Resultat Vieåsen - 65 til start
Postet av Førde Idrettslag den 24. Apr 2023
65 løparar stilte til start på nærløpet i Vieåsen onsdag 26. april. Ekstra kjekt var det å sjå mange nye ansikt på løp - ikkje minst var det mange frå Sunnfjord U40 som var med. Løypevinnarar: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellengen, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Julie Daling, A-kort menn Jostein Fredly, C kvinner Ann Kristin Kusslid og Elisabeth Kusslid, C menn Håvar Dankel. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.
Neste nærløp blir onsdag 3. mai i Ulvedalane, mot Holsen. Påmelding gjer du her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
----------------------------------
Nærløp orientering onsdag 26. april i Vieåsen. Parkering ved barnehagen/fotballbana i Vieåsen. Start frå kl 18.00. Løpet er lagsmeisterskap i sprint for Førde IL Orientering. Løypelengder: A-lang 3,1 km, A-kort 2,6 km, C-løype 1,5 km og N-løype 1,0 km (løypelengder korrigert 25.4).
Løypene i A-klassen vert delt ut ved start.
Kan vere greitt med ei påminning om enkelte kartsymbol som er forbode å krysse i sprint: Det gjeld t.d. høge murar (på kartet tjukk svart strek), høgt gjerde med to taggar, hagegrønt og hekkar (mørk grønn). Hugs at det er kartet som bestemmer kor ein kan springe.
Ta turen til Vieåsen. Sprintløp er moro! Velkomen til alle. Påmelding gjer du her:
--------------------------------------------------
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Orientering Flatene skule 30.4.
28.04.2025

Orientering Vie 23.4.
21.04.2025

Overnatting Pinseløpet og O-festivalen
20.04.2025

Klart for ny o-sesong
19.04.2025

PÅSKETUR
14.04.2025

Sesongstart Movika 9. april
07.04.2025