Tre nye år på same lag

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Mar 2026


Førde Langrenn er stolte over at samarbeidet med SpareBank 1 Sogn og Fjordane held fram i tre nye år. Avtalen sikrar langrennsgruppa ein viktig og stabil støttespelar i åra som kjem, og betyr mykje for utviklinga av langrennssporten i regionen.

 

- Vi set stor pris på samarbeidet med Sparebank 1 Sogn og Fjordane, som er med på å leggja til rette for at barn og unge får gleda av å gå på ski. Gjennom eit langt og godt samarbeid er det mange som har fått sitt første møte med både skitreningar og SSF-karusellrenn på Langeland. Og vi skal gjere vårt beste for at enno fleire skal få gleda av å gå på ski i åra som kjem, seier styreleiar i Førde Langrenn, Asgeir Årdal.

 

Med denne støtta i ryggen kan Førde Langrenn halda fram med å utvikla gode treningsvilkår, arrangement og eit sterkt langrenns­miljø i Sunnfjord. Vi ser fram til tre nye år saman!

 

Biletet:
Asgeir Årdal, saman med konstituert banksjef personmarknad, Rune Vosseteig.
Foto: Gunn Aase Moldestad, SSF.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.