Premiefest torsdag 9 april.

Postet av Førde IL - Langrenn den 26. mar 2026


Førde Langrenn inviterer til premiefest torsdag 9. april kl. 17.30 på Førde Camping. Vedlagt er også oversikt over kven som får utdelt premie på premiefesten.

Det blir premieutdeling for dei som har deltatt på fire eller fleire karusellrenn, lagsmesterskap og/eller merkerenn. 

Alle er hjarteleg velkomne til å ta del i avslutninga av årets skisesong! Vel møtt.

Oversikt premiefest.pdf




Tre nye år på same lag

Postet av Førde IL - Langrenn den 20. mar 2026


Førde Langrenn er stolte over at samarbeidet med SpareBank 1 Sogn og Fjordane held fram i tre nye år. Avtalen sikrar langrennsgruppa ein viktig og stabil støttespelar i åra som kjem, og betyr mykje for utviklinga av langrennssporten i regionen.

 

- Vi set stor pris på samarbeidet med Sparebank 1 Sogn og Fjordane, som er med på å leggja til rette for at barn og unge får gleda av å gå på ski. Gjennom eit langt og godt samarbeid er det mange som har fått sitt første møte med både skitreningar og SSF-karusellrenn på Langeland. Og vi skal gjere vårt beste for at enno fleire skal få gleda av å gå på ski i åra som kjem, seier styreleiar i Førde Langrenn, Asgeir Årdal.

 

Med denne støtta i ryggen kan Førde Langrenn halda fram med å utvikla gode treningsvilkår, arrangement og eit sterkt langrenns­miljø i Sunnfjord. Vi ser fram til tre nye år saman!

 

Biletet:
Asgeir Årdal, saman med konstituert banksjef personmarknad, Rune Vosseteig.
Foto: Gunn Aase Moldestad, SSF.




Årsmøte Førde IL Langrenn 2026

Postet av Førde IL - Langrenn den 2. mar 2026

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FØRDE IL LANGRENNSGRUPPA

Styret ønskjer alle hjarteleg velkommen til årsmøte i langrennsgruppa! Håper så mange som mogleg har høve til å stille. 

STAD: Førde, Idrettens Hus.

TIDSPUNKT: Måndag 09.03.2026 kl.19:00 - 20:30.

Saksdokument:

Innkalling til årsmøte.pdf




Karusellrenn og andre skirenn sesongen 2026 på Langeland.

Postet av Førde IL - Langrenn den 5. jan 2026

Karusellrenn 2026:

Trykk på lenka for å kome til meir informasjon og påmelding - du finn også dugnadslista på isonen!


KM - og SSF-cup på Langeland


Dugnad

Føresette vil bli sett opp på dugnadslister til kvart skirenn, som inkluderer ulike oppgåver. Det kan vere løypevakt, dele ut saft, dele ut eller hente inn startnummer eller å hjelpe med å rigge stadion. Meir krevjande oppgåver som tidtaking, rennleiar eller startar, vil bli gitt til dei som har erfaring med oppgåva. Skirenna er ei inntektskjelde for idrettslaget, og dugnadsvakta di er såleis eit godt bidrag til inntekt til langrennsgruppa. 

Dersom det ikkje høver og stille på dugnad når en er oppsett er det fint om ein bytter innbyrdes 😊 

Tusen takk til alle som stiller på dugnad - uten dokke hadde det ikkje blitt skirenn🙏🏻😊






Bestilling av klubbkle for Førde Langrenn utøvere.

Postet av Førde IL - Langrenn den 10. nov 2025

Kjære kunde, 

Velkommen til vår teamshop. Om det er første gangen du bestiller fra oss må du opprette NY KONTO før du kan logge inn.

Du får tilgang til din teamshop ved å logge inn eller opprette ny konto på denne linken.

Etter du har logget inn legg så til teamkoden: frodeil-3980 for å besøke din teamshop.

En veiledning for hvordan du oppretter ny konto, logger inn og legger til din teamshop finner du på denne linken.

Bestillingsfrist: 13/11/2025

Levering ca midten av januar.

Etter å ha fullført et kjøp i teamshoppen vil du motta en ordrebekreftelse.