No vert det gratis smørehjelp på alle karusellrenn?

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Jan 2023

Vi har inngått ny sponsoravtale med Sparebanken Sogn og Fjordane og no vil vi tilby gratis smørjing av ski før alle karusellrenn! Kanskje vert det Skandinavisk Cup på Langeland også?

Les meir om saka her: https://www.ssf.no/meirennbank/forde-il-langrenn/



Samleside for KM 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2023


På denne nettsida finn ein all relevant informasjon om KM-helga på Langeland, 27.-29. januar 2023.

(Informasjonen er sist oppdatert (27.01.2023, kl. 21.55) med startliste-prolog, og tidsskjema for avvikling av KM Sprint Friteknikk, 28.01.2023).



WhatsApp-gruppe for utøvarar, føresette og funksjonærar.



PROGRAM

Fredag, 27. januar 2023

KM Friteknikk (frå klasse 11 år og eldre)

Merk: Første start, kl. 18.30

Resultat KM Friteknikk.pdf

Startliste

Innbyding KM friteknikk.pdf (oppdatert per 22.01.2023)

Løypekart KM Friteknikk.pdf

Med bakgrunn i verprognonsane med mykje nedbør framfor KM-helga, legg arrangøren opp til å bruke løypene med kunstsnø i samband med KM Friteknikk. Om vertilhøva tillet det, vil arrangøren på kort varsel ev. endre konkurransetraseane frå kunstsnøløypene og over til dei tradisjonelle traseane på Langeland. Denne avgjersla blir tatt seinast fredag 27. januar 2023, kl. 15.00, og ev. nye løypekart blir publisert her.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste

Laurdag, 28. januar 2023
KM Sprint Friteknikk (ope for alle klassar).

Merk: Første start, kl. 12.00

Resultatliste prolog

Resultatliste 11 år og eldre/ Heat.pdf

Startliste (prolog)

Tidsskjema Heat.pdf

Innbyding sprint KM.pdf (oppdatert per 22.01.2023)

Løypekart KM Sprint.pdf
NB! Ver merksam på at løypelengdene avvik noko i høve til opplysningane i invitasjonen til arrangementet.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste

Informasjon om KM Sprint Friteknikk

Ein legg opp til følgjande arrangementavvikling i samband med KM sprint. Merk at antal påmeldte vil kunne ha innverknad på korleis sprinten vert gjennomført. Ein tek sikte på at også klassene 11 år og eldre har element av skicross i sprinten, men det vil avhenge av snøforhold. 

For klassene 10 år og yngre blir rennet gjennomført med ein «prolog» - det vil seie enkeltstart med løype med skicrosselement. Det vert ikkje heat-gjennomføring for denne aldersgruppa. I tillegg vil det dersom gode nok snøtilhøve bli lagt til rette for eit skileikområde og ekstra «rakettløype» på skisenteret. 

For klassene 11 og 12 år blir rennet gjennomført slik:

  • Alle går prolog, løypelengde ca 500m
  • Alle i klassene 11-12 år går to finaleheat
  • Finaleheat blir sett opp etter rangering i prolog (blanda klasse/kjønn 11-12 år). 
  • Heatoppsett: Dei 5-8 svakaste prologtidene går i heat 1, dei 5-8 neste prologtidene i heat 2 osv. Dei 5-8 beste prologtidene går då i siste heat.
  • Etter første heatrunde rykker dei to best plasserte opp til heatet over og dei to sist plasserte til heatet under gjeld ikkje heatet med dei best plasserte etter prolog, der rykker kun to ned, og i heatet med dei lågast plasserte etter prolog, der rykker kun to opp)
  • Det blir notert poeng per heat, som ein summerer opp etter alle har gått to heat (sjå poenginformasjon under). Endeleg plassering blir då rekna ut etter det andre heatet. 
  • Rangering til slutt etter kjønn og alder i opphaveleg klasse (J11, G11, J12, G12). 
  • Gjennomføring er lagt opp slik med føremål om mest mogleg tette heat og jamne duellar. 

For klassene 13 år og eldre rennet gjennomført slik:

  • Alle går prolog, løypelengde 700-800 m
  • Alle i klassene 13 år og eldre går tre finaleheat
  • Finaleheat blir sett opp etter rangering i prolog (blanda klasse/kjønn alle 13 år og eldre). 
  • Heatoppsett: Dei 5-8 svakaste prologtidene går i heat 1, dei 5-8 neste prologtidene i heat 2 osv. 
  • Etter første heatrunde rykker dei to best plasserte opp til heatet over og dei to sist plasserte til heatet under (gjeld ikkje heatet med dei best plasserte etter prolog, der rykker kun to ned, og i heatet med dei lågast plasserte etter prolog, der rykker kun to opp)
  • Det blir notert poeng per heat, som ein summerer opp etter alle har gått tre heat (sjå poenginformasjon under). Endeleg plassering blir då rekna ut etter det andre heatet. 
  • Rangering til slutt etter kjønn og alder i opphaveleg klasse. 

Poengberekning og sluttresultat 

  • Det er ikkje tidtaking i heat, der er det kun plassering som gjeld
  • 1. plass i heatet med dei beste prologtidene (heat A) gir 1 poeng, 2 plass i heat A gir 2 poeng osv. Om ein tek utgangspunkt i 6 stk i heat A, vil 1. plass i heatet med plassering 7-12 i prolog gi 7 poeng. Etter tre heat (to for 11-12 år) vil ein stå med tre (to for 11-12 år) poenggivande plasseringar som summerast og gir ein totalscore. 
  • Gjennomføring er lagt opp slik med føremål om mest mogleg tette heat og jamne duellar. 
  • Det vil på denne måten lønne seg å prøve å få best mogleg plassering i kvart heat, både for å prøve på evt «opprykk» og på poengsummering til slutt. 
  • Rangering til slutt etter kjønn/alder 


Søndag 29. januar 2023
KM klassisk (ope for alle klassar)

Merk: Første start, kl. 12.00

Resultatliste

Startliste

Innbyding KM klassisk.pdf (oppdatert 22.01.2023)

Løypekart KM Klassisk.pdf

Med bakgrunn i verprognonsane med mykje nedbør framfor KM-helga, legg arrangøren opp til å bruke løypene med kunstsnø i samband med KM Klassisk. Om vertilhøva tillet det, vil arrangøren på kort varsel ev. endre konkurransetraseane frå kunstsnøløypene og over til dei tradisjonelle traseane på Langeland. Denne avgjersla blir tatt seinast laurdag 28. januar 2023, kl. 18.00, og ev. nye løypekart blir publisert her.

Teknikksone
Det er planlagt å ha ei teknikksone der berre diagonalteknikk kan nyttast. Sona vert merka med skilt og linje i snøen. Funksjonær held kontroll med teknikksona.

Påmelding - via MinIdrett

Mannskapsliste


KM- og jubileumsbankett, laurdag 28. januar 2023

I samband med KM-helga, og at Sogn og Fjordane Skikrins feirar 100 år i 2023, blir det lagt opp til bankett ved Scandic Hotel Sunnfjord, laurdag 28. januar. Her blir det premieutdeling, middag, og litt underhaldning.

Banketten er gratis for alle utøvarar.

For meir informasjon og påmelding - sjå skikrinsen sine nettsider.


Tilbod om overnatting v/ Scandic Sunnfjord Hotell & Spa
Saman med arrangøren tilbyr Scandic Sunnfjord Hotell følgjande overnatting i samband med arrangementet:  

Middag er inkl. i rompris.

- Fredag, varmmat

- Laurdag, varmmat/ dessert.

For bestilling av rom – kontakt: Scandic Sunnfjord Hotell & Spa.

Tlf. nr.; 57 83 40 00.

E-post; sunnfjord@scandichotels.com

Frist for bestilling av overnatting/ opphald er fredag 20.01.2023.

Bookingkode; 48326038



Førde IL og Gaular IL ynskjer velkommen til ei flott KM-helg på Langeland!






SSFkarusellrenn nr. 2, 17.januar 2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Jan 2023

Tysdag 17. januar 2023 er det klart for renn nr. 2 i SSFkarusellen på Langeland.

Løypeinformasjon (oppdatert 15.01.2023)

- Klassane 10 år og yngre går vanleg 1km (1 runde)

- Klassane 11-12 år går 2km i lysløypa (1 runde i den ordinære traseen/ rulleskiløypa)

- Klassane 13-14 år går 3km i lysløypa (1 runde)

- Klassane 15-16 år går 5km i lysløypa (1 runde)

- Klassane K17, K18, K19/20, K sr. og K vet. går 5km i lysløypa (1 runde)

- Klassane M17, M18, M19/20, M sr. og M vet. går 10 km (2 runder i 5km i lysløypa)

Stilart:
Klassisk

Første start:
Kl. 18.00

Info./ innbyding
Innbyding.pdf

Påmelding gjer ein via MinIdrett:
https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=371740#

Frist for påmelding:
Måndag 16.01.2023, kl. 23.59.

Dugnadsliste
Dugnadsliste.pdf

Med venleg helsing
Førde IL/ Gaular IL



Resultatliste SSFkarusellrenn nr. 1

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2023

Med nærare 120 deltakarar på startstreken, avvikla Førde IL og Gaular IL, årets første renn i SSFkarusellen på Langeland i kveld (tysdag 10. januar 2023).

Resultatliste karusellrenn 1-2023 2022-01-10.pdf



Startliste SSFkarusellrenn nr. 1

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Jan 2023


Over 100 utøvarar stiller til start i samband med årets første SSFkarusellrenn på Langeland, tysdag 10. januar 2023.

Startliste Karusellrenn 1-2023.pdf

Løypeinformasjon:


Løypekart kunstsnø 2023 (003).pdf

- Klasse 10 år og yngre går vanleg 1 km



- Klasse 11-12 år går 2km i kunstsnøløypa = over brua og ta til høgre like etter Skistølen, gå sløyfa som går parallellt med stadion og deretter opp i 1km-løypa rundt hesteskoen og tilbake til stadion.

- Klasse 13-14 år går 3km, dvs 2km + 1 km



- 5 km går 2km + 2km + 1 km

- 10 km går 5 x 2 km


Velkommen til Langeland!





Klare for NorgesCup

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Jan 2023

Heile 12 utøvarar frå Førde Langrenn er klare for NorgesCup på Lillehammer 06.-08. januar 2023.

Frå Førde IL stiller følgjande på startstreken:

M17 år:
- Niklas Bosdal Thorsen
- Martinius Øvrebø Årdal
- Ludvig Rørvik
- Tor Alnes Litsheim

M18 år:
- Aksel Bjørkhaug
- Magnus Furnes Degnepoll
- Stian Vårdal Helle

M 19/ 20 år:
- Thomas Tefre
- Erik Alnes Litsheim
- Martin Espe

K18 år:
- Jenny Sølvberg

K 19/ 20 år:
- Linnea Lundekvam


For meir informasjon (rennprogram, resultatservice m.m.) - sjå arrangøren sine nettsider.


Førde Langrenn ynskjer alle lukke til!



SSF Karusellrenn, 10.01.2023

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Jan 2023

Tysdag 10. januar 2023 er det duka for årets første karusellrenn på Langeland. 

Nytt av året: Om ein ikkje ynskjer å gå full distanse, kan ein velje open klasse med redusert løypelengde. 

Stilart:
Friteknikk.

Første start:
Kl. 18.30

Info./ innbyding
Info. innbyding.pdf

Påmelding gjer ein via MinIdrett:
https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=371658

Frist for påmelding:
Måndag 09. januar 2023, kl. 23.59

Dugnadsliste
Dugnadsliste.pdf

Med venleg helsing
Førde IL/ Gaular IL