Kakebakarar til premiefesten

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Til premiefesten 7. april treng vi kakebakarar til kakebordet vårt. Erfaringsmessig er skiløparar glade i kaker, så lista er difor ganske lang. Ver snill å sjå om du står på lista. Det er valfritt kva ein vil bake. Både kaker og gjærbakst blir godt tatt imot! 

Kakebakerliste Premiefest 2019.pdf



Kalsetrennet er avlyst

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Kalsetrennet vart utsett frå opphavleg renndato 24. februar. Dessverre har forholda også i mars månad vore slik at det ikkje har vore mogleg å arrangere rennet i aktuell trase. Det har vore gjort fortløpande vurderingar i forhold til å få arrangert dette tradisjonsrike rennet, men beslutningen per i dag 29.3.2019 er at Kalsetrennet 2019 dessverre er avlyst.

Takk til bedriftene som har gitt støtte til arrangementet!



Premiefest søndag 7. april

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Årets premiefest vert arrangert søndag 7. april på Scandic Sunnfjord hotell. Festen startar kl 15:30 og den vil truleg vere ferdig rundt kl 18:30.

Program for dagen:

  • Premiering av dei som har delteke på 4 eller fleire SSF-cup (karusellrenn)
  • Premiering for lagsmeisterskap klassisk og fristil
  • Skimerke
  • Kaker og kaffi
  • Loddsal (10 kr per lodd)
  • Det vert trekt ut premiar for utøvarar som har delteke på alle 6 karusellrenna
  • Det vert trekt ut premiar for dei som har vore dugnadspersonell gjennom sesongen 


PS. Liste over kakebakarar blir lagt ut straks.

Velkommen til fest!



NM del II på Lygna

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Denne helga vert NM del II arrangert på Lygna. Det var teamsprint i går (utan Førde på start), i dag er det 5/10 km fri, laurdag er det 30/50 km klassisk, og helga vert avslutta med finale i Norgescup for juniorar på søndag.

Frå Førde er følgjande løparar påmeldt: 

  • Gjøran Holstad Tefre
  • Gyrid Øygard
  • Ane Brekke

Lukke til!



SSF-cup finalen er flytta til Ullsheim

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Mar 2019

På grunn av dårlege snøforhold og vêrmeldinga framover flyttar Eid IL finalen i SSF-cupen frå Tua til Ullsheim i Stryn førstkommande laurdag. Rennet vert arrangert i samarbeid med Markane IL.

Informasjon om løypelengder, løypekart og påmelding finn de på Skikrinsen sine nettsider: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=325068  





Resultat frå junior-NM

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Mar 2019

Førre helg var 6 løparar frå Førde IL langrenn på junior-NM på Savalen. Det vart fleire gode resultat til Førdeløparane!



KlassiskFristilStafett (krinslag)
Gyrid Øygardk 18612642
Ane Brekkek 19/20283942
Thristan Engebø Ullebøm 17155049
Oliver Bosdal Thorsenm 17515866
Eirik Nordeide Bergm 19/20205191
Synneva Iren Kvilek 19/2068
42





https://www.skiforbundet.no/savalen/start--og-resultatlister/ 



Årsmøte 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2019

Velkommen til årsmøte for Førde IL langrenn onsdag 6.mars kl. 18.30 i FIL-huset!

Aktuelle dokument:

Sakliste årsmøte 2019.pdf

Budsjett 2019.pdf

Rekneskap Langrenn_2018.pdf

Årsmelding 2018.pdf

ÅrsmøteFILl.annonse-19.pdf

Sportsplan: https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13975/sportsplan



Hovudlandsrennet 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2019

I helga har 15 og 16 åringar konkurrert i hovudlandsrennet på Gålå. Frå Førde IL langrenn stilte 7 utøvarar til start. Det vart mange gode resultat, og sjå spesielt den sterke 16 plassen til stafettlaget for J 16 (krinslag)!



5/7,5 km friSprint klassiskLangrennscrossStafett (krins)
Mali Monica EngesæterJ 151061128864
Linnea Otternes LundekvamJ 151161166864
Kristina Skaflestad HegrenesJ 16136163
16
Elias Amsrud HusaG 1573966969
Thomas TefreG 1513824511869
Martin EspeG 15253257118108
Steffen Sjøvold-IgelkjønG 16242229202108

https://www.langrenn.com/hovedlandsrennet-gaalaa-2019-alle-resultater.6198396-397220.html




Karusellrenn nr. 5 tysdag 5. mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Mar 2019

Tysdag er det klart for karusellrenn nr. 5. Dette er også lagsmeisterskap og merkerenn. Det er marginale snøforhold på Langeland, men vi prøver å få gjennomført rennet som planlagt i klassisk stil.

Tilgjengelege løyper er ny og gammal sprintløype. Til saman er desse 2 km. Sidan rennet er merkerenn må alle gå den distansen som høyrer til klassen sitt merkekrav. 

  • 2 km: gammal + ny sprintløype (12 år og yngre)
  • 3 km: 2 km + gammal sprint (13 og 14 år)
  • 5 km: 2 x 2 km + gammal sprint (15 og 16 år, k jr, k sr og m veteran)
  • 10 km: 2 x 5 km (m jr, m sr og menn veteran)

På grunn av begrensa løypenett blir det 30 sek startintervall.

I morgon måndag blir det dugnad kl 18 for å skuffe snø inn i løypa på utsette plassar. Ta med snøskuffe og hjelp oss til å få gjennomført rennet!

Vi må ta forbehold om at rennet kan bli avlyst på kort varsel dersom snøforholda endrar seg.

Meld deg på og velkommen til skirenn!