Jubel for årets første siger!

Postet av Førde IL - Handball den 8. Okt 2022

Førde-BSI 31-22 (17-11): Jentene våre kunne juble uhemma etter å ha vunne svært overtydande årets første heimekamp i 2. divisjon. Laurdagens motstandar, BSI, sleit med å få mål i starten av kampen fordi forsvarsspelet til Førde sat som eit skot. Heimelaget brende nokre opne sjansar i starten, men det stod 4-0 etter åtte minutt. Trenar Øyvind Indrebø var nøgd med det han såg.

- Vi hadde veldig fokus på at forsvarsspelet skulle sitte, og det gjorde det. Vi kom til mange sjansar, og visste at det etter kvart ville resultere i ein del mål.

Og det gjorde det. Etter ein liten downperiode midtveges, der BSI på det næraste var to mål bak, losna det mot slutten av omgangen, og det stod 17-11 til pause, etter at Amalie Haugsbø Ness sette fleire kontringar i mål.

Også i starten av andre omgang sat forsvarsspelet, og leiinga vart auka til ti mål. Mot slutten bytte trenar Indrebø litt på mannskapet. Det førde til ein del angrep med klabb og babb, men sigeren var aldri truga.

- Vi prioriterte å la fleire spelarar få kjenne på nivået, i tillegg er det ny kamp søndag , så det er viktig å la nøkkelspelarar kvile, men totalt sett er vi veldig nøgde med gjennomføringa av kampen.

Søndagens motstandar er Årstad, som snytte oss for poeng i fjorårssesongen, så då vil det smake med revansj. Uansett utfallet i den kampen er vi borte frå botnplasen med to poeng.

Måla til Førde: Emma Gloppestad 10 (3 på straffe), Amalie Ness 5, Benedicte Frøyen Bergset 4, Maren Totland Aase 4, Oda Vindheim 3, Tale Hageli Hallen 2, Tuva Tefre Kalstad 1, Maria Therese Kirkhorn 1, Sara Dyrhol Vatne 1.

Toppscorar for BSI var Pia Kjelsrud Johansen med 6 mål, medan Mona Skjærpe Klungtveit vart kåra til beste spelaren deira.

Andrea Boge Solås stod ein flott kamp i mål og vart kåra til vår beste, og ho fekk velfortent premie frå Cathia Baarøy frå kampsponsor Sparebanken Vest.

 Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.