Vinnarar av toppidrettsstipendet frå Førde IL 2017-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Mai 2018


Tradisjonen tru vart Førde IL sitt toppidrettsstipend delt ut under arrangementet i Førdehuset 17. mai. Biletet viser dei tre vinnarane;  f.v. Gjøran Tefre, (langrenn) Karoline Holsen Kyte (friidrett/langrenn) og Håvard Gutebø Bogetveit (skiskyting). Elles fekk Kristian Bell (fotball) Finn Friis Hafstad minnefondspris, han var ikkje til stades når biletet vart teke.

Gratulerer til alle vinnarane!



Helse Førde-stafetten for utøvarar fødde i 2005 og 2006

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Mai 2018

For påmelding til Helse Førde-stafetten for utøvarar fødde i 2005 og 2006 ; send sms til Halvard Brekke - 99556990. Frist 31.05.18.

Du kan også melde deg på barneløp, lang eller kort løype. Individuell påmelding.

Dette er lag påmeldt via Førde IL friidrett. Vi ynskjer at våre løparar stiller opp for friidretten på ulike stafettar og arrangement. Minner om at friidretten har trening måndagar kl 18 på Førde stadion. Velkommen!



Trening fram til skuleferien

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Mai 2018

Trening fram til skuleferien:

Dette gjeld fellesøkter for utøvarar 13 år og eldre. Yngre utøvarar er velkomne, men dei må ha med seg føresette. Rulleski kan de låne på Langeland, men de må sjølve ha med skisko (rottefella) og stavar.

Alle øktene startar kl:18.00 og varer til ca kl:19.30.

Tirsdag 22.mai: Oppmøte ved gamle sementen på veg. Intervall 600m
Torsdag 24.mai: Testløp rulleski skøyting . (Løparane bestemmer sjølv kor mange rundar dei vil gå på 2km. Det blir fellesstart)
Tirsdag 28.mai: Oppmøte bunnpris Bruland, 5x3min for dei yngste, 5x5min for dei eldste.
Torsdag 31.mai: rulleski Langeland klassisk, i hovudsak ei roleg økt med litt hurtighet.
Tirsdag 5.juni: Oppmøte ved hovedinngangen til sjukehuset, roleg joggetur gjennom løypa til helse Førde stafetten.
Onsdag 6.juni: helse Førde stafetten.
Torsdag 7.juni: rulleski Langeland skøyting. Roleg.
Tirsdag 12.juni: Oppmøte Reset, 3 eller 4 minutt intervall 5-6 stk.
Torsdag 14.juni: rulleski Langeland klassisk med hurtighet.
Tirsdag 19.juni: Oppmøte ved gamle sementen på Vie, intevallar 6stk på 600m. 
Torsdag 21.juni: rulleski Langeland skøyting.


Ved spørsmål om øktene ta kontakt med Daniel Tormodset.


Vel møtt!



Påmelding til Helse Førde-stafetten

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Mai 2018










Påmelding til Helse Førde-stafetten onsdag 06 juni 2018.

Dersom du ynskjer å delta for Førde IL langrenn, kan du legge att ei melding i kommentarfeltet (facebook), evt sende ein sms til Daniel Tormodset - 97577437.

Løypegjennomgang vert tysdag 5. juni kl. 18. Oppmøte ved SSSF. Laginndeling vil vere klar måndag 4. juni og vert lagt ut på heimeside/facebook.

Vi har ei nedre intern aldersgrense frå 8. klasse (2004 årgangen i 2018).

Yngre utøvarar vert oppmoda til å stille på barneløp kort eller lang løype.

Påmeldingsfrist: Torsdag 31.05.18