Flott opphenting i Bergen
Postet av Førde IL - Handball den 29. Okt 2023

H5: Kjøkkelvik-Førde 28-32 (15-13): Etter å ha lege under i over 50 minutt av kampen, på det meste med seks mål, stod karane våre for ei solid opphenting og vann med fire mål mot Kjøkkelvik i Olsvikhallen. Dermed kunne dei innkassere den femte strake topoengaren i 4. divisjon, etter å ha knust Florø på heimebane forrige onsdag.
Det stod 15-13 til Kjøkkelvik ved pause, og heimelaget auka leiinga utover i andre omgang, før Førde verkeleg fekk opp dampen.
Måla til Førde: Jakub Rycerz 8, Ole Kristian Gjerstad 6, Lars Engen Skadal 6, Daniel Kvidahl 6, Matheus Diaz Boge 4, Trond Gjesdal 1 og Mathias Indrebø 1.
Førde er klart i teten med 10 poeng på fem kampar, Norrøna har fem på fire kampar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Kom å blir med🤾♂️🤾♀️
21.10.2025
Stor dag for Førde United!
11.10.2025
Vi trenger DEG i håndballstyret! 💙
05.10.2025
Oppstart av trening for 6-12-åringer
17.09.2025
Trening for damer og herrer i Trivselsserien
14.09.2025