Karusellrenn 2018

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Jan 2018

Karusellrenn 1 og 2-2018 vert opna for påmelding 04.01.2018.

Merk følgjande:

- Det er klasse utan tidtaking. Dei som går utan tid startar når dei vil, og kan evt. gå ein annan dag om det passar betre.

- Det er klassar for funksjonshemma.

- Det er klassar for 7 år. I denne klassen kan også yngre enn 7 år melde seg på for å gå på tid.

- Det er veteranklasse for dei over 36 år.

- For menn veteran er det mogeleg å velje mellom 5 km og 10 km.

Ein melder seg på i MinIdrett og betalar ved påmelding.

Det er kor mange år ein blir i 2018 som avgjer kva klasse ein skal gå i.

Ved påmelding vil som regel rett klasse kome opp som standardval. Dersom ein skal gå i ein av klassane som er nemnt særskilt over, vil ein måtte velje klasse i rullegardinsmenyen. Pass på at du vel rett klasse.

Dei som melder seg på fire av dei seks karusellrenna vil få tildelt statuett under premiefesten i april.

Dei som melder seg på alle seks renna vil vere med i trekninga av hovudgevinst under premiefesten i april. Dersom du ikkje har høve til å vere med på eitt eller fleire renn, kan du likevel melde deg på og dermed bli med i trenkninga av hovudgevinst. Du kan då melde deg på utan tid eller i den klassen du brukar å gå i.


Vi håpar å sjå deg på karusellrenn på Langeland i vinter!






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.