Nok eit surt heimetap
Postet av Førde IL - Handball den 24. Okt 2021
Benedicte Frøyen Bergset sette inn sju mål, men nok ein gong vart det tap i sluttminutta.
Førde-Kjøkkelvik 29-30 (14-15)
Kjøkkelvik kom til Førde etter fire tap på rad, og var dermed eit lag Førde bør ta poeng mot. Men det skulle vise seg å bli eit svært jamt oppgjer, som laget frå Bergen til slutt vann med minst mogeleg margin. Førde, som hadde fått med att strekspelar Benedicte Frøyen Bergset, kom bra i gang og hadde ei leiing på 5-2. Men det jamna seg ut, laga fylgde kvarandre tett fram til sidebyte, pauseresultatet var 14-15.
Ingrid Indrebø (biletet over) bidrog med eit par skikkelege susarar frå distanse, medan Martine Vindheim hadde ein veldig god dag på kanten. Det første kvarteret av andreomgang skifte laga om å ha eittmålsleiing, men så fekk Førde ein god femminuttsperiode. Då stod det brått 27-23 på måltavla. Trenar Øyvind Fougli Vraalsen tok timeout og formana jentene om korleis dei skulle ta vare på denne leiinga.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024