Knallbra forsvarsspel og to nye poeng

Postet av Førde IL - Handball den 9. Okt 2022

Førde-Årstad 26-14 (8-6): Førde dobla poengfangsten sin i søndagens 2. divisjonskamp mot Årstad. Etter ein første omgang der forsvarsspelet sat godt, men der det vart mykje tull og stress og rot i angrepet, stod det 6-6 eitt minutt før fløyta gjekk. Men to kjappe mål i sluttminuttet bar bod om at noko var i gjære. 

Og i andre omgang gjekk det ikkje lang tid før all tvil var lagt bort. Då det var spelt 13 minutt stod det 17-9 på måltavla, med andre ord hadde Førde-jentene scora meir på desse minutta enn i heile første omgang. Og forsvarsspelet heldt fram med å vere ein meir eller mindre ugjennomtrengeleg mur for Årstad-spelarane.

Til slutt vart det 26-14, og dermed har vi sanka fire poeng denne helga, og klatra langt vekk frå sisteplassen på tabellen. Ikkje rart at trenar Øyvind Indrebø var nøgd med det jentene hans presterte.

- Forsvaret vårt sat veldig godt heile kampen, kanskje endå betre enn mot BSI. Og så snakka vi i pausen om at vi måtte halde fram med den gode forsvarsjobbinga, og at det garantert ville kome ein ketchup-effekt i andre omgang. I første omgang var det slik at vi stod veldig lenge i forsvar, og då vart vi stressa og kom til for tidlege avslutningar og hadde mykje bom og tekniske feil.

- I andre omgang brukte vi meir tid med ballen når vi ikkje kontra. Vi fekk korrigert oss i pausen, og jentene leverte strålande. Spesielt bakover har vi vore outstanding i fire omgangar. Det lovar godt at vi vinn to kampar på ein så overtydande måte.

Emma Gloppestad fekk premien som beste spelaren av Merethe Solheim Klakegg.

 

Emma Gloppestad vart kåra til den beste spelaren på Førde. Ho sleit til liks med resten av laget med avslutningane i første omgang, siktet var ikkje innstilt. Men ho gav ikkje opp for det, og enda til slutt på åtte mål.

- Nei, og det er ein god eigenskap at ho heldt fram med å skyte. Vi snakka om det i pausen at fleire av skota hennar kom på rett tidspunkt, men enda over og utanfor. Men det var berre å halde fram med å skyte, og vi er slik skrudd saman at når ho først får ein treff, så kjem sjølvtilliten. Potensialet har ho, og så er ho rågod i forsvar, seier Øyvind.

Sara Øvstebø Dyrhovden vart kåra til beste spelaren til Årstad.

Måla til Førde: Emma Gloppestad 8, Benedicte Frøyen Bergset 7, Oda Vindheim 6, Sara Dyrhol Vatne 2, Amalie Haugsbø Ness 1,Tale Hageli Hallen 1 og Maren Totland Aase 1.

Toppscorar for Årstad var Linnea Grov Nøkling med 4 mål.

Og neste helg er det duka for litt tøffare motstand når turen går til Bergen for å møte Gneist og Åsane.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.