Vestlandsmeisterskap (DM) på Kaupanger 31. august og 1. september
Postet av Førde Idrettslag den 18. Aug 2019
Vestlandsmesterskapet i orientering er eit årleg arrangement med status som distriktsmeisterskap (DM) for Vestlandsregionen (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland).
I 2019 arrangeres Vestlandsmesterskapet av Sogndal IL laurdag 31. august og søndag 1. september.
Invitasjonen inneheld mye praktisk informasjon og kan lastast ned ved å trykke her: Innbydelse.pdf
Vestlandsmesterskapet er eit kompakt arrangement på Kaupanger i Sogndal. Arena lørdag 31/8 og søndag 1/9 er på Kaupanger Idrettspark, ca 10 km sør for Sogndal sentrum.
Facebooksida til vestlandsmesterskapet har lagt ut mange flotte bilete frå løpsterrenget, så klikk HER om du enno ikkje er overbevist om å vere med.
Start: laurdag er kl 14.00 (mellomdistanse) og søndag kl 11.00 (langdistanse).
Kart: Kaupanger. Målestokk: 1:10.000 / 1:7.500 / 1:5000. Ekvidistanse 5 m, utgitt 2019 Laserutskrift.
Ordinær påmeldingsfrist via Eventor: https://eventor.orientering.no onsdag 28 august 2019 klokka 22.00. Etteranmeldingsfrist fredag 30 august 2019 klokka 19.00. Ein kan også sende påmelding i god tid før ordinær påmeldingsfrist på mail til: gunnar.gytri@enivest.net
Vi håpar å sjå mange o-løparar frå Sunnfjord på Kaupanger denne helga!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Orientering Sunde skule 17.9.
16.09.2025

Resultat nærløp 10. september
11.09.2025

Nærløp 10. september
07.09.2025

Resultat nærløp Kråkenesmarka
04.09.2025

Orientering onsdag 3. september
02.09.2025

Resultat Kråkenesmarka 27.8.
27.08.2025