TURORIENTERING
Postet av Førde Idrettslag den 7. Apr 2026

Bilde frå Nordheia. I dette område finn ein postane som er langt ut i Kråkenesmarka.
Då er alle 99 postane på plass i alle 11 turane i årets turorienteringssesong. Det gjekk litt fort i svingane før påske for å få mest mogeleg på plass. Det førte til at nokre postar vart lagt inn i systemet med feil poeng. No skal dette dere retta og dei deltakarane som hadde registert desse postane har fått korrigert poengsummane sine. Tur-O hefte er kommen til Førde, og er å få kjøpt hos Intersport Erdal Sport.
Sesongopning onsdag 8. april
Postet av Førde Idrettslag den 4. Apr 2026

Førde IL Orientering sitt første nærløp for sesongen vert onsdag 8. april kl 18.00 i Movika på Sunnfjord Museum sitt område. Registrering og utdeling av kart frå kl 1730.
Løyper for alle - også for dei som ikkje har vore med i orientering før. Området er avgrensa med E39 på eine sida og Movatnet på andre, med gode stiar å følgje.
Løypetilbod: Nybyrjarløype på 1,4 km, C-løype (har vore med litt før) på 1,5 km. Desse to løypene går i museumsområdet. For litt meir røynde har vi ei B-løype på 2 km, og ei A-løype for dei som vil ha det ekstra krevjande på 3,4 km. A- og B-løypene går i terrenget aust for E39.
Påmelding: Vi oppfordrar flest mogeleg om å bruke Eventor til påmelding.
Frist der er kl 1400 på onsdag. Det er også mogeleg å melde seg på ved oppmøte.
Parkering: Erfaringsmessig må vi bruke p-plassar på begge sider av E39 (sjå kartet under). Er ein i bil med vaksne, bruk p-plassar på austsida av E39, slik at barnefamiliar kan få parkere på museumsområdet (slepp krysse E39).
Velkomen til alle!

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest