Rekordstor gjeng symjarar kvalifisert til LÅMØ Vest 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 23. Jan 2018

Førde IL Symjing har 17 kvalifiserte symjarar til LÅMØ Vest 2018. Aldri før har vi vore over 10 symjarar, så dette er veldig gledelig. Mykje av æra skal instruktørane i symjeskulen ha, for at dei har lært opp så mange gode symjarar i ung alder. Også trenarane har gjort ein god jobb med å få symjarane til å prestere så godt at dei har klart krava. Sjølsagt er det symjaren som må gjere jobben, og all ære til dei for alle dei treningstimane dei har lagt ned. Det er mykje hardt arbeid som ligg bak resultata, og det ser vi spesielt igjen på dei eldste symjarane.

Vi har to symjarar som ligg heilt i toppen i kvar sin årsklasse. Gutter 2006, der har vi Andreas Hvidsten, som innehar andre plassen i sin klasse. I gutter 2004 har Reinert S. Erland inntatt tredjeplassen, og han er også med å kjempe om å kvalifisere seg til ÅM seinare i vår.

Vi har fleire utøvere som kan være med å kjempe om medaljer i diverse øvelser, så vi har god trua på at det kjem til å bli eit av dei aller beste LÅMØ for Førde IL symjing sin del noken sinne. 

Så sett av helga 9-11 februar, og hvis ein ikkje kan være tilstede i AdO arena, så kan ein følge med på livetiming.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.