Førde J12 på Fjordcup
Postet av Førde IL - Handball den 3. Jun 2024
Desse jentene avslutta sesongen som J12 med tur til Fjordcup i Sandefjord. Det var ein tur dei seint vil gløyme, ja, mest sannsynleg aldri.
17 jenter reiste frå Førde og skulle for første gang på cup, altså dei har vore med på Førde Cup, men aldri utpåturcup.
Det var i haust denne turen blei planlagt, alle var einige om at jentene fortjente ein cup ved sesongslutt, og at vi måtte vekk frå dei lokale laga.
Etter litt diskusjon stod det mellom Stavanger og Sandefjord, det vart Sandefjord. Ifølgje googlemaps, så venta ein sju timar og 27 minutt lang biltur.
Cup i Sandefjord var populært blant jentene, dei var i ekstase.
Fjordcup er ein stor cup i Sandefjord, og det var totalt 571 lag som deltok, det blei spelt 1311 kampar og blei scora totalt 14478 mål. Her bidrog jentene med 95 mål. Kampane var 1x20 minutt. Som J12-lag fekk vi ikkje delta i sluttspel, det er først når ein blir J13 at cup-spel startar.
Rett før avreise til Fjordcup samla alle foreldre seg til ei fjordcup-møte. Her vart det diskutert og planlagt korleis vi skulle bli lagt merke til i Sandefjord.
Ja, vi hadde som mål om at alle skulle vite kven Førde var. Men først kom spørsmålet, er det nokon som ikkje skal vere med til Sandefjord?
Det var heilt stille, alle såg rundt i rommet. Ok, då skal alle på tur! Det vil sei 17 familiar på tur + trenarane, 18 bilar som skulle til Sandefjord.
Så vart alle einige om at det vart gjort innkjøp av kvite t-skjorter der det stod Førde IL Handball på ryggen og Førde logo på framsida. Vi måtte ha fleire sauebjøller og fleire Førde-flagg.
Så kom helga, cuphelga
Nokre reiste torsdag og nokre fredag. Vi skulle ha ei felles samling fredag kveld der jentene skulle bu, Vesterøy skule, ca 10 minutt frå Sandefjord sentrum.
Underteikna fekk nyss i at det var ein instagram-konkurranse på fjordcup sin instagram-konto, og ba alle jenter og foreldre om å like fjordcup og skrive Førde J12 i kommentarfeltet.
Premien var at Peppes Pizza skulle spandere pizza på heile laget. Så då var heile gruppa i gang.
Fredag ettermiddag kom melding, vi vant konkurransen. Vi var plukka ut blant 1118 kommentarar og fekk pizza til kvelds, gratis!
Det vart laga til langbord på skulen ute. Jentene og foreldra kosa seg med pizza, ein perfekt start på cuphelga.
Så var vi i gang
Vi deltok med to lag denne helga, og skulle spele totalt 10 kampar. Fire kampar laurdag og seks kampar søndag.
Kampane laurdag var mot Oppegård, Tistedalen blå, Kolbotn gul og Vestfossen 2. Desse kampane blei spelt i Bugårdshallen.
Første kampen var mot Oppegård, og det var ein spent og nervøs gjeng. Varmt i hallen. Litt småkvalme, vondt i magen... Vi kunne sjå det i starten at jentene ikkje var heilt påskrudd, men sakte men sikkert løsna det og dei leverte ein god kamp, og gjekk av bana med siger.
Så var det vårt andre lag som skulle spele mot Tistedalen, der var det ingen nerver og full fart frå start. Pangopning på cupen med to sigrar.
Så var det Kolbotn som stod for tur, her såg vi tidleg at det kom til å bli jamnt, og laga følgde kvarandre heilt til kampslutt, og det var Kolbotn som vann med eitt mål. Ein litt sur kamp for jentene som ikkje hadde marginane på si side, men det var ein vanvittig spennande kamp.
Siste kampen laurdagen var mot Vestfossen, då var det ein revansjelysten gjeng som skulle vise seg fram, og det var aldri noko tvil om korleis den kampen ville ende.
Laurdagen var unnagjort, jentene var fornøgd. Dei spelte god handball og fekk ein vanvittig støtte frå foreldregruppa som utvilsomt dominerte i Bugårdshallen!
Her kan du sjå foreldra i aksjon på tribuna.
Laurdagskvelden var det cupshow i Sandefjord sentrum, med kjende artistar. Her var alle på plass og hadde ein fin kveld i sola.
Travel og tøff søndag
Så stod søndagen for tur i Sandarhallen, seks kampar venta og vi hadde ingen anelse på kva nivå vi møtte. I tillegg skulle vi spele på kunstgras... (men det gjekk fint det også)
Vi skulle spele mot Lund 1, Lund 2, Herkules gul, Herkules grønn, Lillestrøm og Rygge.
Første kamp var mot Lund 1, og her var det eit godt lag som stod på andre banehalvdel. Vi sliter litt frå start, men gir aldri opp. Vi henger på og er med, dei spelar nok ein god kamp. Det er noko med desse jentene som aldri gir opp. Vi taper kampen med eitt mål. Spelarane, foreldra og trenarane er slitne etter kampen. For ein spennande kamp.
Andre kamp er mot Herkules gul, og som det var sagt etter kampen, det er det beste laget vi nokon gong har møtt. Vi holder følge halvvegs ut i kampen, men så får vi ein skade som prega laget litt, og raknar på slutten og taper med 7 mål.
Tredje kamp er mot Lillestrøm, og her var det veldig stor forskjell på laga. Vi vinner kampen med veldig god margin.
Fjerde kamp er mot Rygge. Her kan vi spole til garderoba etter kampen og sei det jentene sa: Det var dårleg, vår dårlegaste kamp. Berre rot. Dei skulle vi tatt. Vi tapte med tre mål.
Så var det to kampar att, Lund og Herkules. Vi visste kva vi møter, to gode lag. Jentene var begynt å bli slitne, hadde litt vondt her og der.
Først var det Herkules, eit lag vi sleit mot tidlegare på dagen. Ein skulle ikkje tru dei var så slitne, iallefall har dei skjulte krefter. Vi er med frå start, vi er med midtvegs og vi er med på slutten. Herkules leder med to mål rett før slutt og vi gambler litt og prøver oss med ekstra offensivt forsvar og får eit par i fleisen i staden. Vi taper 12-8. Men den innsatsen som blir lagt ned, er berre heilt rå!!
Eg spurte etter kampen om kva som var kjekkast: Å vinne mot Lillestrøm (vann med ein del mål) eller å tape med fire mål mot Herkules. Svar: Herkules-kampen. Dei var gode og vi spelte kjempebra!
Siste kampen søndagen var mot Lund, og nok ein gang vart det spenning heilt inn. Det var uavgjort heilt til siste angrepet til Lund, som dei scora på og vi tapte med eitt mål. Surt, men nok ein kamp der jentene gir alt heilt til kampslutt.
Ein sliten gjeng (inkludert foreldre og trenarar) etter siste kamp.
Jentene var sletne, men glade.
Foreldra sletne, men stolte.
Trenarane sletne, men stolte.
Ei flott helg var over, no venta 7 timar og 27 minutt biltur heim, men med så mange positive opplevingar i bagasjen, gjekk bilturen heim ganske fort!
Kort oppsummert:
Det desse jentene leverer laurdag og søndag gjer oss trenarar utruleg stolte, vi vart litt rørt etter siste kampen og såg at dei var heilt tomme. At dei faktisk har gitt absolutt alt!
Det samme gjelder foreldrene som stiller opp alle sammen og støttar laget på og utanfor bana heile helga. Dei laga eit helsikes liv på tribuna som alle andre lag i cupen berre kan misunne.
Vi har denne sesongen hevda oss mot laga i Bergen og no laga på austlandet, det heilt vanvittig å sjå den innsatsen, viljen og prestasjonane som er i laget.
Så må vi skryte mykje til oppdamene våre, Heidi og Annette, som legg til rette for at alt går på skinner denne helga. Stor applaus!!
No er vi ferdig som J12, neste år er det nye opplevingar som står for tur som J13.
Bob og Monica
Sliten gjeng etter ei helg i Sandefjord.
Heile gjengen.
Glimt frå Sandefjord:
Avslutta god sesong med to nye poeng
Postet av Førde IL - Handball den 21. Apr 2024
D2 Førde-Bjørnar 26-24 (16-7): Ein glimrande gjennomført førsteomgang gjorde at Førde-damene kunne dra i land endå ein siger i den aller siste kampen sesongen 2023/24. Godt tempo, god skyting og solid forsvarsspel gjorde at Bjørnar såg ut som eit svært dårleg lag. I tillegg tok Andrea Boge Solås det aller meste som kom innanfor stengene. Ho vart kåra til vår beste spelar. Ved pause var vi ni mål føre bergensarane.
Andre omgang starta også bra, men på stillinga 18-8 skjedde det noko.
- Vi kom til gode sjansar, men vi skaut Bjørnar-målvakta god, sa trenar Øyvind Indrebø etter kampen.
Tempoet frå første omgang var borte vekk, det vart nølande og ukonsentrert, forsvarsspelet var ikkje lenger patent, og sakte, men sikkert vart avstanden på måltavla krympa. Og Bjørnar såg plutseleg ikkje så dårleg ut, spelarane fekk meir og meir sjølvtillit. Men det heldt til to poeng til slutt.
Øyvind var ikkje nøgd med at Bjørnar vann andre omgang med sju mål, men totalt sett var det bra, seier han.
Og fasit for sesongen vart altså ein tredjeplass med 30 poeng.
Måla til Førde: Annette Kaalstad 7 (3 på straffe), Amalie Haugsbø Ness 5, Oda Vindheim 4, Berenice Halvorsen 3, Kinga Lemiech 3, Tuva Tefre Kalstad 3, Alexandra Afloarei 1.
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
Postet av Førde IL - Handball den 17. Apr 2024
Etter to klare topoengarar borte, 32-24 mot Hokksund og 37-26 mot Glassverket 2, er fasiten for sesongen klar: Det blir tredjeplass bak Gneist og Åsane. Rett nok står det att ein kamp, heime mot Bjørnar søndag, men ingen kan ta frå oss tredjeplassen.
Ein sesong som i haust såg ut til å bli vanskeleg, vart den beste på mange år. Det starta med at Benedicte Frøyen Bergset skadde kneet før seriestart og vart langtidsskadd. Så skjedde det same med Martine Vindheim tidleg i sesongen,og systera Oda var sjuk i ein lang periode. Men resten av laget tok ansvar, her må vi nemne veteranen Alex spesielt. Ho har gjort ein god sesong som strekspelar og ikkje minst som forsvarsspelar og hærførar for resten av laget. Estelle Ahlquist Lundh var viktig for oss, det same har Annette Kaalstad og Kinga Lemiech vore. Og dei unge kantspelarane våre, Tuva, Amalie og Marie, har teke store steg i løpet av sesongen.
Trenar Øyvind Indrebø og hans team har også gjort ein god jobb med å utvikle laget. Han er naturleg nok godt nøgd med det som har skjedd når det no står att ein kamp:
- Då er vi klar for siste seriekamp, som blir førstkomande søndag mot Bjørnar. Vi tapte mot dei borte, under eit døgn etter at vi hadde vunne knipe mot opprykksfavoritt Gneist. Bjørnar er eit godt lag, men vi kjenner på at det er tid for å prøve å revansjere dette tapet.
Uavhengig av resultatet, er vi sikra tredjeplassen i avdelinga, noko som vi er særs fornøgde med. Det er fleire grunnar til at vi har gjort det så bra. Vi har i periodar spela god handball i alle spelets fasar. Dette er imponerande av jentene, teke skadesituasjonen i betraktning. Når sentrale jenter har vore ute, har andre stått fram og teke ansvar. Eit godt døme på det var sist helg mot Hokksund og Glassverket 2. Jentene synte ein solid lagmoral, noko som resulterte i periodevis god handball og derigjennom imponerande resultat.
Førre sesong «stanga vi mot veggen» i store deler av sesongen, men jentene leverte ein fantastisk avslutning, noko som gjorde av vi klatra til ein 7. plass. I år har vi halde fram denne utviklinga, teke nye steg, og før siste seriekamp har vi teke 11 poeng meir enn i totalt i fjor. Søndag skal vi gjere alt det vi kan for at årets siste poeng vi skal kjempe om, blir igjen i Førde. Håpar vi ser deg i Førdehuset kl 1400 søndag
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
Postet av Førde IL - Handball den 4. Apr 2024

Stortap mot serieleiaren
Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2024
D2: Førde-Gneist 17-38 (10-20): Det var Gneist som hadde presset på seg då dei gjesta Førdehuset laurdag. Åsane hadde vunne borte mot Fredrikstad 2, så alt anna enn to poeng mot Førde ville gi Åsane ein stor fordel i kampen om opprykk. Og det skulle vise seg at Gneist meistra presset. Dei scora på sine fem første angrep, medan vi berre kvitterte for to av dei.
Emma Gloppestad var tilbake i Førdehuset, men kom aldri på bana. Ho slit med skade i ein tommel og var i tillegg småsjuk. Men lagvenninnene greidde seg godt utan henne. Ved pause stod det 10-20 på måltavla, og Førde sleit endå meir med å få mål i andre omgang. Sluttresultatet vart 17-38.
Veteranen Alexandra Afloarei (biletet) var eit lyspunkt for heimelaget, med stor innsats både i forsvar og angrep. Det resulterte i to utvisingar og fire mål, tre frå streken og eitt langskot. Alex har vore bakspelar og nølte ikkje mykje då ho fekk sjansen.
Trenar Øyvind Indrebø konstaterte at dette vart ein heilt annan kamp enn då vi slo Gneist med eitt mål i Bergen.
- Vi møtte eit heiltent Gneist-lag. Dei spelte ein god kamp og gjorde det vanskeleg for oss. Vi har hatt ei ruskete veke med mykje sjukdom i laget. Dagen før kamp var vi i tvil om kva lag vi greidde å stille.
Måla til Førde: Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 4 (1 på straffe), Amalie Haugsbø Ness 3, Oda Vindheim 2, Kinga Lemiech 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Erichsen Myklebust 1.
Toppscorar og best på Gneist: Emma Louise Grasdal (9 mål).
Gjensyn med Emma
Postet av Førde IL - Handball den 20. Mar 2024
Emma Gloppestad var ein viktig spelar for Førde i forrige sesong. Denne sesongen er ho Gneist-spelar, og laurdag kjem ho saman med lagvenninnene på serieleiar Gneist til Førdehuset. Ho har sett inn 81 mål for laget frå Bergen til no og vore ein viktig bidragsytar til at Gneist toppar tabellen. Men Åsane pustar dei i nakken, tre poeng bak og med to kampar mindre spelt. Difor er kampen mot Førde veldig viktig for bergensarane. I tillegg har dei noko å hemne, for Førde slo dei med eitt mål i haustkampen.
Heimelaget kan på si side gå til kampen utan høge skuldrar, vi kan ikkje rykke opp, og i motsetnad til dei føregåande sesongane er vi langt unna nedrykkskampen.
Trenar Øyvind Indrebø seier dette om oppågjeret laurdag klokka 16:
På laurdag må Gneist finne seg i å vere klare favorittar. Dei er i god flytsone, medan vi har utfordringar med skader og sjukdom. Men utfordringar er til for å løysast. Og det betyr at fleire får sjansen i kampen, noko som også blir viktig inn mot neste sesong. Vi har ingenting å tape – alt å vinne, og skal jobbe beinhardt for å utfordre Gneist. Vi håpar flest muleg støttar jentene i Førdehuset laurdag kl 1600.
Gjorde det spennande - men tok poenga
Postet av Førde IL - Handball den 17. Mar 2024
D2 Førde-Reistad 29-24 (15-8): Det var lite som gav grunn til uro då Førde og Reistad tok pause på stillinga 15-8 til heimelaget. Det var klasseskilnad på laga. Kinga Lemiech var høgt og lågt både i angrep og forsvar, Andrea Boge Solås stod godt i mål, og laget frå Drammen såg ikkje ut til å kunne skape problem for poengfangsten.
Andre omgang starta også bra. Etter få minutt stod det 18-9 på måltavla. Men så gjekk det meste i stå for heimelaget. I løpet av dei 13 neste minutta vart 18-9 til 19-16, med andre ord vann Reistad den perioden 7-1.
- Vi vart kanskje litt for feige, det var ikkje meininga å gjere det spennande, seier trenar Øyvind Indrebø.
Iallfall var det lite futt i angrepsspelet, det vart skote på for dårlege sjansar, og skota var heller ikkje spesielt godt innsikta. I andre enden av bana var ikkje forsvarsspelet like patent som i første omgang.
Men Reistad kom aldri nærare enn tre mål bak, og på slutten fann Førde litt tilbake til godtaktene frå før pause. Det enda 29-24, og vi tok igjen tredjeplassen på tabellen med våre 24 poeng.
- Eg er veldig godt nøgd med spel og utteljing i første omgang, seier Indrebø. Det har skjedd før at vi ikkje greier å fylgje opp i andre omgang, men denne gongen greidde vi iallfall å kome tilbake mot slutten.
Kinga Lemiech vart fullt fortent kåra til vår beste spelar. Ho sette inn 10 spelemål og la ned stor innsats i forsvar. Annette Kaalstad enda på 8 mål (2 på straffe), Berenice Halvorsen 4, Amalie Haugsbø Ness 3, Tuva Tefre Kalstad 2, Oda Vindheim 1 og Alexandra Afloarei 1.
Endeleg heimekamp igjen!
Postet av Førde IL - Handball den 14. Mar 2024
Det har gått fem veker sidan det sist var 2. divisjonskamp i Førdehuset. Då vann vi 35-26 ove4 BSI. Kampen helga etter vart som kjent avlyst fordi Tertnes ikkje kunne stille lag. Og det er tre veker sidan forrige bortekamp, som enda med tap mot topplaget Åsane.
Søndag er det Reistad som er motstandar. Laget frå Drammensområdet var lett match for våre jenter då vi møtte dei borte i september, vi vann 42-28. Komande held spelar Reistad først mot Tertnes i Bergen, så kjem dei hit søndag. Reistad står med ni poeng og er tredjesist på tabellen, medan vi er på tredjeplass med 22 poeng.
Men trenar Øyvind Indrebø åtvarar mot å ta lett på kampen.
- Rett nok er Reistad på nedre halvdel av tabellen, men laget har hatt ei solid formutvikling i det siste, med mellom anna ein nimålssiger mott topplaget Hokksund. Så det blir ein travel kamp.
Etter som det er lenge sidan siste seriekamp, gjennomførte vi onsdag ein treningskamp mot 3. divisjonslaget Florø. Sjølv om det var ei nyttig økt og 35-20-siger, blir det noko heilt anna å møte ein divisjonskollega i seriekamp.
Vi har også litt utfordringar med skade og sjukdom i troppen, så per tid er det uavklart kven som er aktuelle for kampen. Dette veit vi nok ikkje før etter kampførebuingstreninga på lørdag.
Uansett vil dei som er klare vere opptatt av å «brette opp ermene» og slåst for to nye poeng mot Reistad søndag kl 15.30 i Førdehuset.
PS! Kampen går på bane 3, med tribune på bane 2.
Vi sjåast på kamp!
Når dysten mot Reistad er unnagjort, står det att fire seriekampar, heime 23. mars mot Gneist, borte 13. april mot Hokksund og 14. april mot Glassverket2, før sesongen blir avslutta med heimekamp i Førdehuset mot Bjørnar. Uansett blir det ei sesongavslutning utan dei frynsete nervene vi har hatt dei to føregåande sesong
Endeleg heimekamp igjen!
Postet av Førde IL - Handball den 14. Mar 2024
Det har gått fem veker sidan det sist var 2. divisjonskamp i Førdehuset. Då vann vi 35-26 ove4 BSI. Kampen helga etter vart som kjent avlyst fordi Tertnes ikkje kunne stille lag. Og det er tre veker sidan forrige bortekamp, som enda med tap mot topplaget Åsane.
Søndag er det Reistad som er motstandar. Laget frå Drammensområdet var lett match for våre jenter då vi møtte dei borte i september, vi vann 42-28. Komande held spelar Reistad først mot Tertnes i Bergen, så kjem dei hit søndag. Reistad står med ni poeng og er tredjesist på tabellen, medan vi er på tredjeplass med 22 poeng.
Men trenar Øyvind Indrebø åtvarar mot å ta lett på kampen.
- Rett nok er Reistad på nedre halvdel av tabellen, men laget har hatt ei solid formutvikling i det siste, med mellom anna ein nimålssiger mott topplaget Hokksund. Så det blir ein travel kamp.
Etter som det er lenge sidan siste seriekamp, gjennomførte vi onsdag ein treningskamp mot 3. divisjonslaget Florø. Sjølv om det var ei nyttig økt og 35-20-siger, blir det noko heilt anna å møte ein divisjonskollega i seriekamp.
Vi har også litt utfordringar med skade og sjukdom i troppen, så per tid er det uavklart kven som er aktuelle for kampen. Dette veit vi nok ikkje før etter kampførebuingstreninga på lørdag.
Uansett vil dei som er klare vere opptatt av å «brette opp ermene» og slåst for to nye poeng mot Reistad søndag kl 15.30 i Førdehuset.
PS! Kampen går på bane 3, med tribune på bane 2.
Vi sjåast på kamp!
Når dysten mot Reistad er unnagjort, står det att fire seriekampar, heime 23. mars mot Gneist, borte 13. april mot Hokksund og 14. april mot Glassverket2, før sesongen blir avslutta med heimekamp i Førdehuset mot Bjørnar. Uansett blir det ei sesongavslutning utan dei frynsete nervene vi har hatt dei to føregåande sesongane.
Førde J12 imponerte i Temaserien
Postet av Førde IL - Handball den 12. Mar 2024
Førde sitt J12-lag har denne sesongen vore med på Temaserien, som er ein utviklingsarena i regi Region Vest. Det starta med at vi fekk spørsmål om å vere med, og vi visste lite om kva dette var. Etter å ha fått litt informasjon, så tenkte vi at dette kunne vere spennande. Vi melde på eitt lag. Så etter nokre veker fekk vi beskjed frå Region Vest at vi var det einaste laget som var påmeldt. Spørsmålet vi fekk då var om vi var interessert å gå opp eit hakk og delta i lag med J13, eller reise til Bergen.
Då la vi ut dette til foreldregruppa: Skal vi delta? J13? Bergen?
Svaret: Bergen!!!
Vi fekk vite at det var påmeldt 40 lag, og blant dei, eitt lag frå Sogn og Fjordane, Førde J12.
Responsen frå jentene var heilt vill: Vi skal til Bergen! Vi skal til Bergen!
Så korleis fungerer dette?
Temaserien er ein utviklingsarena for spelarar, trenarar og dommarar. I løpet av sesongen blir det sett opp tre helger med kampar. Kvar helg har forskjellige tema. Vi var i Bergen i november, januar og mars. Kampane blir gjennomført på ein dag.
Tema denne sesongen var:
November: Samspel mellom bakspelar/kantspelar
Januar: Utgruppert forsvar
Mars: Kontring- og returspel
Regionen sender øktplan til trenarane 3-4 veker før kampane, og det vart også halde informasjonmøte på Teams. I tillegg var det Spelarutviklingssamling. Det er også eit belønningssystem som gjer at om ein klarar å gjennomføre tema i kampane, så kan ein ikkje berre få eitt mål, men opp til 4 mål.
November
Øktplanen vart flittig brukt, det var mange gode øvingar. Jentene var på hugget: Vi skal jo til Bergen. Det var ei spenning i gruppa, sidan dette var nytt og vi ikkje visste heilt kva nivå vi møtte. Men ein ting var sikkert, vi skal tenke på oss sjølv og gi gass.
Så kom helga, turen gjekk til Askøy Forum, og laga vi skulle møte var Flaktveit, Askøy Rød og LøvHam. Foreldra var også spent, og alle var med. For på tribuna var det ingen tvil om kven som dominerte, gjengen frå Førde.
På bana var nervøsiteten vekke, frå første kast var dei på. Dei tenkte på seg sjølv, dei ga gass. Foreldra lagde lyd, med sauebjøllene og heia. Førde-flagga var også på plass. Bergenspublikummet lurte på kva for ein gjeng dette var?? Det vart tre gode kampar, vi vann mot Flaktveit og Askøy Rød og tapte knepent mot LøvHam. For ein start, jentene svevde, dette var morro.
Trykk her for å sjå jentene sitt første møte med Temaserien.
Januar
Så var det tid for helg nummer 2, Tema 2, utgruppert forsvar. Ny øktplan var motteke, motivasjonen var stor. Men utgruppert forsvar var ikkje enkelt. Her er det mykje å følgje med på, her må ein ha eit 360-hovud, for å følgje med på alt som skjer. Vi trenar og prøver, kava på, får det ikkje heilt til å sitte. Vanskeleg.
Så gjekk turen til Landåshallen. Foreldra er på plass. Vi trenarane er veldig spente, vi har ikkje fått det heilt til på trening, men har trent mykje på utgruppert forsvar. Første kamp er mot Kalandseid, eit lag vi såg spele litt tidlegare på dagen. No kjenner vi trenarane på det, vi kvir oss, korleis skal dette gå? Kampen startar og vi startar i forsvar…
Kva skjer? Dei flyttar beina, kommuniserer, byttar plassar, trøkker til, går i dueller og dei samarbeider…. Er ikkje slik det har vore på trening. Har dei halde oss for narr?? Haka dett i parketten, vi trur nesten ikkje det vi ser. Jentene spelar ein kanonkamp, og når kampen er over er det banestorming, foreldra er i ekstase, jentene hoppar og skrik.
Vi spelte tre kampar den dagen, mot Kalandseid, Bergen HK og Askøy Rød, og jammen vann dei alle kampane. Heilt rått.
Mars
Siste helga med Temaserien, og denne gangen gjekk turen til KIL-hallen, Kalandseid. Temaet er er kontring- og returspel, noko vi likar og gledar oss til. Dette er ein måte vi likar å spele på, ankomst og kontringar. Øktplanen har blitt brukt godt, og ein ser at dette er noko jentene får til. Jentene er gira på å avslutte Temaserien på ein god måte, for vi likar tempo begge vegar.
Vi hadde fire kampar, og laga vi skulle spele mot var Askøy Blå, Bjarg, Askøy Rød og Lyngbø. Det er spenning i gruppa før vi skal i kamp, jentene er litt smånervøse. Planen er enkel, utgruppert forsvar, vinne ball og springe. Vi skal ikkje kvile eitt sekund. Dei tre første kampane gjer dei det, det er ikkje måte på. Det blir seier i alle tre kampane.
Så er det den siste kampen, Lyngbø. Eit lag som tidlegare på dagen slo LøvHam som vi tapte mot i Askøy Forum første helga. Dette blir ein fight. Jentene er høgt oppe, så no var det å få dei ned på jorda før kampen startar.
Det er nervøst på bana, vi gjer litt tullefeil og Lyngbø er på hugget. Dei scorar mål og får bonusmål, noko som gjer at vi ligg under med nokre mål. Jentene skjerpar seg og får fort rydda opp i småfeila, forsvaret begynner å sitte og beina begynner å spinne. Vi har tatt att Lyngbø, men kvifor stoppe her? Det er full gass. Foreldra heiar, jentene jobbar og spelar heilt fantastisk. Det blir ein perfekt avslutning. Når kampen er over, så skulle ein tru dei hadde vunne VM-finalen. Ja, når ein kjenner at det trykker litt på i augekroken, og stemma brest litt, ja då blir ein stolt.
Oppleving
Det har vore ei unik oppleving for trenarar, foreldre og ikkje minst spelarane. Det har vore ein arena der vi alle har fått utvikla oss gjennom sesongen. Ikkje berre spelarar, laget eller trenarane, men også det sosiale rundt laget. Det har vore kjekt å spele mot andre lag, reise på tur i nye hallar. Så er det nesten heilt utruleg at laget frå “Sogn og Fjordane” står att med å vinne 9 av 10 kampar. Jentene har vore flinke til å gjennomføre Tema og foreldrene til å stille opp på alt rundt desse helgane.
No er det to kampar att lokalt, før turen går til Sandefjord Cup i slutten av mai, der vi reiser med to lag. Då er det nye opplevingar som står for tur.
Stolte trenarar for Førde J12
Opprykket er sikra!
Postet av Førde IL - Handball den 12. Mar 2024
H4 Florø-Førde 17-29 (7-16): Så kan vi endeleg juble for opprykk og seriemeisterskap i 4. divisjon. Biletet er frå ein tidlegare kamp, men gleda var like stor etter dysten i Florø måndag kveld. Florø viste seg å berre vere ein rundingsbøye på vegen mot opprykk. Særleg i første omgang var det klasseskilnad.
- Då spelte vi eksepsjonelt godt, seier lagleiar Leif Otto Olsen. Samspelet sat, forsvarsarbeidet fungerte godt, og Fabian Fimland stod fantastisk bra i mål. Etter 17 minutt stod det 3-11 på måltavla før det jamna seg litt meir ut. Ved pause leia Førde 16-7.
Om Olsen var nøgd med dei første 30 minutta, var han det ikkje med resten av kampen.
- Vi snakka i pausen om at vi skulle halde fram som vi gjorde første halvdelen, men i staden vart det gamle synder med manglande samspel og forsøk på soloprestasjonar. Poenga var aldri i fare, men det var litt irriterande.
På det næraste var Florø seks mål bak, men mot slutten auka forspranget igjen, slik at vi vann med 12 mål.
No står det att berre ein kamp, borte mot Bjørnar 3. Dersom vi skulle tape den kampen, og Bjørnar vinn alle dei andre kampane dei har att, kan dei ende på 23 poeng, som vi har no. Men vi slo det grundig heime, og det skal mykje til at vi ikkje vinn på innbyrdes oppgjer, så i praksis er seriemeisterskapen klar.
Opprykket til 3. divisjon er klart, vi rykkjer opp saman med Dale. Dermed har Førde avansert to divisjonar på to sesongar etter at vi starta oppatt herrelag. God grunn til å feire!
Måla til Førde: Lars Engen Skadal 8, Kristian Henden 5, Ole Kristian Gjerstad 4, Jakob Rycerz 4, Daniel Kvidahl 4 (1 på straffe), Matheus Diaz Boge 1, Jakob Hoff 1, Jonas Espeseth 1, Robert Herstad Sund 1.
Uavgjort i slitekamp
Postet av Førde IL - Handball den 6. Mar 2024
H4 Dale-Førde 30-30 (12-13): Det vart akkurat så jamt og tøft som venta då Dale og Førde barka saman til toppoppgjer i 4. divisjon for menn i Fjalerhallen tysdag kveld. Dale hadde føringa i starten, men fekk aldri meir enn ei tomålsleiing, og mot slutten av omgangen var Førde mest effektive og gjekk til pause med leiing 13-12.
Dale prøvde seg med sju mot seks-spel, men lukkast ikkje veldig godt med det, det resulterte i fleire mål for Førde i ope bur.
Andre omgang var like jamn som første. Førde hadde ei tomålsleiing i starten av omgangen, men Dale kom sterkt og leia 23-21 etter 14 minutt. Daniel Kvidahl gav oss håp om to poeng då han sette inn 30-29 med 45 sekund igjen av kampen, men Haldor Vårdal kvitterte for Dale 27 sekund seinare, og dermed vart det poengdeling.
- Det var heilt greitt, Dale fortente det eine poenget, seier Førde-lagleiar Leif Otto Olsen. - Det var ein typisk slitekamp, vi kom liksom aldri i gang med vårt spel. Vi spelte ganske bra i forsvar til tider, men rota bort ein del ballar, så uavgjort var heilt greitt.
Måla til Førde: Lars Engen Skadal 7, Jakub Rycerz 6, Daniel Kvidahl 6 (3 på straffe), Øyvind Fougli Vraalsen 3, Mathias Indrebø 3, Kristian Henden 2, Robert Herstad Sund 2, Bjørn Tore Siebke 1. Viktor Haugen var toppscorar for Dale med 7 mål.
Komande måndag er det bortekamp mot Florø. Blir det to poeng der, er det mykje som skal til for at andre lag skal passere Førde på tabellen. Dake er alt parkert på innbyrders oppgjer, medan Bjørnar 3 framleis har ein teoretisk sjanse til å vinne serien. Og nettopp Bjørnar 3 er motstandar i vår siste kamp for sesongen. No har vi 21 poeng på 12 kampar, Dale 17 på 12, medan Bjørnar 3 har 13 poeng på ni kampar.
Nye poeng til herrelaget - no ventar Dale
Postet av Førde IL - Handball den 4. Mar 2024
H4 Førde-Bjørnar3 38-21 (17-12): Det vart ein klar og komfortabel siger då Bjørnar3 gjesta Førdehuset søndag. Mot normalen kom karane våre godt i gang og hadde ei leiing på sju mål halvveges i første omgang. Så kom Bjørnar sterkare og reduserte til 14-11, før vi fekk litt sving på sakene igjen, slik at det stod 17-12 ved pause.
Andre omgang vart ein maktdemonstrasjon frå vår side. Då 20 minutt av omgangen var spelt hadde Bjørnar berre sett inn fem mål, vi hadde scora 14. Til slutt vart det 38-21.
Det høyrer med til historia at Bjørnar vann med to mål mot Dale laurdag. og nettopp Dale ventar oss i Fjalerhallen tysdag kveld. Om laget til Johnny Pedersen leverte svakt mot Bjørnar, er det liten tvil om at dei kjem til å mobilisere alt i slaget om Sunnfjord. Førde vann heimekampen med ti mål, men er budd på å måtte slite for poenga i Dale.
Ei intens veke blir avslutta med bortekamp mot Florø komande søndag, eit Florø-lag som har gjort store framsteg sidan dei vart utklassa 47-13 av Førde i oktober. Dei slo m.a. Kjøkkelvik, som vi tapte for. Så også der må det jobbast skikkeleg for å sikre dei poenga som skal til for å vinne serien. Akkurat no har vi 20 poeng på 11 kampar, Dale har 16 på 11 kampar, Bjørnar 3 har 13 på ni kampar.
Etter kampen i Florø har Førde att berre ein kamp, borte mot Bjørnar 3 den 6. april.
NB! Det er no endeleg avgjort at damelaget får to poeng etter at Tertnes ikkje kom til kamp i Førde 17. februar. Dermed er vi på tredjeplass på 2. divisjonstabellen med 22 poeng.
Åsane for sterke i siste kampen til Estelle
Postet av Førde IL - Handball den 22. Feb 2024
K2: Åsane-Førde 33-22 (14-12): Førde hadde ingenting å tape, sa trenar Øyvind Indrebø før kampen mot Åsane torsdag kveld. Og jentene våre viste i første omgang at dei ikkje ville gi seriefavoritten poenga utan at dei måtte slite for det. Ein god Førde-periode gjorde at vi gjekk frå 11-7 til 11-11. Då tok Åsane time out. Pauseresulatet var 14-12 til bergensarane.
I andre omgang vart det større skilnad. Rett nok scora vi først ved Annette Kaalstad, men dei neste 11 minutta kom det ni mål i vårt bur, vi greidde berre å kvittere for eitt av dei. Dermed var vi ni mål bak, og håpet om poeng var ikkje lenger realistisk. Men jentene fullførte godt, og det enda med 33-22.
I ein annan kamp torsdag vann Bjørnar 29-20 over Tertnes og passerte oss på tabellen. Men vi får truleg to poeng for den avlyste Tertnes-kampen og vil då ta tilbake tredjeplassen.
Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren til kampen.
- Åsane vart eit nummer for store for oss i kveld. Vi hadde ein god første omgang der vi fylgde kampplanen . Så får vi ein svært dårleg start på 2.omgang, der kampen blir avgjort. Då blir vi for passive framme, og tek ikkje duellane bakover. Så plussen i dag er prestasjon og innsats i første omgang, så skal vi jobbe med å stå tøffare opp i periodar der det buttar i mot. Vi har vore gode på det i år, men i kveld såg vi litt den same tendensen som siste kampen før jul heime – mot Åsane.
- No er det tre veker til neste kamp, og det er heime mot Reistad. Eit Reistad som har ei god formutvikling, så vi må bruke vekene godt for å vere godt førebudde. Elles var kampen i kveld Estelle sin siste kamp i Førdedrakta. Vi har konkludert med å avslutte samarbeidet no, og ho reiser difor heim til Sverige etter kampen i dag. Støtteapparatet og spelarane vil takke Estelle for hennar bidrag med profesjonalitet inn i laget.
Måla til Førde: Annette Kaalstad 5 (3 på straffe), Oda Vindheim 3, Kinga Lemiech 3, Berenice Olga Halvorsen 2, Marie Erichsen Myklebust 2, Estelle Ahlquist Lundh 2, Vilje Sande-Neset 2, Alexandra Afloarei 2, Tuva Tefre Kalstad 1.
Øyvind: Ingenting å tape
Postet av Førde IL - Handball den 21. Feb 2024
Torsdag går turen til Bergen for å møte opprykksfavoritt Åsane. Vi slo det andre topplaget, Gneist, i Bergen, så kvifor ikkje ta Åsane også? (Biletet er teke etter den kampen). Rett nok tapte vi klart mot Åsane på heimebane, men som sagt før: Handball er ikkje matematikk, kvar kamp lever sitt eige liv.
Trenar Øyvind Indrebø ser fram til kampen, etter at heimekampen mot Tertnes vart avlyst.
- Torsdag kveld møter vi Åsane borte. Eit lag som i forhold til poengtap totalt sett leier serien, og som derigjennom kjempar om opprykk. Og dei har dei siste kampane vore suverene. Men utfordringar er til for å løysast. Vi kan i siste del av sesongen ha fokus på å ta nye steg prestasjonsmessig, utan å tenke krav om å måtte vinne. Så dette er ei fin utfordring for oss i forhold til å utvikle laget. Åsane er klare favorittar, der vi har ingenting å tape, men alt å vinne. Jentene gler seg til denne type utfordringar.
Når det gjeld den avlyset kampen Førde-Tertnes: Handballforbundet har beslutta at Tertnes ikkje får godkjent grunnen til å ikkje møte til kamp sist laurdag, så kampen blir sett til 0 - 0 og to poeng til Førde. Tertnes kan rett nok anke denne beslutninga. Fristen for å anke er 10 dagar frå og med i dag. Saka er ikkje endeleg avgjort før fristen for å anke er ute.
Kampen er avlyst
Postet av Førde IL - Handball den 15. Feb 2024
Det blir ikkje kamp mot Tertnes laurdag 17.2. Tertnes har sjuke spelarar og har bede handballforbundet om å få utsett kampen. No blir det opp til handballforbundet om dei vil sette opp kampen seinare eller gi Førde to poeng.
Etter ein god siger over BSI sist søndag, er eit anna Bergenslag motstandar i Førdehuset laurdag 17. februar klokka 16. Vi slo Tertnes 32-19 i Bergen, vi er på tredjeplass med 20 poeng, medan Tertnes er heilt sist med seks poeng, så det kan i utgangspunktet sjå ut som lett match for strekspelar Alexandra Afloarei (biletet) og resten av laget vårt. Alex er veteranen i laget og har gjort ein kjempejobb denne sesongen med godt forsvarsarbeid og med viktige mål frå strekposisjon. Men ho og resten av laget veit at to poeng ikkje kan innkasserast basert på tidlegare oppgjer. Jobben må gjerast i løpet av 60 minutt komande laurdag.
Og trenar Øyvind Indrebø er klar på at dei ikkje undervurderer Tertnes.
- Vi møter eit Tertnes som kjem frå ein kamp mot serieleiar Gneist onsdag, der dei hadde føringa i store delar av kampen. Gjennom dette utfordra dei serieleiaren. Rapportane frå Bergen er at Tertnes var både gode og lure. Så jentene er førebudde på ein «travel» kamp. Men vi kjenner på at vi har ferdigheitene til å kunne slå Tertnes. Så gjenstår det å utøve det i praksis. Sjåast på kamp!
Solid siger over BSI
Postet av Førde IL - Handball den 11. Feb 2024
D2: Førde-BSI 35-26 (19-9): Oda Vindheim (biletet) vart kåra til vår beste spelar då vi kapra to nye poeng i Førdehuset. Det skjedde etter ein veldig god første omgang. Rett nok kom BSI best i gang og hadde leiing 2-1, men så tok våre jenter over. Og gledeleg nok var det kantspelarane våre, Tuva Tefre Kalstad og Amalie Ness, som scora dei fleste av måla då vi opparbeidde ei solid leiing.
Ved pause var vi ti mål føre, og dermed skjedde det som vi har sett før når vi har hatt ei klar leiing: andre omgang vart ikkje på langt nær like god. BSI kom nærare og knappa inn til seks mål bak, men dei to poenga var aldri i fare. Til slutt vart det nimålssiger.
Trenar Øyvind Indrebø var veldig godt nøgd med det som vart prestert før pause.
- Då var vi veldig gode. Etter pause var jentene meir slurvete og ukonsentrerte, og det førde til feil som BSI utnytta. Men kampen sett under eitt er eg godt nøgd, og det er fint å kunne ta to poeng etter ein pause på fire veker.
Med dei to poenga passerte Førde tre lag på tabellen og ligg på tredjeplass bak Gneist og Åsane.
Måla til Førde: Kinga Lemiech 8, Tuva Tefre Kalstad 5, Estelle Ahlquist Lundh 5,Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 3 (2 på straffe), Oda Vindheim 3, Vilje Sande-Neset 3, Amalie Haugsbø Ness 2, Marie Erichsen Myklebust 2.
Kampgira jenter klare mot BSI
Postet av Førde IL - Handball den 8. Feb 2024
Dette biletet vart teke etter at vi vann 40-27 på bortebane mot BSI 21. oktober. Søndag 11. februar kjem studentlaget til Førdehuset, og då er sjølvsagt målet to nye poeng. Då har det gått fire veker sidan forrige seriekamp, borte mot Rygge, som vi slo med fem mål. Sidan den gong har nokre lag passert oss på tabellen. Vi er nummer seks med våre 18 poeng. Med siger mot BSI vil vi avansere til tredjeplass.
Trenar Øyvind Indrebø meiner det ikkje er berre å spasere seg til siger mot BSI, som er nummer ti med åtte poeng:
- Etter eit lengre opphald med kampar, er det endeleg match igjen. Så møtet mot BSI i Førdehuset søndag ser jentene veldig fram til. I kamppausen har vi hatt litt utfordringar med sjukdom og skadar. Men det er svært gledelig at vi inn mot kampen har hatt og har gode økter i forhold til kvalitet – og alle er per tid «fit fot fight».
- Vi møter eit BSI som eg meiner er betre enn tabellplasseringa skulle tilseie. Det er eit studentlag som spelar ein fartsfylt, fin handball, der vi må vere «på» for å henge med i svingane. Samtidig har eg trua på at med dei kvalitetane vi har i laget, er det mogeleg å hamle opp med BSI. Men då fordrar det at vi leverer opp mot det vi er gode for.
- Eg håpar og trur at vi kan mobilisere den åttande spelaren på bana søndag, gjennom eit solid og entusiastisk heimepublikum. Det set jentene ufatteleg pris på. Vi sjåast i Førdehuset søndag kl 1500!
Så kom første tapet for herrelaget
Postet av Førde IL - Handball den 4. Feb 2024
H4 Førde-Kjøkkelvik 27-28 (14-13): Etter ni strake topoengarar vart det eittmålstap heime mot Kjøkkelvik. Bergenslaget kom frå eit tap mot Florø laurdag, men viste seg å vere ein vanskeleg motstandar for våre karar i denne kampen. 13 mål frå Daniel Kvidahl (biletet) var ikkje nok til to poeng.
Vi mangla Lars Engen Skadal, men lagleiar Leif Otto Olsen meiner det var fleire grunnar til tapet.
- Eit surt tap, det var slik at vi tapte i alle ledd. Få keeperedningar, dårleg forsvar som står for lenge og ser på at Kjøkkelvik gjer seg klare til å avslutte. Dei gjorde ingenting med det, og det skjedde gang på gang. Heller ikkje i angrepet fungerte det godt, det vart for mykje einmannsspel, dei skulle gjere det sjølv med påfølgande dårlege skot.
Kjøkkelvik var i føringa stort sett heile kampen, med unnatak av slutten av første omgang, då vi greidde å vere eitt mål føre til pause. Mot slutten av andre omgang var dei oppe i tremålsleiing, men vi greidde å redusere til 27-28 før sluttsignalet gjekk.
Mål for Førde: Daniel Kvidahl 13 (1 på straffe), Jakub Rycerz 5, Thomas Niiranen Hamre 3, Ole Kristian Gjerstad 2, Øyvind Vraalsen 2, Kristian Henden 1,Jonas Espeseth.
Niande strake sigeren
Postet av Førde IL - Handball den 28. Jan 2024
H4 Førde-BSI 2 34-27 (19-10): Søndag spelte herrelaget sin kamp nummer ni i fjerde divisjon, og det enda med topoengar nummer ni. Det meste var avgjort til pause, då vi leia med ni mål. Andre omgang var ikkje så bra, BSI 2 vann faktisk den med to mål. Men poeng vart det, og vi står med 18 poeng på ni kampar, Dale har 16 poeng på 10 kampar.
Komande søndag kjem Kjøkkelvik til Førdehuset. Det laget kan vere ein litt verre motstandar enn BSI 2, Kjøkkelvik har 11 poeng på åtte kampar.
Måla til Førde: Daniel Kvidahl 9 (1 på straffe), Jakub Rycerz 8, Mathias Indrebø 6, Lars Engen Skadal 3, Robert Herstad Sund 3, Kristian Henden 2, Matheus Diaz Boge 2, Øyvind Fougli Vraalsen 1.
Tuva og Marie på landslagssamling
Postet av Førde IL - Handball den 21. Jan 2024
Marie Erichsen Myklebust (biletet) og Tuva Tefre Kalstad er kalla inn til regional landslagssamling i Bergen for spelarar fødde i 2006. Samlinga skal vere i Åsane Arena 2. til 4. februar. Både Tuva og Marie er venstrehendte kantspelarar. På samlinga er det to andre i same posisjonen.
Kickstart på 2024
Postet av Førde IL - Handball den 14. Jan 2024
Det har vært innholdsrike dager for klubben siden nyttår. Lørdag 6.1 spilte J14 kamp borte mot Bjørn, en kamp de vant med god margin og sørget for å komme seg i A-gruppa resten av sesongen, det vil si gode kamper og en arena de får muligheten til å utvikle seg godt på. Vi gratulerer med dette og ønsker laget lykke til videre i sesongen. Denne dagen tok også damene i 2.divisjon en solid hjemmeseier mot Follo 2.
Søndagen var J12 på tur til Dale for sin første kamp i 2024.
Fredag 12.01 hadde J13 sin første kamp for året, borte mot Florø. Turen startet fra Førde, men bilene måtte raskt snu da Naustdalstunellen ble stengt, kampen endte dermed uavgjort på grunn av litt tidspress, og J13 klarte å komme seg i A-gruppa nå i videre spill. Vi gratulerer med dette og ønsker masse lykke til i resten av sesongen.
Lørdag 13.01 var det full rulle for mange lag. J6 hadde sine første kamper, hvor de møtte Askvoll og seg seg i Askvollhallen, i samme hall hadde også J7 sine første kamper i 2024. J11 startet sesongen på hjemmebane, sammen med fjerdedivisjon som tapte mot Eid. 2.divisjon er på tur østover hvor helgas første kamp endte med 29-32 tap mot Fredrikstad 2.
Søndag 14.01 var nok en dag med enormt antall kamper for klubben. J9 tok turen til Fjalerhallen for sine første kamper i år. J12 hadde nye kamper mot Dale i Førdehuset og J16 hadde sin første kamp for året som endte med 7-24 tap mot Sogndal. Jenter og gutter 8 hadde full runde i Førdehuset, og fjerde divisjon reiste seg fra gårsdagens tap med 24-21 seier over Sogndal 2. 2.divisjon tok i dag seieren 27-22 borte mot Rygge.
Kommende veke er det nye konkurranser og aktiviteter for klubben.
Jenter 10 tar lørdag turen til Askvoll for kamper mot Askvoll/Holmedal, Dale og Høyang.
Jenter 12 tar nok en kamp mot Dale i Førdehuset 12.00 og 13.00
Førde United tar turen til Sandane og Trivselshagen for sine første kamper for året.
Fjerdedivisjon har en lang reise til Årdal hvor Jotun venter på dem klokka 14.30
Gutter 10 har kamper mot Florø klokka 14.45
Søndag 21.01 reiser J16 til Eid for kamp klokka 12.00
Vi takker for en god start på året, og ønsker alle sammen lykke til den kommende uka med treninger, kamper og andre aktiviteter.
To poeng med heim frå Østfold
Postet av Førde IL - Handball den 14. Jan 2024
To tøffe bortekampar, tremålstap mot Fredrikstad 2 laurdag og femmålssiger mot Rygge søndag. Trenar Øyvind Indrebø er sjølvsagt mest nøgd med at vi tok begge poenga mot Rygge.
- Som forventa har det vore ei tøff helg i Østfold. Laurdagskampen mot Fredrikstad 2 var tett og jamn heile vegen. Vi spelar ein bra kamp framover, men slepp inn for mange mål i deira ankomst. Resultatet kunne bikka begge vegar.
- I dag møter vi eit tøft fysisk og godt Rygge. Og vi møter eit entuastisk lag, med veldig trøkk på tribuna. Vi spelar ein fantastisk kamp i forsvar, og i periodar smart framme.
- Eg er veldig fornøyd med at vi i dag spelar to solide omgangar i same kamp. I tillegg gler det meg den moralen laget hadde i dag. No er det fire veker til neste kamp. Dei skal vi bruke godt for å ta nye steg.
Førde er no på tredjeplass på tabellen med 18 poeng, to meir enn Hokksund, som har to kampar mindre spelt.
Kampfakta:
Fredrikstad 2-Førde 32-29 (15-15): Mål for Førde: Estelle Ahjquist Lundh 9 (2 på straffe), Kinga Lemiech 5, Vilje Sande-Neset 4, Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 2, Oda Vindheim 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Erichsen Myklebust 1, Bianca Bruenich 1.
Rygge-Førde 22-27 (10-13): Mål for Førde: Estelle Ahlquist Lundh 9 (3 på straffe), Kinga Lemiech 7, Marie Erichsen Myklebust 4, Oda Vindheim 3, Alexandra Afloarei 2, Amalie Haugsbø Ness 1, Vilje Sande-Neset 1.
4.div damene med dobbeltkamp
Postet av Førde IL - Handball den 12. Jan 2024
I helga spiller vårt damelag i fjerdedivisjon dobbeltkamp her i Førde. De har startet sesongen godt og har fem av syv mulige seire. Lørdag 17.40 venter Eid på motsatt banehalvdel, Eid ligger i bunn av tabellen med to poeng, men det blir som regel alltid jevne kamper mot Eid. Søndag klokka 16.00 står Sogndal 2 på motsatt side. Borteoppgjøret mellom lagene endte med femmålsseier til Førde, og vi håper de gjenskaper dette i helga.
Møt opp for å støtte damene til fire poeng i helga, været forteller oss at vi liker oss best innendørs i helga.
Trenger fleire til den administrative delen i klubben
Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2024
Bilde hentet fra: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/innlandet/system/oppland-idrettskrets/kalender/styremote-oik1/
Vil du bidra administrativt i klubben? Vi treng nye styremedlemmar som kan være med å utvikle klubben vidare. Om du likar organisatoriske oppgåver eller trivast i ledrrolle ta kontakt med valnemda ved Merethe Klakegg, Ingvill Hafstad, Randi Bekken eller Rune Øksenberg for meir informasjon.
Bli med på laget du og
Spennande og utfordrande bortehelg
Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2024
Etter komfortabel siger mot Follo 2 på heimebane sist laurdag ventar to tøffe bortekampar komande helg. Etter ein lang tur til Østfold skal Førde måle krefter med Fredrikstad 2 laurdag og Rygge søndag. Heimekampane mot desse to laga var jamne. Mor Fredrikstad 2 vart det eittmålstap, medan vi vann med to mål mot Rygge.
I den kampen vart Estelle Ahlquist Lundh (biletet) kåra til vår beste spelar. Vi kryssar fingrane for at ho og resten av laget sikrar poeng også i Østfold.
Trenar Øyvind Indrebø er klar på at dette blir utfordrande oppgjer.
- Vi møter to gode lag i Fredrikstad 2 og Rygge komande helg. Vi må nok prestere på vårt aller beste for å hente heim poeng. Kampane er i utgangspunktet heilt opne, slik at det kan bli alt frå 0 til 4 poeng. Vi skal gjere alt vi kan for å levere gode prestasjonar. Per tid har vi litt utfordringar med sjukdom og skader, men håpar vi kan mønstre eit godt lag både laurdag og søndag. Vi gler oss.
Poenga sikra i første omgang
Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2024
Førde-Follo 2: 32-23 (19-5): Førde utklassa Follo etter alle kunstens reglar i den første halvtimen av 2. divisjonskampen i Førdehuset. Det stod 19-5 ved pause.
- Første omgang var heilt suveren, seier trenar Øyvind Indrebø.
Andre omgang vart heilt annleis, bortelaget vann faktisk den 18-13. Dei scora seks mål mot slutten av kampen utan ei einaste Førde-kvittering.
-Det er normalt at andre omgang blir jamnare etter ei slik overkøyring i første, seier Øyvind. Heilt på tampen hadde vi nye konsellasjonar, alle fekk spele. Guro Bruland Gurvin scora sitt første mål på dette nivået.
Men det var aldri fare på ferde, poenga vart att i Førde, og det er det som tel. Vi har no 16 poeng og ligg på fjerdeplass.
Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lundh 9 (3 på straffe), Annette Kaalstad 5 (1 på straffe), Oda Vindheim 4, Alexandra Afloarei 4, Kinga Lemiech 4, Amalie Ness 3, GuroBruland Gurvin 1, Andrea Boge Solås 1, Vilje Sande-Neset 1.
Øyvind: - Viktig nøkkelkamp
Postet av Førde IL - Handball den 3. Jan 2024
Laurdag klokka 16 er det klart for den første seriekampen i 2024, heimekamp mot Follo 2. Begge laga har spelt 11 kampar, vi er nummer fem med 14 poeng, Follo er sist med fem. I haust vann vi 31-22 borte, så på papiret skulle dette vere grei skuring. Men som vi alle veit: handball er ikkje matematikk. Kvar kamp lever sitt eige liv. I bortekampen var det lenge jamt, det stod 12-12 ved pause.
Og trenar Øyvind Indrebø tek slett ikkje lett på kampen mot Follo 2:
- Etter 14 dagars juleferie, er det rett på ein viktig nøkkelkamp. I jule- og nyttårshelga har fokus vore å pleie den fysiske delen, saman med å samle krefter til ein spennande 2. halvdel av sesongen.
- På laurdag møter vi eit ungt og talentfullt Follo 2, som har hatt ei veldig positiv formutvikling i november og desember. Vi må difor prestere opp mot vårt beste, om poenga skal bli igjen i Førde.
- Når det gjeld skader/sjukdom er som kjent Martine og Benedicte ute for resten av sesongen. Oda er i fin utvikling og tilbake i trening. Usikre momentet inn mot kampen lørdag er Amalie med eit virus i kroppen. Vi gler oss til kamp igjen, og håpar på solid støtte på tribuna.