G16: God innsats på Glasscup
Postet av Førde IL - Handball den 1. Mai 2023

Søndags morgon var gutane klare for kvartfinale mot Konnerud IL. I denne kampen fekk gutane sjå kor høgt nivå enkelte G16-lag har andre stader i landet. Førde-gutane viste tidvis glitrande angrepsspel, men Konnerud var betre enn oss i alle delar av spelet, og dei rodde i land en solid 27-17 siger. Med dette rauk Førde ut av Glasscup 2023, og måtte vende snuten heim.
Vi ynskjer å takke sponsorar og føresette for mogelegheiten til å få ei kjekk og sosial avslutning på sesongen, og ikkje minst takk til Høyang IL for låne vekk minibussen sin!
Vi ynskjer å takke sponsorar og føresette for mogelegheiten til å få ei kjekk og sosial avslutning på sesongen, og ikkje minst takk til Høyang IL for låne vekk minibussen sin!
Tekst og foto: Kristian Henden.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Kom å blir med🤾♂️🤾♀️
21.10.2025
Stor dag for Førde United!
11.10.2025
Vi trenger DEG i håndballstyret! 💙
05.10.2025
Oppstart av trening for 6-12-åringer
17.09.2025
Trening for damer og herrer i Trivselsserien
14.09.2025
Førde G16 var i helga på plass i Drammen for å vere med på Glasscup. Turen starta frå Hafstadparken fredag, og vi var på plass på Marinenlyst skule kring 22-tida på kvelden. Gutta kom seg på plass på skulen dei overnatta på, og gjorde seg litt kjent i området på den lille timen dei fekk før det var stilletid. Gutane fekk litt informasjon om morgondagen, så var det rett til sengs.
Dagen starta 0620 med frokost, og avreise var 0700. Dei møtte Glassverket IF første kampen klokka 0800. I denne kampen var gutane på frå start, og gjekk tidleg opp i leiinga. Denne leiinga stod seg til det var gått 15 minutt, men då sette Glassverket opp tempoet. Dette resulterte i at Førde-gutane slapp inn nokre enkle mål, og fekk nokre tekniske feil framover grunna stress. Til slutt rykka diverre Glassverket frå, og kampen enda 20-13 i favør Glassverket. 
