Gjøran Tefre klar for verdenscup.

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Des 2019


Gjøran Tefre er tatt ut til verdenscupen i langrenn i Slovenia 21-22 desember.

Førde-løparen er ein av seks herreløpara som er klar for sprint og sprintstafett i helga.
Lykke til!!



Dugnadsliste for Ribberennet og KM Friteknikk 2019.

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Des 2019

Då er vi klare for ny skisesong!

Under finn du dugnadsliste for Ribberennet som blir arrangert  fredag 27 desember kl 18.30 og for                 KM Friteknikk som blir søndag 29 desember kl 12.00. På desse to renna vi skal ha på langeland i romjula har vi sett opp flest mulig av dei som skal vere med og arr Norgescup i førde i februar. 

Håpar alle har mulighet til og stille på dugnad - dersom ikkje prøv og bytt innbyrdes. 

Vi gleder oss til skirenn igjen:-)


RIBBERENNET 2019.pdf

Km fri 2020.pdf



Fornying av hovedsponsoravtale.

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Nov 2019

Sparebanken Sogn og Fjordane har i «årevis» våre hovedsponsor for Førde IL langrenn.

Det er derfor med glede vi kan informere om at det er inngått ny 3-års avtale mellom partane med virkning frå januar 2020.

Sparebanken er ein solid lokal aktør som gjennom sitt virke og si eiga stifting velvillig deler av sitt overskott til frivillige aktørar innan kultur og idrett i heile fylket.

Førde IL langrenn er dermed godt nøgde med at ein kan videreføre det gode samarbeidet med Sparebanken Sogn og Fjordane gjennom ny samarbeidsavtale!



Bilde f.v. frå Geir Vindheim, Sparebanken Sogn og Fjordane, Arne Helgheim, repr. for Førde IL langrenn, og Elin Aaland, Sparebanken Sogn og Fjordane.

 



Overnatting i høve BAMA Ungdommens Holmenkollrenn 31. januar til 2. februar 2020.

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Nov 2019

Ungdommens Holmenkollrenn er landsrenn for årsklassane 13 og 14 år i Holmenkollen (f.2006 og 2007)

Vi har holdt av rom ved Scandic Holmenkollen Park hotel  - som ligg ca. 5 min. gange i frå arrangementsområdet  og er dermed ein praktisk stad å overnatte i høve dette arrangementet – i tillegg er det sosialt og kjekt om fleire bur på same staden. Vi har holdt av totalt 10 stk rom fra fredag til laurdag. Dei som ønskjer overnatting ut over desse dagane, må tinge dette sjølv. 

Vi er oppmoda om å gjere ein felles reservasjon -  dermed fint om dei som ønskjer overnatting melder dette innan fredag 29.11.19I fjor deltok 10 løparar frå Førde. Vi håpar på ein minst like stor delegasjon som deltek i år.

 


Scandic Holmenkollen har eit spesialtilbud for deltakere denne helgen, som er publisert her:
https://www.ungdommensholmenkollrenn.no/overnatting/

Pris pr. pers i enkeltrom pr. døgn NOK 1325,-
Pris pr. pers i dobbeltrom, tresengsrom og firesengsrom pr. døgn NOK 1025,-
Denne prisen inkluderer:

  • Overnatting
  • Frokostbuffe,
    matpakkelunsj med påfyll til termos,
  • Middagsbuffet inkludert en drikke (saft, juice, vann), 
  • Kornbuffet til kveldsmat

Legg inn namn, antall som overnattar og tlf. nr. i kommentarfeltet på Facebook.

https://www.scandichotels.no/hotell/norge/oslo/scandic-holmenkollen-park

 Individuell betaling pr familie ved avreise.




Rabattert brukarbetaling på Langeland.

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Okt 2019

Brukarbetaling på Langeland vert mellom anna nytta til løypekøyring og anna vedlikehald av anlegget. Prisane for sesongen 2019/2020 er som følgjer:

  • Årskort 800,-
  • Dagskort 75,-
  • Årskort for aktive medlemmer i Førde IL langrenn 500,-

Den rabatterte prisen for våre medlemmer føreset at ein betalar treningsavgift og årskort innan 30.11.2019. For å få tilsendt faktura for brukarbetaling og trening må de melde på til trening via denne lenka https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13979/trening. Dette kan de gjere allereie no!  

Sidan Langeland Ski og Fritidssenter no er eit heilårsanlegg, med rulleskiløype, er det innført brukarbetaling heile året.

Satsane for treningsavgift 2019/2020 finn de her https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/15017/medlemskap




Open dag på Langeland 13. Oktober kl.12-16.

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2019

Hei alle skivenner - sett av søndag 13. oktober!

Då inviterer Førde IL Langrenn til Open dag på Langeland Ski og Fritidssenter fra kl 12-16.

*  Kjøp/sal/byte av skiutstyr – finn fram utstyr som de ynskjer å selje, eller byte vekk.
* Utlån av rulleski til store og små. (må ha med eigne sko og stavar - hugs hjelm)!
* Aktivitetar på rulleski, med trenarar frå Langrennsgruppa.
 *  Bli kjent med langrennsmiljøet - styret i langrennsgruppa vil vere tilstades.

*  Enkel servering!

Det vil og vere rulleskirenn på Langeland søndag fra kl 13.00.

Førde IL langrenn er opptatt av gjenbruk og miljø og håper at mange finn fram skiutstyr en vil selje eller byte.  Ved spørsmål, kontakt Ørjan Igelkjøn, 91191092.

Skiutstyr som ein vil selje må vere merka med pris og anna relevant informasjon, samt kontakt informasjon mht. navn og tlf. nr.

Vel møtt😊

Førde IL Langrenn




Klubbkveld på Intersport onsdag 23. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2019

Onsdag 23. oktober kl 17.00-19.00 vert det klubbkveld på Erdal Sport (intersport). Det vil vere mange gode tilbod på skiutstyr for våre medlemmer.

Vel møtt!



Sliping av langrennski.

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. Okt 2019

Sliping av langrennsski

Vår samarbeidspartner Intersport Erdal Sport foretar felles innsending av ski til sliping – til Bjørn Myhre Sport.

  • Skia må leverast inn til Erdal Sport innan onsdag 16.10.19.
  • Skia skal leverast med rein såle, og utan binding.
  • Merk skiparet med kva skislip/struktur en ynskjer. (i tillegg til navn og telefon nr.)

Pris kr 600,- pr par.  (frakt kjem i tillegg)

Pris på frakt vil være avhengig av kor mange par en sender. Det blir gjort felles forsendelse, dess fleire par, dess gunstigare pris blir det for frakt pr par.



Treningsplan for 7.klasse og eldre høsten 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Okt 2019



Dugnadsliste til Rulleskirennet 13/10-19

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Okt 2019



Oppstart/påmelding Langrennstrening 2019/2020

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Sep 2019

Trening for alle grupper startar opp torsdag i veke 42

Treningstider: 

1-6 klasse:                                                                    Kl 18.00-19.00 ute ved Førdehuset 

7 klasse og eldre:                          

Kl 18.00-20.30 på Sunde skule. Ute fra kl 18-19, og inne fra 19-20.30.                                             

Treningane vert flytta til Langeland når det er gode nok forhold der. Informasjon vil komme på heimeside/facebook

Aldergruppe

Kontaktpersonar

Telefon

Treningstid/oppmøtestad

1. og 2. klasse

Anne Therese Kusslid

Mariann Husa

97661614

Torsdag kl 18 – 19.

Førdehuset v/kunstgrasbana

3. og 4. klasse

Kristin Syltesete
Lars Petter Degnepoll
92402518
95994609

Torsdag kl 18 – 19.

Førdehuset v/kunstgrasbana

5. og 6. klasse

Yngve Thorsen

Frode Lundekvam 

90802575

91671701

Torsdag kl 18 – 19.

Førdehuset v/kunstgrasbana

7. og 8. klasse

Anders Bjørkhaug
Øyvind Helle
48189526

Torsdag 18 – ca 20.30

Sunde skule ute/inne.

9 kl og eldre

Daniel Tormodset

Brage Sunde

97577437


Torsdag 18 – ca 20.30

Sunde skule ute/inne.


7 kl og eldre



Daniel Tormodset

Brage Sunde

97577437


Tysdag 18 – ca 19.30

Bunnpris Bruland, intervalltrening ute.


Generell informasjon om treningane:

  • Møt presis.

  • Ha på deg refleksvest

  • Klede og sko etter verforhold.

  • Frå 5. klasse bør ein alltid ha med seg skistavar. Hugs å merke desse.

  • Frå 7 kl bør ein ha med hovudlykt.


Påmelding; 

https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13979/trening

Velkommen til både nye og gamle fjes😊



Enivest skiskule 10.-13. oktober

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Sep 2019

Den 10. til 13. oktober er det igjen klart for Enivest skiskule. Denne gongen med mellom anna Steinar Mundal og Team Veidekke vest. Dette er eit tilbod for utøvarar i årsklassane 2004 til 2008.

I tillegg til trening vert det også fokus på det sosiale desse dagane. Skiskulen vert avslutta med foredrag for foreldre på Scandic Sunnfjord hotell og rulleskirenn på Langeland søndag 13. oktober. Program og informasjon finn de i vedlagte filer.

Informasjon Enivest Skiskule 2019 med rammeprogram.pdf

Plakat Enivest skiskule 2019.pdf

Påmelding skjer gjennom Sogn og Fjordane skikrins sine nettsider innan 30. september: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2019/9/enivest-skiskule-2019/ 

Vel møtt til ei kjekk helg! 



Trenar- og foreldremøte tysdag 10. september

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. Sep 2019

Tysdag 10. september vert det møte for trenarar og foreldre i Hafstadparken kl. 18.00.

Sjå detaljar i vedlagt fil.

Vel møtt!

0_Trenarmøte september.pdf




Dugnad Førde Opp 31/8

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Aug 2019



Dugnad Førde Opp 31/8

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Aug 2019



Bystien Førde Opp 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Aug 2019

Førstkommande laurdag 31. august er det klart for den 8. utgåva av Bystien Førde Opp.

Førde IL er arrangør for Bystien Førde Opp, og oppmodar difor enkeltpersonar og grupper med tilknyting til Førde IL om å slutte opp om arrangementet.

Arrangementet har løyper som passar for alle aldrar og treningssgrunnlag! I tillegg er det planlagt fleire kjekke aktivitetar i området ved Rådhuset. Det blir mellom anna hoppeslott, riding på hest, ansiktsmåling og konsert med Tone Damli.  

Sportsleg sett ligg det an til ein spennande duell mellom dei to lokale løparane Karoline Holsen Kyte og Eli Anne Dvergsdal.  

For påmelding og anna informasjon sjå arrangementet si nettsidet: https://fordeopp.no/

Vel møtt til ein kjekk laurdag i Førde!



Trening fram til haustferien

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Aug 2019

Vi startar med trening tirsdagar og torsdagar for 7 klasse og eldre. Oppmøte ved Bunnpris på bruland når det er trening opp Hafstadfjellet. Velkommen på trening!!



Dugnad på Førde Opp

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Aug 2019

Førde Opp vert arrangert Laurdag 31 august!                     

Førde langenn har i år og litt kjekk dugnadjobb denne dagen.

Vi treng folk til pakking av startnr ca kl 18.00 fredagen, lørdag til påmelding og utdeling av startnr fra ca 08.30-12.30, vakter på toppen til bl.a innsamling av brikker og premieutdeling fra ca 12.30-15.00

Så vi håper du vil melde deg til ein kjekk dugnadsdag😊

Meld deg i kommentarfeltet på facebook eller send ei mld til Monica på tlf 91866557



Eiga nettside for Norgescup på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 27. Jun 2019

Det er oppretta ei eiga nettside for Norgescup-arrangementet som skal gå av stabelen på Langeland i 2020. Denne sida vil bli fortløpande oppdatert, og etterkvart vil du finne utfyllande informasjon både for løparar og publikum.

https://www.skiforbundet.no/forde/ 


Følg med! 



Treningsplan Juli 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Jun 2019

Hei

 

Sjølv om det er sommar kan vi ikkje late vere å trene!

Inviterer alle som ynskjer å vere med på trening i juli. Øktene vert tilpassa alder og nivå!

 

Treningsplan Juli 2019

Torsdag 04. juli: 18:00 - 19:30 Rulleski Langeland: Divteknikk, leik og hurtigheit. Klassisk

Måndag 08. juli: 18:00 – ca.19:00 – Oppmøte Førde Stadion. Div intervall

Torsdag 11. juli: 18:00 - 19:30 Rulleski Langeland: Divteknikk, leik og hurtigheit. Skøyting

Måndag 15. juli: 18:00 – ca.19:00 – Oppmøte Førde Stadion. Div intervall

Torsdag 18. juli: 18:00 - 19:30 Rulleski Langeland: Divteknikk, leik og hurtigheit. Klassisk

Måndag 22. juli: 18:00 – ca.19:00 – Oppmøte Førde Stadion. Div intervall

Torsdag 25. juli: 18:00 - 19:30 Rulleski Langeland: Divteknikk, leik og hurtigheit. Skøyting

Laurdag 27. juli: 10:00 – 3000 meter Førde Stadion

Måndag 28. juli: 18:00 – ca.19:00 – Oppmøte Førde Stadion. Div intervall

 

Trenarar: Roger Pollen, Brage Burø Sunde, Vetle UhreHammersvik og Renate Pollen

Minimum ein av trenarane vil vere til stades på alle treningar!

 

Om de lurer på noko er det berre å ta kontakt!

Håpar å sjå deg J

Mvh Roger Pollentlf: 97125134

Eller sende epost: rogerpollen@hotmail.com

 



Norgescup på Langeland

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jun 2019

Neste vinter den 14.-16. februar skal Førde IL arrangere norgescup for senior på Langeland.

https://www.firda.no/sport/langrenn/gaular/neste-ar-er-forde-idrettslag-100-ar-og-det-skal-markerast-pa-langeland/s/5-15-824805?access=granted

Vi gler oss!



Rulleskivettreglar

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jun 2019

Vi er no inne i sesongen for rulleski, og i den anledning passar det å igjen minne om rulleskivettreglane. For at alle rulleskiløparar og dei vi møter langs vegen skal vere trygge oppfordrar klubben alle våre medlemmer til å setje seg inn i reglane.

https://www.skiforbundet.no/langrenn/skirenn/rulleski/rulleskivettregler/

I tillegg til det som står i desse reglane minner vi om at de er forsiktige når de møter dyr langs vegen, spesielt gjeld dette hest med ryttar/vogn. Hestar er vare for lyd og bevegelse, og er sjeldan godt vande med å møte rulleskiløparar langs vegen. For at både du som rulleskiløpar og hest og rytter skal ha ei trygg oppleving langs vegen ber vi om at du stoppar til hesten har gått forbi.

Vi oppfordrar også alle til å nytte det flotte anlegget for rulleski vi har på Langeland!



God innsats på Helse Førde-stafetten

Postet av Førde IL - Langrenn den 13. Jun 2019

Førde IL langrenn hadde mange løparar i aksjon under gårsdagens Helse Førde-stafett. I alt stilte 8 lag med 6 løparar på kvart lag. Laga for dei yngste løparane var i samarbeid med Førde IL friidrett. I tillegg tok fleire løparar heile løypa åleine. Bildet over viser alle ungdomsløparane våre. Ein flott gjeng!

Det vart også mange gode resultat, og nokre av desse var som følgjer:

Oliver Bosdal Thorsen og Aksel Bjørkhaug vart nr 1 og 2 på singelstafetten for ungdom og Roger Øye Pollen vart nr. 2 for senior. 

Førde langrenn lag 2 og 3 vart nr 1 og 2 i ungdomsstafetten og seniorlaget vårt vart nr. 2 i klassen for vaksne.

Bildet over viser laget vårt som vann ungdomsklassen: f.v Ludvik Rørvik, Tobias Holme. Mathias Helgheim, Thomas Tefre, Kasper Holme og Sigve Hafstad Ottesen.

Fullstendig resultatliste finn du her: https://xn--helsefrdestafetten-l4b.no/_files/200000099-85c6386c17/Resultat%20%202019-5.pdf 

Godt jobba til alle utøvarar og også til alle dykk som stilte på dugnad!



Dugnadsliste Helse Førde-stafetten.

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Jun 2019

Alle møter til oppsett tid ved hovedinngangen på sjukehuset. 

Tusen takk til alle som stiller opp på dugnad, dokke gjere ein fantastisk jobb😊😊



Påmelding til Helse Førde-stafetten!

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Mai 2019

Påmelding til Helse Førde-stafetten 12 juni 2019.

Dersom du ynskjer å delta for Førde IL langrenn, kan du legge att ei melding i kommentarfeltet(facebook) evt sende ei mld til Monica Otternes - 91866557.

Løypegjennomgang vert tysdag 11 juni kl 18.00. Oppmøte ved hovedinngangen SSF.    

Laginndeling vil vere klar torsdag 6  juni og vert lagt ut på heimesida. 

Dei fra 13 år kan vere med på stafettlag, dvs 2006 årgang.

Yngre utøvara vert oppmoda til og stille på barneløpet!

https://www.helseførdestafetten.no/registrering/

Påmeldingsfrist 3 juni!!



Fellestreningar fram til skuleferien.

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Mai 2019

Vi startar med fellestreningar denne veka og fram til skuleferien. Treningane er for utøvara fra 13 år. Oppmøte kl 18.00. Vel møt til trening!! 😊



Hipp hurra for 17. mai!

Postet av Førde IL - Langrenn den 16. Mai 2019

Førde IL stiller som vanleg med fane i årets 17. mai-tog, og vi oppmodar våre medlemmer om å gå saman med resten av idrettslaget i toget!

Det er oppstilling til toget på kunstgrasbana frå kl. 10:30.

Faneberarar er som vanleg vinnarane av årets toppidrettstipend og Finn Friis Hafstad minnefond. Desse utmerkingane vert delt ut på folkefesten i idrettshallen etter toget (12.30). I år går tildelinga til følgjande utøvarar:

  • Karoline Holsen Kyte                     (FIL Friidrett - Toppidrettstipend)
  • Gjøran Tefre                                     (FIL Langrenn - Toppidrettstipend)
  • Håvard Gutubø Bogetveit           (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Ole Martin Erdal                              (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Karoline Erdal                                  (FIL Skiskyting - Toppidrettstipend)
  • Ane Brekke                                        (FIL Langrenn/FIL Friidrett - Finn Friis Hafstad minnefond)


Gratulerer med dagen!



Vask av skihytta 24.04.19 18:00-20:00

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Apr 2019


Styret i FIL-Langrenn ønsker alle som kan hjelpe  til med litt, velkomne til nedvask av skihytta 24.04.19 kl. 18:00-20:00. 

Om vi er mange vil jobben være gjort unna på den oppsette tida. 

Oppgåver:

- alle gulvflater skal kostes eller støvsuges før vask. (Fint om nokon tek med ein støvsugar då der er berre ein på hytta).  Treng 2 personar her. 

-alle tak og veggar skal tørrmoppes (flatene var vaska med salmiakk i 2018)

-alle golv og trapper skal vaskes (med oxygel) 

-alle toalett og  dusjrom skal vaskes (med klorin)

-kjøkken er vaska ferdig (med salmiakk)

For at jobben skal gli enkelt og ikkje bli for tung ønsker vi følgende:

2 stk til kosting/støvsuging

2 stk til  vask av stove og gang i hovedetasje

2 stk til trapperom og loft

2 stk til toalett, lager og teknisk rom i hovedetasje

2 stk til garderober og toalett nede

Ein må ta ansvar for kaffikoking

Ta med vaskebøtte, tørrmopp med stativ om du har. 

Golvmoppar og golvklutar er der på hytta. 

Håper nok personer finn tid til å møte. 

Eventuelt uavhenta premier etter premiefesten kan hentes i samband med denne økta på Langeland, 24. april (i tidsrommet 18-20)




Resultat frå NM del 2

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. Apr 2019

Løparane våre oppnådde følgjande resultat i NM del 2:



5/10 km fri50 km klassisk
Ane Brekke138
Gyrid Øygard234
Gjøran Tefre 11017

https://www.langrenn.com/nm-lygna-2019-alle-resultater.6208209-1743.html



Kakebakarar til premiefesten

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Til premiefesten 7. april treng vi kakebakarar til kakebordet vårt. Erfaringsmessig er skiløparar glade i kaker, så lista er difor ganske lang. Ver snill å sjå om du står på lista. Det er valfritt kva ein vil bake. Både kaker og gjærbakst blir godt tatt imot! 

Kakebakerliste Premiefest 2019.pdf



Kalsetrennet er avlyst

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Kalsetrennet vart utsett frå opphavleg renndato 24. februar. Dessverre har forholda også i mars månad vore slik at det ikkje har vore mogleg å arrangere rennet i aktuell trase. Det har vore gjort fortløpande vurderingar i forhold til å få arrangert dette tradisjonsrike rennet, men beslutningen per i dag 29.3.2019 er at Kalsetrennet 2019 dessverre er avlyst.

Takk til bedriftene som har gitt støtte til arrangementet!



Premiefest søndag 7. april

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Årets premiefest vert arrangert søndag 7. april på Scandic Sunnfjord hotell. Festen startar kl 15:30 og den vil truleg vere ferdig rundt kl 18:30.

Program for dagen:

  • Premiering av dei som har delteke på 4 eller fleire SSF-cup (karusellrenn)
  • Premiering for lagsmeisterskap klassisk og fristil
  • Skimerke
  • Kaker og kaffi
  • Loddsal (10 kr per lodd)
  • Det vert trekt ut premiar for utøvarar som har delteke på alle 6 karusellrenna
  • Det vert trekt ut premiar for dei som har vore dugnadspersonell gjennom sesongen 


PS. Liste over kakebakarar blir lagt ut straks.

Velkommen til fest!



NM del II på Lygna

Postet av Førde IL - Langrenn den 29. Mar 2019

Denne helga vert NM del II arrangert på Lygna. Det var teamsprint i går (utan Førde på start), i dag er det 5/10 km fri, laurdag er det 30/50 km klassisk, og helga vert avslutta med finale i Norgescup for juniorar på søndag.

Frå Førde er følgjande løparar påmeldt: 

  • Gjøran Holstad Tefre
  • Gyrid Øygard
  • Ane Brekke

Lukke til!



SSF-cup finalen er flytta til Ullsheim

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. Mar 2019

På grunn av dårlege snøforhold og vêrmeldinga framover flyttar Eid IL finalen i SSF-cupen frå Tua til Ullsheim i Stryn førstkommande laurdag. Rennet vert arrangert i samarbeid med Markane IL.

Informasjon om løypelengder, løypekart og påmelding finn de på Skikrinsen sine nettsider: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=325068  





Resultat frå junior-NM

Postet av Førde IL - Langrenn den 17. Mar 2019

Førre helg var 6 løparar frå Førde IL langrenn på junior-NM på Savalen. Det vart fleire gode resultat til Førdeløparane!



KlassiskFristilStafett (krinslag)
Gyrid Øygardk 18612642
Ane Brekkek 19/20283942
Thristan Engebø Ullebøm 17155049
Oliver Bosdal Thorsenm 17515866
Eirik Nordeide Bergm 19/20205191
Synneva Iren Kvilek 19/2068
42





https://www.skiforbundet.no/savalen/start--og-resultatlister/ 



Årsmøte 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2019

Velkommen til årsmøte for Førde IL langrenn onsdag 6.mars kl. 18.30 i FIL-huset!

Aktuelle dokument:

Sakliste årsmøte 2019.pdf

Budsjett 2019.pdf

Rekneskap Langrenn_2018.pdf

Årsmelding 2018.pdf

ÅrsmøteFILl.annonse-19.pdf

Sportsplan: https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/13975/sportsplan



Hovudlandsrennet 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Mar 2019

I helga har 15 og 16 åringar konkurrert i hovudlandsrennet på Gålå. Frå Førde IL langrenn stilte 7 utøvarar til start. Det vart mange gode resultat, og sjå spesielt den sterke 16 plassen til stafettlaget for J 16 (krinslag)!



5/7,5 km friSprint klassiskLangrennscrossStafett (krins)
Mali Monica EngesæterJ 151061128864
Linnea Otternes LundekvamJ 151161166864
Kristina Skaflestad HegrenesJ 16136163
16
Elias Amsrud HusaG 1573966969
Thomas TefreG 1513824511869
Martin EspeG 15253257118108
Steffen Sjøvold-IgelkjønG 16242229202108

https://www.langrenn.com/hovedlandsrennet-gaalaa-2019-alle-resultater.6198396-397220.html




Karusellrenn nr. 5 tysdag 5. mars

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Mar 2019

Tysdag er det klart for karusellrenn nr. 5. Dette er også lagsmeisterskap og merkerenn. Det er marginale snøforhold på Langeland, men vi prøver å få gjennomført rennet som planlagt i klassisk stil.

Tilgjengelege løyper er ny og gammal sprintløype. Til saman er desse 2 km. Sidan rennet er merkerenn må alle gå den distansen som høyrer til klassen sitt merkekrav. 

  • 2 km: gammal + ny sprintløype (12 år og yngre)
  • 3 km: 2 km + gammal sprint (13 og 14 år)
  • 5 km: 2 x 2 km + gammal sprint (15 og 16 år, k jr, k sr og m veteran)
  • 10 km: 2 x 5 km (m jr, m sr og menn veteran)

På grunn av begrensa løypenett blir det 30 sek startintervall.

I morgon måndag blir det dugnad kl 18 for å skuffe snø inn i løypa på utsette plassar. Ta med snøskuffe og hjelp oss til å få gjennomført rennet!

Vi må ta forbehold om at rennet kan bli avlyst på kort varsel dersom snøforholda endrar seg.

Meld deg på og velkommen til skirenn!



Årsmøte 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Feb 2019

Årsmøte for 2019 vert onsdag 6. mars kl. 18.30 på FIL-huset i Hafstadparken. Saker de ønskjer å ta opp må sendast til styret innan 27. februar.

Vel møtt!



Kalsetrennet er utsett

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Feb 2019

Etter planen skulle vi arrangere Kalsetrennet søndag 24. februar. På grunn av det vedvarande mildveret og rådande snøforhold er det beslutta at rennet vert utsett på ubestemt tid. 

Aktuelle nye renndatoar er søndagane 10., 17. eller 24. mars.

Ny renndato vil bli varsla så fort forholda tilseier at det er praktisk mogleg å gjennomføre rennet. Den viktigaste føresetnaden for dette er eit snøfall!



Resultat frå Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Feb 2019

I helga var 10 13- og 14-åringar frå Førde IL langrenn på plass i løypene i Holmenkollen. Dei melder om ei kjekk helg i lag, mykje god innsats og gode plasseringar i løypa. Bilder frå helga kan de sjå i eige album her på nettsida.


Resultat:

 


Klasse3 km klassisk3 km fri
Niklas Bosdal ThorsenG134934
Ludvig RørvikG 13142162
Guri Line BrekkeJ147462
Jenny SølvbergJ14
102121
Johanne StøfringJ14
122100
Ida Kristin NondalJ14
133112
Sigve Hafstad OttesenG146549
Magnus Furnes DegnepollG14
9870
Aksel BjørkhaugG14
9874
Kasper HolmeG14
148132

https://www.langrenn.com/resultater-ungdommens-holmenkollrenn-2019.6191529-114053.html



2. plass til Gjøran i Norgescup

Postet av Førde IL - Langrenn den 18. Feb 2019

I helga har Roger og Gjøran gått Norgescup i Hommelvika. Gjøran tok her ein 2. plass på 10 km fri!

Resten av resultata ser de under.



Sprint klassisk10 km fri15 km klassisk
Roger Øye Pollen
7095
Gjøran Holstad Tefre282


http://www.liveresultater.no/livesider/livesenter.php?arr=700 



BAMA Ungdommens Holmenkollrenn 2019

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Feb 2019

Denne helga er det klart for sesongens høgdepunkt for 13 og 14 år gamle langrennsløparar. BAMA Ungdommens Holmennkollrenn vert arrangert i nasjonalanlegget, og er det største arrangementet for desse årsklassane. Løparane skal gå 3 km klassisk på laurdag, og 3 km fri på søndag. Førde IL langrenn pleier å vere godt representert, og også i år stiller ein god gjeng.

  • Aksel Bjørkhaug
  • Guri Line Brekke
  • Magnus Furnes Degnepoll
  • Kasper Holme
  • Ida Kristin Nondal
  • Sigve Hafstad Ottesen
  • Ludvig Rørvik
  • Johanne Støfring
  • Jenny Sølvberg
  • Niklas Bosdal Thorsen


Vi håpar de får ei kjekk helg i hovudstaden, og lukke til i skiløypa!

(foto viser g13 frå i fjor)



Norgescup Hommelvika

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Feb 2019

I helga er det Norgescup for seniorar i Hommelvika. Frå Førde IL langrenn er Gjøran Tefre og Roger Øye Pollen påmeldt.

Program er som følgjer:

  • Fredag 15.2. - Sprint klassisk
  • Laurdag 16.2 - 5/10 km fri
  • Søndag 17.2 - 10/15 km klassisk


Vi ønskjer lukke til!



Oppdatert dugnadsliste for SkiCross 10/2

Postet av Førde IL - Langrenn den 8. Feb 2019

Her er oppdatert dugnadsliste for Sonerennet/SkiCross søndag 10/2:

sonerenn - skicross 2019.pdf



Resultat frå NM

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Feb 2019

I helga har det vore arrangert NM i Meråker, og det var sjølvsagt Førdeløparar på startstreken.

Fredag deltok både Gjøran Tefre og Torstein Bu på sprinten. Begge gjekk vidare frå prologen som  høvesvis nr. 3 og nr. 18. Dei gjekk i same kvartfinaleheat, der Gjøran klarte å ta seg vidare til semifinalen. Til slutt vart Gjøran nr. 7 og Torstein nr. 22.

Laurdag gjekk Torstein inn til ein god 36. plass på skiathlon.

Søndag stilte Førde IL langrenn stafettlag, der Gjøran og Torstein gjekk saman med Sindre Hoff.  Laget tok ein knallsterk 13. plass! Det gir flott startpososjon til neste år. 

Resultatlister finn de her: https://www.langrenn.com/nm-meraaker-2019-alle-resultater.6185860-1743.html

Bilete viser Gjøran ved eit tidlegare renn.



Skikarusell SkiCross Langeland 10.02.2019 - Gaular IL

Postet av Førde IL - Langrenn den 30. Jan 2019

Gaular IL arrangerer skikarusell SkiCross på Langeland 10.02.2019 kl. 12.00. Førde IL hjelper til med enkelte funksjonar. Rennet er opna for påmelding. Meld på via følgjande lenkjer:

 

Påmelding SkiCross



Stafettlag NM Meråker

Postet av Førde IL - Langrenn den 28. Jan 2019

Førde IL stiller med følgjande lag på NM-stafetten i Meråker 03.02.2019:

Kvinner

1. etappe Inga Kårstad Skaar - klassisk

2. etappe Ane Brekke - klassisk

3. etappe Gyrid Øygard - fristil


Herrar

1. etappe Gjøran Tefre - klassisk

2. etappe Sindre Hoff - klassisk

3. etappe Torstein Bu - fristil


Vi ynskjer lukke til!





 




Velkommen til KM på Langeland!

Postet av Førde IL - Langrenn den 25. Jan 2019

Førde IL langrenn ønskjer alle velkommen til KM-helg på Langeland. Det er gode skiforhold og vi gler oss til besøk av aktive og foreldre frå heile fylket!

Startlister og resultatlister vil bli lagt ut her på nettsida.

Løypekart finn de her:

Fredag og søndag: løypekart-km.25.27.1.pdf

Laurdag: Løypekart.sprint-19.pdf



NRK på Langeland i kveld

Postet av Førde IL - Langrenn den 22. Jan 2019

På treninga i kveld på Langeland vil NRK Sogn og Fjordane stille med eit team og ønskjer å filme deler av aktiviteten på stadion.

NRK skal nytte opptaka til illustrasjon av ei sak som NRK Sogn og Fjordane arbeidar med. Det er også mogleg at det blir stilt spørsmål til utøvarar som er tilstades (dette må i tilfelle kvar enkelt samtykke til).  

Vinklinga vil vere dei fine snøforholda, skiglede osv.



Resultat frå Norgescup på Nes

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2019

I helga har Gjøran Tefre og Torstein Bu gått Norgescup på Nes.

På sprintrennet fredag vart Gjøran nr. 3 og Torstein nr. 18. Torstein gjekk også 10 km på laurdag og vart då nr. 52.

Fullstendig resultatliste finn du her: 

https://www.skiforbundet.no/nes/resultater/




Det er KM til helga!

Postet av Førde IL - Langrenn den 21. Jan 2019

Kommande helg er det klart for KM på Langeland frå fredag til søndag. Vi vil berre få minne alle på å sjekke om de er sett opp på dugnadslistene desse dagane. Listene finn du her https://langrenn.fordeidrettslag.no/p/18349/mannskapsliste

De er alle veldig viktige for at vi skal klare å få gjennomført eit godt arrangement!




Karusellrenn nr. 2 tysdag 15. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 15. Jan 2019

I dag er det klart for karusellrenn nr 2. Rennet går i friteknikk. Sidan vi no har fått snø 😀 vil rennet gå i det vanlege løypenettet og med 15 sekund startintervall. 

Vel møtt til skirenn!



Gjøran Tefre til kvartfinale i WC

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2019

Gjøran var på laurdag igjen å sjå på startstreken i ein verdscupsprint. Denne gong i tyske Dresden. Gjøran fekk 8. beste tid i prologen, og vart nr. 3 i sitt kvartfinaleheat. Dette heldt dessverre akkurat ikkje til å komme vidare til semifinalen. Samanlagt hamna Gjøran på ein 14. plass. Dette er ein svært sterk prestasjon i eit verdscuprenn!



Norgescup junior på Konnerud

Postet av Førde IL - Langrenn den 14. Jan 2019

I helga har det vore arrangert norgescup for juniorar på Konnerud. Førde IL langrenn hadde åtte løparar på startstreken, og det vart mange gode resultat. Foto viser Synneva Iren Kvile (2017) som var ein av løparane som gjekk på Konnerud.

Namn
Klasse
5/10 km fri
Sprint klassisk
7,5/10/15/20 km Klassisk
Thristan Engebø Ullebø
M17
34
56
40
Oliver Bosdal Thorsen
M17
88
115
114
Gyrid Øygard
K18
40
82
61
Sebastian Tveit
M18
177
159
171
Ane Brekke
K19/20
56

70
Synneva Iren Kvile
K19/20
66

58
Brage Burø Sunde
M19/20
75

98
Eirik Nordeide Berg
M19/20

187
207

https://www.langrenn.com/norgescup-junior-konnerud-2019-alle-resultater.6179908-397220.html



Karusellrenn tysdag 8. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Jan 2019

Etter litt fram og tilbake er det no klart at det blir arrangert karusellrenn i morgon 8. januar! Rennet går som planlagt i klassisk stil, og det vert arrangert i sprintløypa. For løypekart og løypelengde sjå tidlegare innlegg her på heimesida: https://langrenn.fordeidrettslag.no/blog/post/136208/ssf-cup-8.-januar-i-sprintloypa?ispage=true



Skandinavisk cup i Finland

Postet av Førde IL - Langrenn den 7. Jan 2019

I helga har Gjøran Tefre gått Skandinavisk cup i Vuokatti i Finland. Fredag vart Gjøran nr. 4 i sprintfinalen, og søndag gjekk han inn til ein 11. plass på 30 km fri fellesstart.

 



Angåande karusellrenn 8. januar

Postet av Førde IL - Langrenn den 6. Jan 2019

Mildveret tærer på snøen, men vi håpar det skal vere mogleg å arrangere karusellrenn tysdag. Endeleg avgjerd vert teken i morgon kveld. Ver obs på at stilart kan verte endra frå klassisk til skøyting dersom forholda tilseier det.



SSF-cup 8. januar i sprintløypa

Postet av Førde IL - Langrenn den 4. Jan 2019

Det er per i dag greie forhold i sprintløypa på Langeland, og vi satsar på at karusellrennet kommande tysdag kan arrangerast. Rennet går i klassisk stil og første start vert kl. 18.30. Det vil straks bli opna for påmelding.

Vi tek atterhald om at rennet kan verte avlyst på kort varsel.


LØYPEKART FOR LANGELAND SKISTADION, NY OG GAMMAL SPRINTLØYPE:

Samla løypelengde: 2 km.

1 km: rett fram mot hestesko i «gammal» sprintløype.

Denne traseen vil bli nytta for klassane 10 år og yngre.

2 km: ta til høgre mot ny sprintløype, deretter til høgre mot hestesko i «gammal» sprintløype.

Denne traseen vil bli nytta for klassane 11 år og eldre.

 

Praktisk  - tilleggsinformasjon ift. løypekart og oversikt for klasser:

10 år og yngre J/G                                           1 runde i gammal sprintløype

11 og 12 år                                                        1 runde i ny og gammal sprintløype

13 og 14 år                                                        2 runder i ny og gammal sprintløype

15 og 16 år*                                                      3 runder i ny og gammal sprintløype

J17 og eldre                                                      3 runder i ny og gammal sprintløype

G17 og eldre                                                     5 runder i ny og gammal sprintløype   


VEL MØTT TIL SKIRENN!  



Stafettlag Ullsheim 06.01.19

Postet av Førde IL - Langrenn den 3. Jan 2019