O-galla / kompetansehelg

Postet av Førde Idrettslag den 7. okt 2026

Norges Orienteringsforbund inviterer til o-galla / kompetanehelg 31. oktober - 1. november 2026 på Gardermoen.

Spennande innhald. Om nokon frå Førde IL Orientering har lyst til å vere med for å hente inspirasjon til aktivitet i vår klubb, er det mogeleg. Klubben dekker reise og opphald. Skulle det vere mange som har lyst, må vi gjere ei prioritering :) Kan du tenke deg å vere med, ta ein telefon til Knut Even Hole, tlf. 902 01 994, før du melder eg deg på. Det er kort påmeldingsfrist, men stor sjanse for at den blir utsett. 

Her finn du heile programmet: program-kompetansehelg-nof-2026.pdf





Natt-o-løp Langeland 7.10.

Postet av Førde Idrettslag den 5. okt 2026

Velkomen til Nattorientering onsdag 7. oktober frå Langeland skisenter. 

 A-løype vert 3,5  km, B-løype vert 2,2 km og C-løype 1,6 km.
Oppmøte på nedsida av Skihuset med tilgang til garderoben der.
Start kl 19.30, eller når det er mørkt nok. 

Påmelding via Eventor. 

Minner også om INFO om natt-løpa som ligg på Eventor.




Klart for natt-o-løp

Postet av Førde Idrettslag den 28. sep 2026


Fem onsdagar på rad blir det nattorientering i Førde. Onsdag 30. september. Sundsdalen, mot Kinna. Samlingsplass på velteplass på veg oppover langs "hovudvegen". 

Start kl 19.45 (eller når det er mørkt nok). 5 minutt å gå til start. 

Løypetilbod: A=3,7km, B=2,2km og C=1km.

Oppfordrar deltakarane til å med reservelykt og mobiltelefon.
Registrer mobiltelefon når du får kart.

Påmelding Eventor

Vi prøver oss med makstid på 90 minutt på løpet. Bommer ein i starten, ta omsyn til det

Velkomen til nattløp! 




Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest




O-helg i Nordfjord

Postet av Førde Idrettslag den 28. sep 2026

To løp i Nordfjord i helga.
KM nattorientering fredag 2. oktober og orienteringsløp med fellesstart og sommarfugl laurdag 3. oktober. Spennande og kjekk variant av orientering. 

Meir informasjon finn du på Eventor.

Påmeldingsfrist er onsdag 30.9 ved midnatt. Ta turen til Nordfjord og o-løp!




O-løp Slåtten skule onsdag 23.9.

Postet av Førde Idrettslag den 21. sep 2026

Nærløp orientering onsdag 23. september kl 18.00 ved Slåtten skule. Sprint. Løyper for alle - uansett alder og nivå! A-løype 3,4 km, B-løype 2,5 km, C-løype 1,7 km og Nybyrjarløype på 1,2 km (sjå under). Påmelding på Eventor eller ved frammøte. Velkomen til alle! 

Vi har fått beskjed om at desse to på bildet har lyst til å prøve orientering onsdag. Bli med du og! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest