siste før nattløpa startar, er onsdag 20.9 med oppmøte Slåtten skule. Påmelding gjer du her. 

--------------------------------------------------------

Det vert nærløp, sprint, onsdag 13. septemberr frå Sunde skule. Start kl 18.00. Løypeleggar melder om A-lang løype på 2,9 km, A-kort på 2,2 km, C-løype 1,6 km og N-løype på 1 km. Skovalg: Det meste av løypene går på fast underlag, men på enkelte strekk kan ein vere innom terreng. 

Påmelding på Eventor eller ved frammøte. Velkomen til alle!

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



KM-vinnarar og Stafett for livet

Postet av Førde IL den 10. Sep 2023

I helga har det vore avvikla KM sprint og KM langdistanse i Sogndal.  På laurdag var det sprint i Sogndal sentrum, og Førde IL Orientering hadde følgjande KM-vinnarar: Kurt Grønli (H70), Håkon Grønli (H17), Gaute Osvoll (H13-14). 

Søndag var det KM langdistanse med startstad i Hodlekve. Der vant Håkon Grønli (H19) og Kjartan Hauger (H50).

Fullstendig resultaliste med strekktider finn du her:

Laurdag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17611
Søndag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17612


STAFETT FOR LIVET
I helga var det også mange i Førde IL Orientering som deltok på Kreftforeninga sitt arrangement Stafett for livet på Førde stadion. Vi hadde folk på bana alle 24 timane, og til tider var det mange som gjekk samstundes. Totalt 800 runder vart gått dette døgnet. Imponerande! For dei som vil støtte Kreftforeninga sitt arbeid, kan ein klikke seg inn her:

https://digitalinnsamling.kreftforeningen.no/team/forde-ilorientering

På bildet Gaute Osvoll som var med på KM-sprint laurdag og Stafett for livet søndag.

Neste nærløp vert onsdag 13.9 med oppmøte Sunde skule kl 18.00. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Stafett for livet 10.-11. sept

Postet av Førde IL den 8. Sep 2023

Førde IL Orientering har også i år meldt på eit lag til Stafett for livet. Mange av dåkke var med i fjor, og eg trur alle hadde det kjekt, sjølv vi som gjekk midt på natta 🙂 Det var ei eiga stemning heile helga på ein måte.

For dåkke som ikkje tar turen til Sogndal og KM denne helga, bli med og ta nokre rundar for O-gruppa i staden for.

Ta med ein venn/venninne, det treng ikkje være eit medlem 🙂

Påmelding kan de gjere her: FIL-Orientering - Kreftforeningens Stafett for livet

Ta kontakt om du lurer på noko og gi gjerne ei tilbakemelding på kva tidspunkt du ynskjer å ha din stafett etappe. Nokre har alt meldt seg, målet er å ha ein på bana alle dei 24 timane.

Stafettstart er laurdag kl 12.00, med avslutning søndag kl 12.00.

O-gruppa vil ha eige telt som i fjor.

Følg gjerne Stafett for livet på Facebook

 Håpar vi sjåast til helga!

Med helsing

Knut Even Hole, "Lagkaptein 🙂"


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Nærløp Høgda 6.9. - med resultat

Postet av Førde IL den 4. Sep 2023

47 løparar på start på nærløpet onsdag 6. september. Løypevinnarar: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellengen, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Elisabeth Kusslid, A-kort menn Knut Folkestad, C kvinner Synnøve Husevåg-Lobben, C menn Anders Mallasvik.  Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

----------------------------------------

Onsdag 6. september vert det nærløp på Høgda, ved enden av Langelandsvatnet. Parkering ved sidan av E39, på vegen som går inn mot Hunsrasta. 

Løypelengder; AL=4,6km, AK=2,8km, C=1,9km, N=1,6km (bildet over).

Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri