Godt oppmøte i Naustdal

Postet av Førde Idrettslag den 31. Mai 2023

52 deltakarar stilte til start i Helgåsmarka onsdag 31. mai. Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Mark Purkins. A-kort kvinner Gøril Fristad, A-kort menn Gunnar Gytri. C kvinner Vena Fristad, C menn Anders Mallasvik. 

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 7. juni i Sundsdalen. Det er også lagsmeisterskap langdistanse.
Påmelding gjer du her.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri  




O-troll leir Stryn og Geilo

Postet av Førde Idrettslag den 28. Mai 2023

For dei aller yngste er det to o-troll leirar dei neste  helgane. Først er det leir i Stryn 3.-4. juni. Den skjer i samband med to løp i Nordfjord laurdag og søndag.

Helga etter er o-troll leir på Geilo. Den er i samband med 3-dagers løp på Geilo den helga.
Sjå informasjon og bli med. Det kan vere kjekt å reise, og oppleve orientering saman med andre. Og så er det veldig sosialt, og det å bli kjent med løparar frå andre klubbar er ikkje feil :)

Innbydelse Stryn 3 4 juni 2023.pdf

Innbyding til o-troll leir Geilo 9-11 juni 2023.pdf





O-løp Naustdal 31.5.

Postet av Førde Idrettslag den 28. Mai 2023

Nærløp orientering onsdag 31. mai i Naustdal. Merka frå Rv 5 ved Naustdalsbrua. Ca. 4 km langs vegen mot Helgås. Parkering/samlingsplass på parkeringsplass Kvernahushaugane ved vegen mot Helgås. Start og mål ved samlingsplass.  4 løyper: 4,5 km A nivå. 3,5 km A nivå, 2 km C nivå. 1,5 km. N løype. Kart: 1:7500 på vassfast papir. N løype 1: 5000 på vassfast papir. Tambarskjelvar IL er arrangør. 

Påmelding på Eventor gjer du her. Også høve til å melde seg på ved start. 

Minner også om o-løp i Nordfjord laurdag 3. og søndag 4. juni. Sjå Eventor for innbydelse og påmelding.
NB! Her er det også o-troll leir (7-12 år) Innbydelse Stryn 3 4 juni 2023.pdf
og ungdomsleir (13-25 år) Innbydelse ungdomsleir.pdf

Det er også o-troll leir på Geilo 9.-11. juni. Innbyding til o-troll leir Geilo 9-11 juni 2023.pdf

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Resultat Sunnfjordorienteringa

Postet av Førde Idrettslag den 24. Mai 2023

53 løparar på Sunnfjordorienteringa onsdag 24. august. Løypeleggar Kurt Grønli fekk godord for løypene. Løypevinnarar vart: 5,1 km; Menn: Mark Purkins. 4,1 km: Kvinner: Charlotte Watson. Menn:  Anders Eilertsen Grønli. 3,0 km; Kvinner: Julie Daling. Menn: Gunnar Gytri. 2,2 km; Menn: Johan Husevåg Lobben. 1,9 km: Kvinner:  Silje Skauge. Menn: Gaute Osvoll.  Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 31.5 i Helgåsmarka i Naustdal. Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Prøv turorientering

Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2023

Minner om turorienteringstilbodet i Førde.  I alt ligg det ute 8 ulike kart med postar på - med ulik vanskegrad. Så langt i sesongen har 41 deltakarar registrert seg. Turorientering er eit fint tilbod - og postane kan gjerne brukast som "treningsarena" for aktive løparar. Passar fint denne veka, der det ikkje er nærløp. Kartet over er frå Mo jordbrukssskule der det ligg postar. Det ligg også m.a. postar kring Sunnfjord Museum. Gå inn på turorientering.no og Førde i søkefeltet. Du lastar ned aktuelle kart der. Lukke til!

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Sunnfjordorienteringa - resultat

Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2023

53 løparar på Sunnfjordorienteringa onsdag 24. august. Løypeleggar Kurt Grønli fekk godord for løypene. Løypevinnarar vart: 5,1 km; Menn: Mark Purkins. 4,1 km: Kvinner: Charlotte Watson. Menn:  Anders Eilertsen Grønli. 3,0 km; Kvinner: Julie Daling. Menn: Gunnar Gytri. 2,2 km; Menn: Johan Husevåg Lobben. 1,9 km: Kvinner:  Silje Skauge. Menn: Gaute Osvoll.  Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 31.5 i Helgåsmarka i Naustdal. Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





O-troll leir Stryn 3.-4. juni

Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2023

Det var kjekt å treffe andre o-troll og ungdom på treningssamling på Kaupanger helga 13.-14. mai. Neste treningssamling som vert arrangert i samband med krinsløp vert arrangert i Stryn/Fjelli 3.-4.juni. Førde IL oppmodar alle rekruttane våre om å melde seg på dette (påmeldingsfrist 31. mai). 

Lenke til påmelding: https://eventor.orientering.no/Events/Show/18370

Vi kan gjerne avtale felles transport. Kontakt trenings- og rekrutteringsrådet v/Julie Daling dersom spørsmål. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp Sundsdalen 10.5 - resultat

Postet av Førde Idrettslag den 7. Mai 2023

54 løparar stilte til start på nærløpet onsdag 10.5. Løypevinnarar vart: AL kvinner Sunniva Skuset, AL menn Mark Purkins, AK kvinner Anja Hole, AK menn Gunnar Gytri, C kvinner Kjellfrid Støylen Skilbrei, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Minner om kretsløp Sogndal laurdag 13.5 og søndag 14.5. Her er også O-troll leir og Ungdomsleir. Meir informasjon finn du her. 

Neste løp i Førde vert onsdag 24. mai. Det er den tradisjonsrike "Sunnfjordorienteringa". Frammøte Sundsdalen, ballbingen. Det betyr eit litt større løypetilbod,og premiering. Håper at mange frå Førde vert med også denne kvelden. Til dette løpet er det eiga innbyding. Informasjon finn du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

--------------------------


Nærløp i Sundsdalen, Førde Vassverk, onsdag 10. mai kl 18.00. Løyper for alle. Påmelding på
Eventor (klikk link), eller ved frammøte. Velkomen til alle! 




7. plass i NM

Postet av Førde Idrettslag den 6. Mai 2023

Håkon Grønli vart laurdag 6. mai nummer 7 i NM knock-out sprint klasse H17-18 i Sandefjord.  Og det er ein glad og fornøgd Håkon som fortel om dagen.

- Vi var kring 60 i klassen. Det starta med prolog kl 11. Då var det inn i karantene uten mobil og informasjon. Det starta med individuell start, og dei 30. beste tidene ville gå vidare. Eg var nummer 16 i prologen, og gjekk vidare til semifinalen. Der var vi delt inn i tre heat, 10 løparar i kvart. Dei tre beste løparane i kvart heat gjekk direkte til finale, samt den personen som hadde best tid av dei som vart nummer 4.E g vart nummer fire i mitt heat, men hadde sprunge i det heatet med dei klart beste tidene. Eg kunne difor gjere meg klar til finale. I finalen vart det ein 7. plass,

- Eg er veldig fornøgd med prestasjonen i dag, fortel Håkon. Det var veldig jamt, og det var berre 14 sekund opp til gullet. I finalen var det ikkje gafling, alle hadde same løypa, så det vart litt henging. Eg tok nokre i spurten, så hadde litt på lur heilt til slutt, fortel han. 

Håkon har hatt ei veldig god sportsleg helg i Sandefjord. Fredag  vart det ein 21. plass i  sprint. 

Førde IL Orientering gratulerer så mykje! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Ungdomsleir og O-troll-leir til helga

Postet av Førde Idrettslag den 3. Mai 2023

--------------------------------------------------------------

Helga 13. og 14. mai er det krinsløp i orientering på Kaupanger, med Sogndal IL som arrangør.
Innbydelsen med viktig informasjon kan du lese her: Innbydelse 13-14mai.docx

Same helg er det O-troll-leir for dei aller yngste.
Informasjon og påmelding finn du her: Innbyding til o-troll leir i Sogndal 13.-14. mai 2023.pdf

Det er også ungdomsleir for aldersgruppa 13-25 år. Info og påmelding finn du her: Invitasjon Ungdomssamling Sogndal_mai_23.pdf

NB! Overnatting Vesterland: 20% rabatt på ordinære prisar. Gje beskjed at du er o-løpar.

Førde IL Orientering oppfordrar medlemmer i klubben til å ta turen til Sogndal denne helga. 




69 deltok på løp 3. mai

Postet av Førde Idrettslag den 1. Mai 2023

Veldig gledeleg med heile 69 deltakarar på nærløpet onsdag 3. mai. Løypevinnarar: A-lang menn Håkon Grønli, A-lang kvinner Charlotte Watson, A-kort menn Jon-Kristoffer Navelsaker, A-kort kvinner Gøril Fristad, C menn Johan Husevåg-Lobben, C kvinner Anita E Hole.

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du på Eventor. Klikk her.
Neste løp vert onsdag 10.5 ved Førde Vassverk i Sundsdalen. Påmelding her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

-------------------------------------

Nærløp orientering onsdag 3. mai kl 18.00. Frammøte Ulvedalane, ca 3 km frå Moskog retning Holsen. Løyper for alle. Velkomen :) Påmelding gjer du her.