J16: Framgang mot Dale

Postet av Førde IL - Handball den 9. Nov 2021

J16 tok tysdag ettermiddag turen til Fjalerhallen for å møte det som truleg er seriens beste lag, nemleg Dale. Dale har med sine 05-jenter i haust deltatt i Bring-kvalik, og nokre av spelarane har og allereie debutert i 3. divisjon for senior. Dei har med andre ord solid erfaring frå fleire nivå opp frå 16-års serien i gamle Sogn og Fjordane. 

Vi visste at Dale ville bli ei tøff nøtt å knekke, men i garderoben var vi påskrudd og visste kva arbeidsoppgåver som venta for at vi skulle få ein god inngang til kampen. Kampen startar med at begge lag brenn fleire sjansar og har nokre tekniske feil framover på bana. Etter 10 minuttar er det berre 6 mål i målprotokollen med ei knapp 4-2-leiing til Dale. Vi taklar Dale sitt offensive 3-2-1 forsvar heilt ok, men vi utnyttar ikkje romma og muligheten for duellspelet og overgangar som oppstår ut frå det godt nok til å komme oss til nok klare målsjansar. Vi brenn og fleire sjansar på keeper, i stolpen eller utanfor. 

Bakover spelar vi i enkelte periodar veldig godt og set inn fleire gode taklingar. I etablert angrep scorar ikkje Dale veldig mange mål i 1. omgang, dei fleste kjem på ankomst og kontringar. Det gjer at vi har ein viss heng, men er heile tida eit lite hakk bak. Vi går til pause med 12-6, ein avstand som ikkje er altfor avskrekkande. 

I pausen blir vi enige om å knalle maks til, vise oss frå vår beste side og vere både hissigare og smartare i duellspelet med små konkrete justeringar. I 2 omgang spelar vi mykje meir som eit lag og får litt meir struktur på angrepa i staden for at det berre blir ein og ein som skal gjere ting. Dei gode periodane held seg litt lengre enn i 1. omgang. 

Vi er 5-6 mål bak heilt til om lag halve 2. omgang er spelt. Då set Dale inn eit lite ekstra gir og avgjer kampen til sin fordel. Hadde vi utnytta overtalet som oppstod i utvisningsperiodane til Dale så kunne vi kanskje skapt litt meir spenning, men i desse periodane gjer vi dessverre for mange tekniske feil eller kastar vekk ballen. 

Eit veldig godt Dale-lag vinn til slutt fortent 26-15, men det er likevel mykje positivt å ta med seg frå kampen. Fleire spelarar utmerka seg med positivt forteikn. Tuva Tefre Kalstad er hurtig og fintesterk, og i denne kampen får ho utnytta akkurat det veldig godt. Marie Erichsen Myklebust viser gode takter både på back og på kant, og Guro Bruland Gurvin er som vanleg knalltøff og tar ansvar både bakover og framover når det trengst. Ronja Nordbotten Holsen spelar ein veldig god 2 omgang, der ho tar fleire duellar og blir til slutt belønna med ein scoring. 

Bakerst følgjer målvakt og 07-spelar Elise Benjaminsen opp det gode spelet mot Sogndal, er tøff og reddar fleire 100 % sjansar, særleg i 2 omgang. Elise sin keepererfaring er på knappe tre månader. Ho begynte å stå i mål i september då vi mangla målvakt, og ho har hatt ei utruleg fin utvikling og framgang på den korte tida. Det lovar godt. Vi fortset å jobbe hardt i treningsarbeidet, og allereie neste tysdag er vi klare til å ta imot Gloppen på heimebane!

Tekst og foto: Eivind Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.