Hall-O-Ween

Postet av Førde Idrettslag den 26. Okt 2025


Ungdomen i o-gruppa inviterar til Hall-O-Ween i Hafstadparken torsdag 30. oktober kl 18.00. Der kan born saman med forelder gå ei enkel orienteringsløype i "Skumleskogen". (Ta med hodelykt)

Skogen vil være ekstra skummel denne dagen, siden hekser og spøkelser er ute på vandring. Tørr DU å være med? Men om du blir skremt, så har nok spøkelsa med seg litt gotteri, så husk å ha med noko å ha snopen i!

Etter ein er ferdig med løypa, så er det kveldsmat og kakao/kaffe inne på FIL-Huset. Her kan ein få i seg varmen igjen, og matlysta blir alltid bedre saman med andre.

O-løypa er så enkel at ein treng ikkje ha prøvd dette før for å delta. Her der det opplevelsen i Skumleskogen som gjeld. 

Håpar vi ser deg!!

(Påmelding kr. 30 for å dekke inn for mat og snop)

Påmelding til Hall-O-Ween





Frivillig under Førde Rundt

Postet av Førde Idrettslag den 5. Jun 2025


Bedriftsidretten arrangerer Førde Rundt 20. september og treng frivillige til ulike arbeidsoppgåver.

Ved hjelp av QR koden eller linken kan medlemmar i Førde IL melde seg på som frivillig, og krysse av for kva arbeidsoppgåve ein ynskje å hjelpe til med. Sparebanken Norge støttar Førde Rundt med midlar til dette som igjen blir delt ut på lag og organisajonar som stiller med frivillige.


Det er og mogleg å delta på løpet som har 3 ulike distansar, 5 og 10km samt halvmaraton. Ein kan springe/gå med eller utan tid. Der er også para-klassar. Flotte premiar til løypevinnar, 1-3 plass i kvar klasse, familiepremie (min 3 i fam.), til beste bedrift (flest km) og ikkje minst uttrekks-premiar bant alle løparane.

Trykk på linken eller skann QR koden for påmelding.