Gratulerer til Jon Rolf Skamo Hope og Hyen IL!

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jan 2018


Førde IL langrenn vil få gratulere Jon Rolf Skamo Hope og Hyen IL! Hyaren vart i dag verdsmeister på 10 km klassisk i junior VM i Sveits. Vi er imponert!

(bilete er lånt frå NRK-artikkelen under)

https://www.nrk.no/sognogfjord...



Karusellrenn 3 og 4-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jan 2018

Det er opna for påmelding til karusellrenn 3-2018 6. februar kl. 18.30. Klassisk. Påmelding innan 5. februar kl. 19.00. Lenkje til påmelding Påmelding karusellrenn 3-2018

Det er opna for påmelding til karusellrenn 4-2018 13. februar kl. 18.30. Fristil. Påmelding innan 12. februar kl. 19.00. Lenkje til påmelding Påmelding karusellrenn 4-2018


Merk at påmelding er sett til klokka 19.00 før løpsdag.






Invitasjon til BAMA Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Jan 2018


Ungdommens Holmenkollrenn går av stabelen  3.- 4. februar. Her møtast 13 og 14 åringar frå heile landet til konkurranse i Norges nasjonalanlegg. Det pleier å delta ein god gjeng frå Førde. I tillegg til at det er ei oppleving å få gå skirenn i Holmenkollen, er dette også ein kjekk tur sosialt! Påmeldingsfristen er 28. januar, og invitasjon finn de her: 

Invitasjon BAMA Ungdommens Holmenkollrenn 2018.pdf



Resultat karusellrenn 2-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Jan 2018

Resultat karusellrenn 2-2018



Startliste karusellrenn 2-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Jan 2018

Startliste karusellrenn 2-2018



Ein historisk dag for Førde IL langrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2018


I dag stiller Førde IL langrenn for første gong damelag på ein stafett i senior-NM. Det er jentene på bilete som skal representere Førde i dagens stafett: Karoline Holsen Kyte, Ane Brekke og Gyrid Øygard. Dei to sistnemnde er framleis junior, så forhåpentlegvis har Førde stafettlag i mange år framover!

Stafetten ser du på NRK kl 13.00.

Ps. Førde stiller også med herrelag (Gjøran Tefre, Torstein Bu og Ole Martin Erdal.) Denne stafetten startar 10.15.

Vi ønskjer begge laga lukke til!


Firda-reportasje 15.01.2018:




Mannskapslister SSF karusell og Kalsetrennet

Postet av Førde IL - Langrenn den 12. Jan 2018

No er mannskapslister for SSF karusell 17 februar og for Kalsetrennet 25. februar klare.

SSF karusell/sonerenn 17.2.2018:

https://langrenn.fordeidrettsl...

Kalsetrennet 25.2.2017

https://langrenn.fordeidrettsl...



Resultat karusellrenn 1-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Jan 2018

Resultat karusellrenn 1-2018



Startliste karusellrenn 1-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Jan 2018

Startliste karusellrenn 1-2018


Liveresultat på same lenkjer.



Resultat frå norgescup junior på Beitostølen

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Jan 2018

Resultat frå norgescup jr på Beitostølen:

klasse5/10km klassisksprint fri5/15km fri
Eirik Nordeide Bergm19/20220204199
Andreas Bjørvik Fugle m19/20
Vetle Uhre Hammersvikm19/201549966
Brage Burø Sundem19/20673929
Ane Brekkek18367950
Synneva Iren Kvilek184638
Øystein Støfringm17176127144
Sebastian Tveitm17173177178
Gyrid Øygardk17515127

Fullstendig resultatliste finn de her:

http://www.beitoworldcup.com/s...



Lenkjer til påmelding karusellrenn 1-2018 og 2-2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2018

Karusellrenn 1-2018 09.01.2018 Klassisk


Karusellrenn 2-2018 16.01.2018 Fristil



Stafettlag Markane.

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2018

Stafettlag Markane 07 januar 2018.


Gutar 11-12 år

Niklas Bosdal Thorsen – 2006 – klassisk

Jakob Amsrud Husa – 2006 – fristil

Ludvig Rørvik – 2006 – fristil

Lagleiar: Yngve Thorsen


Jenter 11-12 år

Rebbekka Otternes Lundekvam – 2007 – klassisk

Ingeborg Rørvik - 2007 – fristil

Jenny Bjørkhaug – 2007 – fristil

Lagleiar: Anders Bjørkhaug


Aurora Degnepoll - 2007 - klassisk

Oda Paulen - 2007 - fristil

Maria Borkamo -2007 - fristil

Lagleder: Lars Petter Degnepoll


Gutar 10 år og yngre

Andreas Otternes Lundekvam – 2009 – klassisk

David Amsrud Husa – 2009 – fristil

David Engesæter – 2008 – fristil

Lagleiar: Liv Jorunn Kleiven


Jenter 13 – 16 år

Linnea Otternes Lundekvam – 2004 – klassisk

Hedda Kleiven Eikeseth – 2003 – fristil

Mali Engeseter – 2004 – fristil

Lagleiar: Frode Lundekvam


Jenny Sølvberg – 2005 – klassisk

Guri Brekke – 2005 – fristil

Johanne Støfring – 2005 – fristil

Lagleiar: Ola Sølvberg

 

Gutar 13 – 16 år

Aksel Bjørkhaug – 2005 – klassisk

Magnus Degnepoll – 2005 – fristil

Martin Espe – 2004 – fristil

Lagleiar: Anders Bjørkhaug


Erik Alnes Litsheim – 2004 - klassisk

Elias Amsrud Husa – 2004 - fristil

Mathias Helgheim – 2004 – fristil

Lagleiar: Charles Litsheim 


Thomas Tefre - 2004 - klassisk

Tobias Holme -2004 - fristil

Andreas Tefre - 2004- fristil

Lagleder: Einar Tefre


Hovudlagleiar: Yngve Thorsen tlf 92601421


Reserve: Ida Frøysland – 2009 – fristil                                                                                                                          

               



Norgescup junior på Beitostølen

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2018


Kommande helg vert det arrangert Norgescup for junior på Beitostølen. Fredag skal løparane gå 5 og 10 km klassisk, laurdag er det sprint fri, og helga vert avslutta med 5 og 15 km fri . Førde stiller med heile 9 utøvarar og desse er:

Eirik Noreide Berg m19/20

Andreas Bjørvik Fugle m19/20

Vetle Uhre Hammersvik m19/20

Brage Burø Sunde m19/20

Ane Brekke k18

Synneva Iren Kvile k18

Øystein Støfring m17

Sebastian Tveit m17

Gyrid Øygard k17


Vi ønskjer lukke til!

(På bilete: Synneva Iren Kvile)





Karusellrenn 2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Jan 2018

Karusellrenn 1 og 2-2018 vert opna for påmelding 04.01.2018.

Merk følgjande:

- Det er klasse utan tidtaking. Dei som går utan tid startar når dei vil, og kan evt. gå ein annan dag om det passar betre.

- Det er klassar for funksjonshemma.

- Det er klassar for 7 år. I denne klassen kan også yngre enn 7 år melde seg på for å gå på tid.

- Det er veteranklasse for dei over 36 år.

- For menn veteran er det mogeleg å velje mellom 5 km og 10 km.

Ein melder seg på i MinIdrett og betalar ved påmelding.

Det er kor mange år ein blir i 2018 som avgjer kva klasse ein skal gå i.

Ved påmelding vil som regel rett klasse kome opp som standardval. Dersom ein skal gå i ein av klassane som er nemnt særskilt over, vil ein måtte velje klasse i rullegardinsmenyen. Pass på at du vel rett klasse.

Dei som melder seg på fire av dei seks karusellrenna vil få tildelt statuett under premiefesten i april.

Dei som melder seg på alle seks renna vil vere med i trekninga av hovudgevinst under premiefesten i april. Dersom du ikkje har høve til å vere med på eitt eller fleire renn, kan du likevel melde deg på og dermed bli med i trenkninga av hovudgevinst. Du kan då melde deg på utan tid eller i den klassen du brukar å gå i.


Vi håpar å sjå deg på karusellrenn på Langeland i vinter!