Gutar 16 - endeleg ein triumf!

Postet av Førde IL - Handball den 27. Mar 2022

Trenar Geir Eikås fekk ikkje med seg meir enn sju spelarar til bortekampen mot Jotun, men det skulle vise seg å halde i massevis. For det vart ei rein overkøyring av heimelaget i Årdalshallen. Etter 21-7 til pause vart det til slutt 34-13 til våre gutar. Sesongens første topoengar vart ein skikkeleg braksiger.

Jotun fekk det første målet, men deretter kom det fire Førde-scoringar på rad, og slik heldt det fram. Jotun har eit par bra skyttarar, men godt forsvarsspel av våre gutar gjorde at det var vanskeleg å få ballen i nota bak Steffen Lauritsen Lundekvam.

Verre var det for Jotun-keeperen. Særleg tre av Førde-spelarane var i skikkeleg skothumør. Jonas Espeseth, Knut Olav Nygård Eldevik og Vegard Drage Skreien noterte seg for åtte mål kvar, medan Jakob Hoff sette inn seks (to på straffe) og Matheus Diaz Boge fire.

No håpar Eikås at gutane syner like gode takter når dei møter Stryn, og at dei som ikkje kunne vere med til Øvre Årdal også får oppleve å vinne ein kamp.

Tekst: Kjell Arvid Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.