Miljøsamling Beitostølen 24-26 November

Postet av Førde IL - Langrenn den 19. Okt 2017

Miljøsamling Førde IL Langrenn.

 

Stad: Beitostølen

Tidspunkt: 24.-26. november 2017. Avreise fredag ”etter lunsj”. Heimreise søndag ettermiddag.

Pris: Pris for overnatting er ca kr 900.- pr. person for heile opphaldet. Merk at pris kan avvike litt, avhengig mellom anna av antall påmelde. Eventuell løypeavgift må kvar enkelt dekke sjølv. Kr 50 pr.døgn i 2016. Mat og transport kjem i tillegg.

Påmelde utøvarar vert tilsendt faktura for opphaldet direkte frå Førde IL Langrenn.

Informasjon om reserverte hytter: Arena 1  http://www.bookingservice.no/i...

Arena 20 http://www.bookingservice.no/i...

Arena 23 http://www.bookingservice.no/i...

Arena 5: http://bookingservice.no/index...

Målgruppe: Samlinga er open for alle. I utgangspunktet har vi ca 40 sengeplassar, dersom det vert fleire påmeldingar enn det er sengeplassar vil ein vurdere å reservere fleire hytter.

Førebels program: 

Fredag 24. november 2017

  • Ved ankomst, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 20 min.- 1t 45min.


Laurdag 25. november  2017

          Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur klassisk, 1t 30min.-2t

  • Kl. 16.00, økt 2: Distansetrening friteknikk/ klassisk, 1t 30 min.-2t

Laurdag kveld samlar vi alle på den største hytta til felles måltid og hygge.

  

Søndag 26. november 2017

  • Kl. 09.00, økt 1: Roleg langtur friteknikk, 1t 30 min – 2t


Trenarar: Yngve Thorsen  m.fl.

 

Påmelding: Påmelding innan måndag 06.11.17  til: yngve.thorsen@skiforbundet.no

Påmeldinga er bindande.

Påmelde utøvarar og føresette vert tilsendt detaljinformasjon i god tid før samlingsstart.

Utøvarar under 18 år kan ikkje reise aleine. Ein vaksen kan ha ansvar for fleire barn, men det må avklarast i førekant og opplysast om ved påmelding.

Meld deg på!

Mvh

Førde IL langrenn

 

Utstyrsliste

- sengeklede/sovepose

- godt med treningsklede

- superundertøy / ullundertøy

- overtrekksklede

- handkle

- fritidsklede

- toalettsaker

- innesko

- hue, hanskar / vottar

- drikkebelte / drikkeflaske

- liten dagstursekk

- godt med sokkeskift

- fleecegensar / ullgensar

- klassisk og skøyteski med tilhøyrande stavar og sko

- skismurning

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.