Tap, men årets beste kamp
Postet av Førde IL - Handball den 25. Jan 2023
Randesund-Førde 28-23 (16-15): 2. divisjonsdamene våre spelte jamnt med Randesund i første omgang i Kristiansand onsdag kveld, men i andre omgang greidde heimelaget å opparbeide seg ei leiing som gjorde at det til slutt vart femmålstap. Før pause fylgde laga kvarandre tett, for det meste med Randesund i leiinga, men vi var føre på 10-11 og 12-13.
Andre omgang starta med tre mål frå heimelaget, så eitt på straffe frå Emma Gloppestad, før det kom tre mål til frå Randesund. Dermed stod det 22-16 på måltavla. Då tok Øyvind Indrebø timeout, og Oda Vindheim prikka inn to mål. Resten av kampen var jamn.
Øyvind seier dette om kampen: Vi møtte eit lag på bortebane som berre har tapt tre kampar i år og kom ned frå 1.div. Så det var eit godt lag. I det perspektivet er vi i trenarteamet godt fornøgde med gjennomføringa av kampen. Vi synest samhandlinga i angrep er begynt å sitte, slik at vi skaper meir tryggleik og gjennom det spelar jentene opp kvarandre.
I tillegg var jentene gode i duellspelet/smartnessen bakover, og der også tek samarbeidet til å sitte. Viktigast av alt, vi er svært fornøgde med moralen i laget, og viljen til å jobbe for kvarandre.
Det er alltid surt å tape. Men vi må sette ting litt i perspektiv – vi gjorde årets beste kamp.
Emma Gloppestad (biletet) var igjen vår toppscorar med 11 mål, fire av dei på straffekast. Oda Vindheim hadde fire mål, Benedicte Bergset to, S Vatne to, Mari Rusten, Agnete Ørnehaug, Maren Aase, Tuva Tefre Kalstad og Sara Dyrhol Vatne eitt kvar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
![Førde J12 på Fjordcup](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1722/2024/6/3/638530221822879883fjordcup-1.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
![Avslutta god sesong med to nye poeng](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/21/siger-mot-bj-rnar--1-.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
![Øyvind: Imponerande sesong av jentene](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/17/-yvind-photoevent2.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
![Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/4/638478623446583799434066632-1107509943707082-6920077772539465675-n.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
![Stortap mot serieleiaren](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/23/638468089264594123alex-best-mot-gneist.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
![Gjensyn med Emma](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/20/emma-gloppestad-mot--rstad.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gjensyn med Emma
20.03.2024