Ungdommens Holmenkollrenn 2024 (for 13- og 14 åringar)

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Des 2023

Ungdommens Holmenkollrenn arrangerast 3. og 4 februar 2024. Dette er det nasjonale rennet for 13- og 14- åringar ( J/G 13/14), og Førde IL langrenn har lang tradisjon for å delta.

Overnatting

Førde IL langrenn har reservert rom i Holmenkollen Park Hotell som ligg i gangavstand frå skistadion. Prisar gjeld per rom per natt og inkluderer heilpensjon med frukost, matpakkelunsj, middagsbuffet og kornbuffet. Heilpensjon startar med middagsbuffet fredag kveld og sluttar med matpakke søndag. 

Enkeltrom 1675,-

Dobbeltrom 2550,-

Tresengsrom 3825,-

Påmelding er bindande og avbestilling må skje seinast sju dagar før ankomst.

For reservasjon av rom, send epost til maramshusa@gmail.com. Frist: 15. januar 2024


Påmelding til renn

Kvar enkelt melder seg på til renn via isonen.no. Link til påmelding finn du på nettsida. 

Ungdommens Holmenkollrenn


Transport

Ordnar ein privat. Planlegg gjerne samkøyring.

Det kan være lurt å reise torsdag eller tidleg fredag, slik at ein rekk å gå gjennom løypa før rennet.


Skismøring

Foreldre må sjølv ordne med skismøring. Førde IL langrenn har meldt inn ynskje om smørebod.

Smøretips finn du på https://superski.no


Refusjonsordning

Førde IL langrenn støttar sine utøvarar med kr 1000 ved deltaking i Ungdommens Holmenkollrenn. Søknad og kvittering for utgifter sendast til Asgeir.Tveit@vestrev.no .











Førde Langrenn inviterer til Ribberennet 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Des 2023

Førde Langrenn inviterar til det tradisjonsrike Ribberennet
ved Langeland skisenter andre juledag. Ribberennet inngår i SSF cup for juniorerog rekrutter. 

Vi håper at alle utøvere, fra dei yngste til seniorer og veteranar stiller opp for å løyse opp julefloka og trimme ribbefettet. I tradisjon tro arrangerast Ribberennet andre juledag, 26. desember. 

Starttidspunkt: 13.00

Stad: Langeland ski- og fritidssenter

Under finn ein innbyding, dugnadsliste og lenke til påmelding i samband med arrangementet. Artikkel vil oppdaterast med løypekart når ver og føreforhold er meir avklart. 

Innbyding Ribberenn SSFcup.pdf

Påmelding: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2023/12/ribberennet-2023/

Dugnadsliste ribberennet 2023.pdf





Dugnadslister for sesongen.

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Des 2023

DUGNADSLISTE SKIRENN 2024.

Skisesongen er i gang og vi er klare for skirenn på Langeland. Dei fleste som har barn som er med på trening i regi av langrennsgruppa blir sett opp på ei eller fleire dugnadsvakter på Førde Langrenn sine arrangement.

Dersom oppsett vakt ikkje høver for deg prøv og bytt innbyrdes- gi gjerne beskjed til rennleder ved byte:)

Tusen takk til alle som stiller på dugnad, uten dokke hadde vi ikkje klart arrangere skirenn for barn og unge:-) 


Ribberennet 26 desember:

ribberennet 2023 1.pdf


Dugnadsdliste for Karusellrenna:

Dugnasliste karusellrenn nr 1 - 2024.pdf

Dugnasliste karusellrenn nr 2 - 2024.pdf

Dugnasliste karusellrenn nr 3 - 2024.pdf

Dugnasliste karusellrenn nr 4 - 2024.pdf

Dugnasliste karusellrenn nr 5 - 2024.pdf

Dugnasliste karusellrenn nr 6 - 2024.pdf


Karusellrenna samla;

Dugnasliste karusellrenn 2024 samla.pdf


Dugnadsliste for Sone og Kretsrenn;

Dugnadsliste krets og sonerenn 24 samla 2.pdf


Her finn ein gjeremålsliste for alle som skal vere med og arrangere renn for Førde IL Langrenn:

gjerema-lsliste-karusellrenn-og-kretsrenn-2024.pdf






Langrennstreninger på snø fremover

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Nov 2023

Det har kommet stabile snøforhold på Langeland Skisenter

Det pågår snøproduksjon på stadion området og i deler av løypa som ein må vise omsyn til. OBS stadionområdet er STENGT. Frå og med denne veka (veke 48) vert langrennstrening for alle grupper flytta til Langeland Ski- og Fritidssenter. OBS nytt tidspunkt for yngste grupper!
1-4 klasse: torsdag 1. desember kl 18, oppmøte ved «ny» del av parkeringsplass.
Her blir skileikområde. Glatte ski. 
5-6 klasse: torsdag 1. desember kl 18 , trening ute i løypa med glatte ski.
Obs tilkomstvtil løypa via «ny» del av parkeringsplass. 
7. klasse og eldre: tirsdag og torsdag kl 18. obs tilkomst løyper, sjå over. T
irsdag: klassisk - blå extra føre


Vel møtt :)






Parkeringskort Langeland skisenter

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Nov 2023

Fra 1. januar vert det igangsett ny betalingsløysing ved Langeland skisenter. Sjå informasjon på skisenterets FB side (https://www.facebook.com/langelandskisenter). Førde Langrenn tilbyr rabatterte årskort ved skisenteret, til kr 500.

For å få kjøpt årskort for 2024 ved Langeland skisenter til rabattert pris, må ein 

- Vere medlem av Førde IL Langrenn, eller

- Vere registrert som foresatt til utøver i Førde Langrenn

Interesserte sender epost til bjorkhauganders@gmail.com innen 15 desember med
Navn, epost, telefonnummer og registreringsnummer på bil

Førde Langrenn vil så levere ei samleliste med namn, og betale samla til skisenteret. Dette vert så fakturert ut fra oss i etterkant.

I staden for å levere ut oblat, legg skisenteret Reg.nr på bilane inn på ei såkalla kvitliste i systemet til inPark. Då kan desse parkere ved skisenteret som tidlegare utan å merke noko som helst.
Dei som vil ha registrert bil nr 2 betaler kr 250 for denne, føresett at det er same eigar/same familie som bil nr 1. Dette kan gjerast gjennom inpark.no som nevnt på FB-sidene til skisenteret. 




Hugs å melde inn i eigen FB-gruppe for foreldre og utøvere

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Nov 2023

Førde IL Langrenn oppretta i haust ei ny lukka gruppe for utøvere og foresatte. Denne er kun open for medlemmer og ev. deira foresatte. Her vi vi publisere relevant informasjon om treninger g arrangement som vi ønskjer holde i lukket fora. 


Link til gruppa her: Førde IL Langrenn - gruppe for utøvere og foresatte





Bli med på miljø- og familiesamling til Beitostølen 24.-26 november.

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Nov 2023

Innkvartering:                   I hytter ved Knuts Hyttegrend.
                                           Sjå 
http://knuts-hyttegrend.no for meir informasjon om hytter/ leiligheiter. Førde                                                          IL vil sponse overnatting for sine utøvarar. For foreldre og sysken kan                                                                         det bli ein eigendel for vaksne på opp til 1000 kr og for born opp                                                                                til 400 kr.
  

Transport:                          Transport organiserar ein privat.

 

Måltider:                            Måltider ordnast sjølvstendig ved dei respektive hyttane.
                                           Vi legg opp til to felles måltid på laurdagen, og sosial samling laurdag kveld.
                                           Middagen vert dekka av Førde Langrenn.

 

Treningsøkter:                  Ein planlegg gruppebasert trening etter alder.
                                           Påmelde utøvarar blir tilsendt detaljprogram for samlinga.  

 

Treningsavgift:                 Ingen treningsavgift.

 

Påmelding:                        Utøvarar og føresette melder seg på til; maramshusa@gmail.com
                                              

Frist for påmelding:          Onsdag 15. november 2023.


 Påmelde utøvarar og foreldre vert tilsendt detaljinformasjon om samlinga i god tid før samlingsstart.


 Vel møtt til skisamling 😊

 





Bestilling av klubbkle for Førde Langrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 24. Okt 2023

Nettbutikken for kjøp av klubbkle er nå åpen! Svært beklageleg vert leveranser fra Trimtex forskyve pga stor pågang og ny webshop løysing. Dette betyr at det er låg sannsynlighet for at levering vert før jul/nyttår. Dette kan vi diverre ikke gjere noko med. 

Her følgjer informasjon om bestillingsprosedyrer fra Trimtex: 

VIKTIG informasjon før pålogging - Trimtex har nå lansert en ny versjon av våre Teamshops og alle kunder må derfor opprette NY KONTO i henhold til veiledningen. Se video her.

En veiledning for hvordan du oppretter ny konto, logger inn og legger til din teamshop finner du her.

Du får tilgang til din teamshop ved å klikke på denne linken.
Første gangen du logger inn blir du og bedt om å legge til din unike teamkode: fordeillangrenn-1613
 
Bestillingsfrist: 12/11/2023
 
Etter å ha fullført et kjøp i teamshoppen vil du motta en ordrebekreftelse.

Det er viktig å bestille innen tidsfristen. Vi kan dessverre ikke legge til ordre som kommer inn etter teamshop er stengt.
 




Velkommen til fellestrening 1-6 klasse haust 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Okt 2023


Velkommen til fellestrening for Førde IL langrenn hausten 2023!

Vi starter opp med første fellestrening torsdag 19. oktober kl 17 for alle aldersgrupper!

Plan for økta er bli kjend i gruppa, leik og moro, og få litt informasjon

NB! Dette fraviker litt fra tidlegare oppsatte informasjon ved at 5-6 klasse vert med på inneøkta nå på torsdag. Vi ønskjer samle alle barn i lag til første møte til ei innandørs økt i hallen på Førdehuset. Foreldre er velkomne til å delta for å få litt informasjon for hausten.

For opplegget videre utover hausten, ønskjer vi inntil vidare å dele gruppen i 2 hovudgrupper, framfor opprinneleg oppsett med 3 grupper. Treningene vert difor sett opp som følgjande: 

Gruppe 1-3 klasse: Innendørs trening Førdehuset kl 17-18.
Kontaktperson: Kristin Syltesæter

Gruppe 4-6 klasse: Utendørs trening Hafstadparken kl 17-18.
Fokus er tilvenning rulleski/rulleskileik og barmarkstrening.
Kontaktperson:  Kennet Dvergedal

Meir informasjon om fellestreningene vert publisert og formidla på nettsider/facebook, samt på treningane. For dei som har meldt seg inn i Førde Langrenn, anbefaler vi at de ber om å få komme inn i lukka gruppe for foreldre/utøvere på Facebook: Førde IL Langrenn - gruppe for utøvere og foresatte

For dei som ikke har meldt seg inn enda: Kom gjerne på trening for å sjå kva som skjer, prøve seg, for så å melde seg inn om ein har lyst å vare med. 

Vel møtt torsdag! 




Prøve deg på rulleski?

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Sep 2023

Har du lyst til å begynne med langrenn? Er du nysgjerrig på å prøve rulleski?
Laurdag 30. september kan barn og unge i alle aldre få prøve seg på rulleski under rettleiing av aktive langrennsløpere. Vi har både rulleski og skisko som ein kan låne.
Du finn oss utanfor Førdehuset frå kl 11-14, litt avhengig av kor vått det blir.


Langrennsgruppa i Førde IL starter etter høstferien opp med fellestreningar, der medan vi venter snø trener på barmark, og dei litt eldre gruppane  også trener på rulleski. Vi vstartar også eit tilbod med leik og ferdighetstrening på rulleski for yngre aldersgrupper.

 Klikk her om du er interessert i å melde deg på langrennstrening.




Fellestrening frem til sommeren

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mai 2023

Fellestrening for guter og jenter fødd 2010 og eldre starter opp fra tysdag 23. mai. For dei yngste er det kjekt om foreldre kan delta ved treninga også, då vi har begrensa trenerressurser. Første økt vert på idrettsbane ved Førdehuset. Vedlagt her ligg program for fellesøkter fram til skuleferien.

Det vert lagt opp til både løpsøkter og rulleskiøkter. Nokre av rulleskiøktene vert lagt andre stader enn Langeland skisenter, som til dømes Angedalen, Sundsdalen eller Haukedalen. Dette er på trafikkert vei. Vi henviser her til rulleskivettreglene (https://www.tryggtrafikk.no/ga/rulleskivettreglene/). Born under 15 år bør ikkje gå rulleski på trafikkert veg (med mindre dei har ei foresatt til følgje). 

Hjelm og sterkt synlege klede (som t.d. refleksvest) er påbudt. Refleksband er ikke godt nok aleine i vanleg dagslys. Dersom nokon manglar dette, vil dei ikke få delta ved treninga. 

Trenere deltek ved treningane tysdag og torsdag. Laurdagstreninga er forslag til økt med oppmøte tid/stad. Ein oppmoder til at utøverene avtalas innbyrdes

Førde Langrenn har meldt på 2 lag til Helse Førde stafetten. Vi legg ut info om dette i eget skriv. 

Vel møtt på trening! 





Treningsplan-Førde-Il-Langrenn-2324.xlsx




Førde Langrenn klubbkle nettbutikk er nå open . sommer/vinterkolleksjon

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Apr 2023

Nettbutikken for kjøp av klubbkle er nå åpen!. Både sommerkolleksjon og vinterkolleksjon er tilgjengelig i nettbutikken.

Under følger informasjon om hvordan du går frem for å logge inn i webshopen.
 
Nettbutikken stenger 28.04.2023 med forventet levering i uke 24.
Rabattkoden Forde25 gir 25% avslag på alt av andre varer i nettbutikken ut over klubbkolleksjonen som allerede er rabattert. 
 
Det er viktig å bestille innen tidsfristen. Vi kan dessverre ikke legge til ordre som kommer inn etter teamshop er stengt.
 
Her er en rask innføring i hvordan du logger deg inn og handler i nettbutikken: Se her
Klikk deg inn på linken her for å komme til nettbutikken: https://trimtex.no/no/search?cgid=TS0001613 
 
Velg «Logg inn» om du allerede er registrert som bruker på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gang du bestiller fra oss. På mobil må du scrolle litt nedover på siden for å finne disse to valgene.
 
«Teamkode for innmelding» trykk «Logg inn»
 
Hvis du skulle komme bort fra siden, kan du logge inn med aktiveringskode/teamkode: Fordelangrenn22
Er du usikker på hvilken størrelse du skal velge, se vår informasjonsfilm her.
 
Du skal motta en ordrebekreftelse fra oss når din ordre har gått gjennom.
 
Vi anbefaler å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt, f.eks vil brukere av Internet Explorer kunne oppleve noen problemer.
 
Hvis noen har problemer med å logge inn, eller andre henvendelser, nøl ikke med å ta kontakt enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.




Påskebingo 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 1. Apr 2023

Klar for påske? Klar for aktiviteter? Klar for Påskebingo?

Her har vi laga eit knippe aktivitetar som heile familien kan sysle med i påska. Ta med deg vener, syskenborn, nabo, besteforeldre og kanskje ei gymlærar. Finn nivået ditt, eller kanskje du tek alle tre nivå i løpet av påska? Ta gjerne bilete og del på instagram eller ande sosiale medier, men husk å tagge @fordelangrenn slik at vi kan følgje med. 



Under har vi lagt inn 3 ulike Påskebingoer med ulike nivå. Du kan skrive ut dokumenta, slik at dui kan krysse ut bingoen. Får du bingo på vassrett, loddrett eller på kryss, får du nok ei ekstra påskesjokolade i påskeegget.

Nivå 1: Passer best dei aller yngste
Nivå 2: Passer barn og unge i alderen 8-14 år (men kan faktisk passe alle)
Nivå 3: Passer dei eldste

Syns du noko er vanskeleg, så kanskje du får det til i lag med ei ven, ei søster, far eller mor, eller bestemor? Ha ei retteleg god påske alle samen!!

Påskebingo 2023 - del 1.pdf

Påskebingo 2023 - del 2.pdf

Påskebingo 2023 - del 3.pdf





SSFkarusell SkiCross, 05. mars 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Feb 2023

Førde IL og Gaular IL inviterar til SSFkarusell/ Sonerenn, søndag 05. mars 2023.

Sonerenn med følgande øvingar:

- 10 år og yngre: Langrennscross med intervallstart.

- 11 år og eldre: Sprintstafett langrennscross med 2 på kvart lag.

- Open klasse: Sprintstafett langrennscross med 2 på kvart lag.

Påmelding:

- 10 år og yngre melder på via Min idrett.
   https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=371612 

- Stafett 11 år og eldre og open klasse melder på via følgande skjema:
   https://forms.gle/12obSkeSg4z4TdQi6

- Betaling av startkontingent for klasse 11 år og eldre gjer ein ved henting av startnummer. 

Innbyding:

Sjå innbyding for meir informasjon.

Innbyding til SSF sonerenn og stafett 050323 1.pdf

Tidsskjema:

Tidsskjema og heatoppsett blir publisert når påmelding er avslutta.

Mannskapsliste:
Mannskapsliste.pdf


Velkommen til ein kjekk skidag på Langeland!


Førde IL/ Gaular IL




Veidekke Kalsetrennet 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Feb 2023


Søndag 26. februar 2023 inviterar Førde IL til det tradisjonsrike Veidekke Kalsetrennet v/ Langeland Skisenter.

TURKLASSE

Påmelding i turklassen før start på Langeland mellom kl 09.00 og 13.00.

Du og alle du kjenner kan bli med.

Ta med vener og familie på ein fin skitur rundt Fauskestøylen (18km) eller Gjøsetstøylen (10km).

KONKURRANSEKLASSE

Innbyding Kalsetrennet 2023 1.pdf

Påmelding (gjer ein via MinIdrett)

Frist for påmelding; 24.02.2023, kl. 23.59

MANNSKAPSLISTE

Mannskapsliste


VELKOMMEN TIL KALSETRENNET 2023


Med venleg helsing
Førde IL Langrenn








Er du klar for Kalsetrennet?

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Feb 2023




SSF lagsmeisterskap og merkerenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Feb 2023

Tysdag 14. februar 2023 inviterar Førde IL og Gaular IL til SSF lagsmeisterskap og merkerenn i friteknikk.

Innbyding lagsmeisterskap fri teknikk og merkerenn 140223.pdf

Påmelding gjer ein via MinIdrett innan måndag 13. februar 2023, kl. 23.59.

SMØRESERVICE
Alle deltakarar som ynskjer det kan få hjelp til skipreparering med gliprodukt før rennet. Merk at ein møter minimum 30 minutt før starttid (startliste vert publisert måndag føremiddag).

Smørarane er på plass frå kl. 17.00.

Mannskapsliste.pdf


Vel møtt!


Med venleg helsing
Førde Langrenn/ Gaular IL





Gratis smørehjelp på SSF Karusellrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Feb 2023

Skal du på karusellrenn på Langeland i morgon, tysdag 07. februar 2023?

No kan du få smurt skia dine gratis før rennet.


I samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, Gjensidigestiftelsen og Erdal Sport tilbyr Førde Langrenn/ Gaular Langrenn gratis smørehjelp til alle deltakarar ifbm. våre karusellrenn framover. 


Tilbodet gjeld alle deltakarar uavhengig av kva klubb ein representerar.


Å nytte seg av smøreopplegget er sjølvsagt frivillig, men vi garanterar topp ski til alle! 


Vi har erfarne smørarar på plass med Kjell Bu, Eivind Skaar, Herman Erdal og Rune Strømmen i spissen. Smørarane er på plass frå kl. 17.00 - du finn dei i garasjen i det nye arenabygget.


NB! Om du ynskjer å nytte deg av tilbodet - møt opp i god tid før start!


NB! Når ein leverar inn ski til smøring så er det fint om skia er rensa/ "blanke".


Les meir om vårt tilbod om smørehjelp her.

Informasjon/ påmelding til kaursellrenn nr. 3/ tysdag 07. februar 2023.


FIL Langrenn ynskjer alle hjarteleg velkomne til Langeland!






SSF Karusellrenn nr. 3, 07.02.2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Feb 2023

Tysdag 07. februar 2023 er det klart for renn nr. 3 i SSFkarusellen på Langeland.

Stilart:
Klassisk

Første start:
Kl. 18.00

Info./ innbyding:
Innbyding karusellrenn 3 2023.pdf

Påmelding gjer ein via MinIdrett

Frist for påmelding:
Måndag 06. februar 2023, kl. 23.59

Dugnadsliste
Mannskapsliste.pdf

Med venleg helsing
Førde IL/ Gaular IL




No vert det gratis smørehjelp på alle karusellrenn?

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Jan 2023

Vi har inngått ny sponsoravtale med Sparebanken Sogn og Fjordane og no vil vi tilby gratis smørjing av ski før alle karusellrenn! Kanskje vert det Skandinavisk Cup på Langeland også?

Les meir om saka her: https://www.ssf.no/meirennbank/forde-il-langrenn/




Samleside for KM 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2023


På denne nettsida finn ein all relevant informasjon om KM-helga på Langeland, 27.-29. januar 2023.

(Informasjonen er sist oppdatert (27.01.2023, kl. 21.55) med startliste-prolog, og tidsskjema for avvikling av KM Sprint Friteknikk, 28.01.2023).



WhatsApp-gruppe for utøvarar, føresette og funksjonærar.



PROGRAM

Fredag, 27. januar 2023

KM Friteknikk (frå klasse 11 år og eldre)

Merk: Første start, kl. 18.30

Resultat KM Friteknikk.pdf

Startliste

Innbyding KM friteknikk.pdf (oppdatert per 22.01.2023)

Løypekart KM Friteknikk.pdf

Med bakgrunn i verprognonsane med mykje nedbør framfor KM-helga, legg arrangøren opp til å bruke løypene med kunstsnø i samband med KM Friteknikk. Om vertilhøva tillet det, vil arrangøren på kort varsel ev. endre konkurransetraseane frå kunstsnøløypene og over til dei tradisjonelle traseane på Langeland. Denne avgjersla blir tatt seinast fredag 27. januar 2023, kl. 15.00, og ev. nye løypekart blir publisert her.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste

Laurdag, 28. januar 2023
KM Sprint Friteknikk (ope for alle klassar).

Merk: Første start, kl. 12.00

Resultatliste prolog

Resultatliste 11 år og eldre/ Heat.pdf

Startliste (prolog)

Tidsskjema Heat.pdf

Innbyding sprint KM.pdf (oppdatert per 22.01.2023)

Løypekart KM Sprint.pdf
NB! Ver merksam på at løypelengdene avvik noko i høve til opplysningane i invitasjonen til arrangementet.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste

Informasjon om KM Sprint Friteknikk

Ein legg opp til følgjande arrangementavvikling i samband med KM sprint. Merk at antal påmeldte vil kunne ha innverknad på korleis sprinten vert gjennomført. Ein tek sikte på at også klassene 11 år og eldre har element av skicross i sprinten, men det vil avhenge av snøforhold. 

For klassene 10 år og yngre blir rennet gjennomført med ein «prolog» - det vil seie enkeltstart med løype med skicrosselement. Det vert ikkje heat-gjennomføring for denne aldersgruppa. I tillegg vil det dersom gode nok snøtilhøve bli lagt til rette for eit skileikområde og ekstra «rakettløype» på skisenteret. 

For klassene 11 og 12 år blir rennet gjennomført slik:

  • Alle går prolog, løypelengde ca 500m
  • Alle i klassene 11-12 år går to finaleheat
  • Finaleheat blir sett opp etter rangering i prolog (blanda klasse/kjønn 11-12 år). 
  • Heatoppsett: Dei 5-8 svakaste prologtidene går i heat 1, dei 5-8 neste prologtidene i heat 2 osv. Dei 5-8 beste prologtidene går då i siste heat.
  • Etter første heatrunde rykker dei to best plasserte opp til heatet over og dei to sist plasserte til heatet under gjeld ikkje heatet med dei best plasserte etter prolog, der rykker kun to ned, og i heatet med dei lågast plasserte etter prolog, der rykker kun to opp)
  • Det blir notert poeng per heat, som ein summerer opp etter alle har gått to heat (sjå poenginformasjon under). Endeleg plassering blir då rekna ut etter det andre heatet. 
  • Rangering til slutt etter kjønn og alder i opphaveleg klasse (J11, G11, J12, G12). 
  • Gjennomføring er lagt opp slik med føremål om mest mogleg tette heat og jamne duellar. 

For klassene 13 år og eldre rennet gjennomført slik:

  • Alle går prolog, løypelengde 700-800 m
  • Alle i klassene 13 år og eldre går tre finaleheat
  • Finaleheat blir sett opp etter rangering i prolog (blanda klasse/kjønn alle 13 år og eldre). 
  • Heatoppsett: Dei 5-8 svakaste prologtidene går i heat 1, dei 5-8 neste prologtidene i heat 2 osv. 
  • Etter første heatrunde rykker dei to best plasserte opp til heatet over og dei to sist plasserte til heatet under (gjeld ikkje heatet med dei best plasserte etter prolog, der rykker kun to ned, og i heatet med dei lågast plasserte etter prolog, der rykker kun to opp)
  • Det blir notert poeng per heat, som ein summerer opp etter alle har gått tre heat (sjå poenginformasjon under). Endeleg plassering blir då rekna ut etter det andre heatet. 
  • Rangering til slutt etter kjønn og alder i opphaveleg klasse. 

Poengberekning og sluttresultat 

  • Det er ikkje tidtaking i heat, der er det kun plassering som gjeld
  • 1. plass i heatet med dei beste prologtidene (heat A) gir 1 poeng, 2 plass i heat A gir 2 poeng osv. Om ein tek utgangspunkt i 6 stk i heat A, vil 1. plass i heatet med plassering 7-12 i prolog gi 7 poeng. Etter tre heat (to for 11-12 år) vil ein stå med tre (to for 11-12 år) poenggivande plasseringar som summerast og gir ein totalscore. 
  • Gjennomføring er lagt opp slik med føremål om mest mogleg tette heat og jamne duellar. 
  • Det vil på denne måten lønne seg å prøve å få best mogleg plassering i kvart heat, både for å prøve på evt «opprykk» og på poengsummering til slutt. 
  • Rangering til slutt etter kjønn/alder 


Søndag 29. januar 2023
KM klassisk (ope for alle klassar)

Merk: Første start, kl. 12.00

Resultatliste

Startliste

Innbyding KM klassisk.pdf (oppdatert 22.01.2023)

Løypekart KM Klassisk.pdf

Med bakgrunn i verprognonsane med mykje nedbør framfor KM-helga, legg arrangøren opp til å bruke løypene med kunstsnø i samband med KM Klassisk. Om vertilhøva tillet det, vil arrangøren på kort varsel ev. endre konkurransetraseane frå kunstsnøløypene og over til dei tradisjonelle traseane på Langeland. Denne avgjersla blir tatt seinast laurdag 28. januar 2023, kl. 18.00, og ev. nye løypekart blir publisert her.

Teknikksone
Det er planlagt å ha ei teknikksone der berre diagonalteknikk kan nyttast. Sona vert merka med skilt og linje i snøen. Funksjonær held kontroll med teknikksona.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste


KM- og jubileumsbankett, laurdag 28. januar 2023

I samband med KM-helga, og at Sogn og Fjordane Skikrins feirar 100 år i 2023, blir det lagt opp til bankett ved Scandic Hotel Sunnfjord, laurdag 28. januar. Her blir det premieutdeling, middag, og litt underhaldning.

Banketten er gratis for alle utøvarar.

For meir informasjon og påmelding - sjå skikrinsen sine nettsider.


Tilbod om overnatting v/ Scandic Sunnfjord Hotell & Spa
Saman med arrangøren tilbyr Scandic Sunnfjord Hotell følgjande overnatting i samband med arrangementet:  

Middag er inkl. i rompris.

- Fredag, varmmat

- Laurdag, varmmat/ dessert.

For bestilling av rom – kontakt: Scandic Sunnfjord Hotell & Spa.

Tlf. nr.; 57 83 40 00.

E-post; sunnfjord@scandichotels.com

Frist for bestilling av overnatting/ opphald er fredag 20.01.2023.

Bookingkode; 48326038



Førde IL og Gaular IL ynskjer velkommen til ei flott KM-helg på Langeland!







SSFkarusellrenn nr. 2, 17.januar 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Jan 2023

Tysdag 17. januar 2023 er det klart for renn nr. 2 i SSFkarusellen på Langeland.

Løypeinformasjon (oppdatert 15.01.2023)

- Klassane 10 år og yngre går vanleg 1km (1 runde)

- Klassane 11-12 år går 2km i lysløypa (1 runde i den ordinære traseen/ rulleskiløypa)

- Klassane 13-14 år går 3km i lysløypa (1 runde)

- Klassane 15-16 år går 5km i lysløypa (1 runde)

- Klassane K17, K18, K19/20, K sr. og K vet. går 5km i lysløypa (1 runde)

- Klassane M17, M18, M19/20, M sr. og M vet. går 10 km (2 runder i 5km i lysløypa)

Stilart:
Klassisk

Første start:
Kl. 18.00

Info./ innbyding
Innbyding.pdf

Påmelding gjer ein via MinIdrett:
https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=371740#

Frist for påmelding:
Måndag 16.01.2023, kl. 23.59.

Dugnadsliste
Dugnadsliste.pdf

Med venleg helsing
Førde IL/ Gaular IL




Resultatliste SSFkarusellrenn nr. 1

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2023

Med nærare 120 deltakarar på startstreken, avvikla Førde IL og Gaular IL, årets første renn i SSFkarusellen på Langeland i kveld (tysdag 10. januar 2023).

Resultatliste karusellrenn 1-2023 2022-01-10.pdf




Startliste SSFkarusellrenn nr. 1

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2023


Over 100 utøvarar stiller til start i samband med årets første SSFkarusellrenn på Langeland, tysdag 10. januar 2023.

Startliste Karusellrenn 1-2023.pdf

Løypeinformasjon:


Løypekart kunstsnø 2023 (003).pdf

- Klasse 10 år og yngre går vanleg 1 km



- Klasse 11-12 år går 2km i kunstsnøløypa = over brua og ta til høgre like etter Skistølen, gå sløyfa som går parallellt med stadion og deretter opp i 1km-løypa rundt hesteskoen og tilbake til stadion.

- Klasse 13-14 år går 3km, dvs 2km + 1 km



- 5 km går 2km + 2km + 1 km

- 10 km går 5 x 2 km


Velkommen til Langeland!






Klare for NorgesCup

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Jan 2023

Heile 12 utøvarar frå Førde Langrenn er klare for NorgesCup på Lillehammer 06.-08. januar 2023.

Frå Førde IL stiller følgjande på startstreken:

M17 år:
- Niklas Bosdal Thorsen
- Martinius Øvrebø Årdal
- Ludvig Rørvik
- Tor Alnes Litsheim

M18 år:
- Aksel Bjørkhaug
- Magnus Furnes Degnepoll
- Stian Vårdal Helle

M 19/ 20 år:
- Thomas Tefre
- Erik Alnes Litsheim
- Martin Espe

K18 år:
- Jenny Sølvberg

K 19/ 20 år:
- Linnea Lundekvam


For meir informasjon (rennprogram, resultatservice m.m.) - sjå arrangøren sine nettsider.


Førde Langrenn ynskjer alle lukke til!




SSF Karusellrenn, 10.01.2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Jan 2023

Tysdag 10. januar 2023 er det duka for årets første karusellrenn på Langeland. 

Nytt av året: Om ein ikkje ynskjer å gå full distanse, kan ein velje open klasse med redusert løypelengde. 

Stilart:
Friteknikk.

Første start:
Kl. 18.30

Info./ innbyding
Info. innbyding.pdf

Påmelding gjer ein via MinIdrett:
https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=371658

Frist for påmelding:
Måndag 09. januar 2023, kl. 23.59

Dugnadsliste
Dugnadsliste.pdf

Med venleg helsing
Førde IL/ Gaular IL