Frivillige til Tour des Fjords

Postet av Førde IL - Langrenn den 9. Feb 2017


Onsdag 24. mai 2017 går Tour des Fjords etappen frå Balestrand til Førde. Arrangøren melder om ein spektakulær sykkelfest med mykje moro!

For å hindre ulukker og skader på syklistar og tilskodarar er det behov for mange vakter ute i løypene. Arrangøren treng 120 vakter frå Movatnet og rundt løypa i Førde.

Førde Idrettslag er ansvarleg for å få frilvilige vakter på plass, og vi oppfordrar no dei som har mogleheit til å melde seg. Dette blir ei stor oppleving å vere med på!

Arrangøren vil komme med meir informasjon, men det er viktig for dei å vere tidleg ute for å sikre seg nok vakter.

NB! Løypevaktene må vere over 18 år.

De kan melde dykk som frivillige vakter slik:

http://tourdesfjords.no/


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.