Vi utklassa BSI!
Postet av Førde IL - Handball den 21. Okt 2023
D2: BSI-Førde 27-40 ( 12-23): Siger nummer fire denne sesongen er eit faktum. Jentene våre var rett og slett langt betre enn BSI, og dei to poenga var så godt som i boks ved pause. Vi leia med 11 mål etter ei avslutning av omgangen som lukta svidd. Vi gjekk frå 12-17 til 12-23 dei siste seks minutta.
Andre omgang starta også godt for vår del. Etter seks minutt var vi oppe i 15-målsleiing. Resten av kampen vart ei transportetappe der heimelaget slapp litt meir til. Det enda med 13-målssiger. Dermed er vi oppe i åtte poeng på fem kampar og pustar tetlaget Hokksund i nakken.
Nesten alle utespelarane fekk nettkjenning.
Estelle Ahlquist Lundh vart toppscorar med 9 mål (3 på straffe), Kinga Lemiech hadde 7, Annette Kaalstad 6, Tuva Tefre Kalstad 4, Vilde Sande-Neset 4, Alexandra Afloarei 4, Marie Myklebust 3, Amalie Ness 2, Berenice Halvorsen 1.
Søndag møter vi Tertnes i Stemmemyren idrettshall klokka 14.30. Er du i byen, så ta turen innom og støtt opp om laget vårt!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
![Førde J12 på Fjordcup](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1722/2024/6/3/638530221822879883fjordcup-1.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
![Avslutta god sesong med to nye poeng](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/21/siger-mot-bj-rnar--1-.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
![Øyvind: Imponerande sesong av jentene](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/17/-yvind-photoevent2.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
![Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/4/638478623446583799434066632-1107509943707082-6920077772539465675-n.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
![Stortap mot serieleiaren](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/23/638468089264594123alex-best-mot-gneist.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
![Gjensyn med Emma](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/20/emma-gloppestad-mot--rstad.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gjensyn med Emma
20.03.2024