Resultat Vieåsen - 65 til start

Postet av Førde IL Orientering den 24. Apr 2023

65 løparar stilte til start på nærløpet i Vieåsen onsdag 26. april. Ekstra kjekt var det å sjå mange nye ansikt på løp - ikkje minst var det mange frå Sunnfjord U40 som var med. Løypevinnarar: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellengen, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Julie Daling, A-kort menn Jostein Fredly, C kvinner Ann Kristin Kusslid og Elisabeth Kusslid, C menn Håvar Dankel.  Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp blir onsdag 3. mai i Ulvedalane, mot Holsen. Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

----------------------------------



Nærløp orientering onsdag 26. april i Vieåsen. Parkering ved barnehagen/fotballbana i Vieåsen. Start frå kl 18.00.   Løpet er lagsmeisterskap i sprint for Førde IL Orientering. Løypelengder: A-lang 3,1 km, A-kort 2,6 km, C-løype 1,5 km og N-løype 1,0 km (løypelengder korrigert 25.4). 

Løypene i A-klassen vert delt ut ved start. 

Kan vere greitt med ei påminning om enkelte kartsymbol som er forbode å krysse i sprint:  Det gjeld t.d. høge murar (på kartet tjukk svart strek), høgt gjerde med to taggar, hagegrønt og hekkar (mørk grønn). Hugs at det er kartet som bestemmer kor ein kan springe. 

Ta turen til Vieåsen. Sprintløp er moro! Velkomen til alle. Påmelding gjer du her: 

-------------------------------------------------- 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Orientering utanfor Førde

Postet av Førde IL Orientering den 24. Apr 2023

Skal ein utvikle seg som o-løpar må ein inn i mellom prøve seg utanfor Førde.  Det vere seg løp i krinsen, på nasjonalt nivå, eller reise til utlandet. Bildet er frå England i påska. 

Håkon Grønli og Anja Hole var i vinter invitert med på treningsleir i Alicante i Spania av bergensklubben Varegg. Det vart ei hektisk veke med mykje trening.

Anja Hole var i påska i England saman med Mark Purkins og Charlotte Watson og deltok på JK Orientering 4-dagers.  Anja fekk desse resultata: Dag 1, sprint, nr. 7. Dag 2, mellom, nummer 1. Dag 3, lang, nummer 2. Samanlagt nummer 2. Den fjerde dagen var det stafett, og ho sprang da saman med løparar frå Oppsal Orientering med ein 11.plass som resultat.

Sist helg var det to løp i Askvoll. Fredag var det KM natt. KM-vinnarar frå Førde: Anja Hole i D19, Håkon Grønli i H19 og Torodd Os i H70. Laurdag var det krinsløp med 38 startande frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Resultatlista finn du her. https://eventor.orientering.no/Events/Show/17549

Førstkomande helg er det NM nattorientering fredag i Halden. Der deltek Anja Hole og Håkon Grønli frå Førde. Same helg er det norgescup, verdenscup og publikumsløp i samband med det. Kring 1500 deltakarar er påmeldt til løpet laurdag, og det same søndag. Følgjande er påmeldt frå Førde: Helge Schei, Torodd Os, Kurt Grønli, Anja Hole og Håkon Grønli.

Mellomdistanse, England. Anja Hole vann klassen sin.

Kjekt med Førde IL Orientering-drakt på pallen i England.

Krinsløp Askvoll 22. april 2023. Premieutdeling.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde 



O-løp Førde ungdomsskule - resultat

Postet av Førde IL Orientering den 17. Apr 2023

59 løparar til start på løpet på Førde ungdomsskule. Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Julie Daling, C kvinner Vena Fristad og C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du på eventor. Klikk her. 

Neste nærløp vert onsdag 26. april i Vieåsen. Påmelding gjer du her. 

--------------------------------------------- 

Nærløp orientering onsdag 19. april frå Førde ungdomsskule. Start frå kl 18.00.  Dette er sprintløp der du kan velje mellom 4 løyper i Førde sentrum: A-lang løype på 2,9 km, A-kort på 2,1 km, C-løype på 1,5 km og N-løype på 0,8 km. Kartmålestokk 1:4000 og 1:3000. Alle postar og fornuftige vegval er slik at joggesko er idielle løpssko denne dagen.

Påmelding: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17844

Minner også om løp i Askvoll førstkomande helg - med nattløp fredag og ordinært krinsløp laurdag. Hadde vore kjekt om mange frå Førde tok turen. Informasjon og påmelding.
https://eventor.orientering.no/Events/Show/17549 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar alti 



Kurs i løypeteikning

Postet av Førde IL Orientering den 14. Apr 2023


Sogn og Fjordane Orienteringskrins arrangerer digitale kurs i løypeteikning!
Førde IL Orientering oppfordrer alle som er interessert til å delta.

Interesserte melder tilbake til Knut Even Hole; knuteh@hotmail.com, innan måndag 17.4, så tar vi samla påmelding til kretsen. 

"No byrjar o-sesongen å komme i gang og både ferske og erfarne løypeleggarar skal i aksjon framover. Frå krinsen si side vil vi hjelpe klubbane med å halde eit høgast mogleg teknisk nivå på treningar og løp, så om det er interesse for det vil vi arrangere kurs den kommande månaden i løypeteikning på PC for dei som ønskjer å lære eller bli flinkare på dette, og kurs i løypelegging for dei som er uerfarne  løypeleggarar. Dette er ein type kurs som også finst i regi av NOF, men målet er at vi kan få til meir tilpassa opplegg og tettare oppfølgjing ved å arrangere sjølv.

Eg ber om at klubbane tar ein runde internt på kven som kan ønskje å delta frå dokker og gjev ei tilbakemelding, helst innan ei veke, på kva dag/tidspunkt som passar best. Nytt gjerne høvet til å huke tak i foreldre, ungdommar eller andre dokker vil inkludere meir i klubbdrifta og som kan få løypelegging som ein fin veg inn. Under har eg satt opp forslag til datoar, men dette kan vi tilpasse om det passar dårleg.

  • Teikning av løyper i Purple Pen: Torsdag 27.04 eller 04.05 kl. 19-21
    (valfri hjelp til å installere PP onsdag kveld)
  • Løypelegging: Torsdag 11. mai kl. 19-21
    ("heimearbeid" og oppfølgjing etter to veker)

Kursa er i utgangspunktet tenkt å vere digitale (på Teams), men eg er mobil og om nokon heller vi ha det fysisk så skal vi få til det. Berre ta kontakt. Eg legg opp til å starte kursa "frå scratch" så ein treng ikkje noko førehandskunnskap, også tilpassar vi etter nivået på deltakarane og eg er såklart tilgjengeleg for oppfølgjing også i etterkant."

Helsing Jakob Kalvig Skogan, SFOK"



63 til start i Movika

Postet av Førde IL Orientering den 12. Apr 2023

63 løparar stilte til start i årets første nærløp i Movika. Løypevinnarar; A-lang menn Mark Purkins, A-lang kvinner Anja Hole, A-kort menn Gunnar Gytri, A-kort kvinner Gøril Fristad, C menn Anders Mallasvik, C kvinner Vena Fristad. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 19. april kl 18.00 med oppmøte på Førde ungdomsskule. Påmelding gjer du her. 

-------------------------------------------------------------------------
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest



Orientering Movika 12.4

Postet av Førde IL Orientering den 10. Apr 2023

Onsdag 12. april er vi klar for årets første orienteringsløp i Førde. Oppmøte i Movika, Sunnfjord Museum. Start frå kl 18.00. Løyper for alle nivå. A-lang 3,7 km, A-kort 2,5 km, C-løype 2,7 km og Nybyrjarløype på 1,3 km. A-løypene er i terrenget mot Moskog nord-aust for E39. C-løype og N-løype går frå museet.  

 Påmelding ved oppmøte, eller på eventor.orientering.no;  https://eventor.orientering.no/Events/Show/17841

Velkomen til alle!
-------------------------------------------------------------------------
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest



Turorienteringa 2023 er klar

Postet av Førde IL Orientering den 3. Apr 2023

Rekordtidleg oppstart av årets turorientering

1.april går startskotet for dei første turane i turorienteringa for 2023. Sidan vi har diffirensiert turane etter tilgjengelegheit og vanskegrad etter samme skala som turistforeininga, grøn -, blå -, raud -, og svart tur kan vi starte opp no med turar i sentrum og låglandet. Desse turane klare:
Flatene/Halbrend  -   Grøn tur 8 postar
Vieåsen/Slåtten -     Grøn tur  8 postar
Førde barneskule -   Grøn tur  8 postar
Mo jordbruksskule - Grøn tur  6 postar
Movika               -      Blå tur    5 postar

Gjesdalsdalen      - Raud tur  10 postar   - i skrivande stund bør ein bruke ski
Solheimsdalen    - Raud tur 10 postar   - i skrivande stund bør ein bruke ski 

Alle karta med alle postane og all anna viktig info er tilgjengeleg på nettet, turorientering.no og på tur-o-appen som kan lastast ned der du lastar ned dine appar.

God tur.