Låg under med seks mål, vann med fem
Postet av Førde IL - Handball den 15. feb 2023
J16 Gloppen-Førde 19-24 (12-9): Onsdag drog J16 til Sandane for å møte Gloppen. Gloppen hadde ein periode i første omgang der dei leia med seks mål. Førde-jentene sleit med både forsvar og angrep. Til pause var stillinga 12-9 til Gloppen.
I starten av andre omgang greidde Førde-jentene raskt å hente inn leiinga. Dei stod stødig i forsvar. Gode avtalar i angrep førte til mange gode avslutningar, som gav flotte scoringar.
Førde fortsette å jobbe godt både i forsvar og angrep resten av kampen, noko som gav oss sigeren, vi vann 24-19. Ein flott og nervepirrande kamp, og laget er framleis ubeseira hittil i sesongen.

Tone Helen Breidvik Nydal
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
❤️ Førde Cup blir gjennomført som planlagt
28.08.2026
Klar for årets store håndballfest i Førde!
27.08.2026
J 14 i Fredrikstad Cup
25.05.2026
J14 på Fredrikstad
25.05.2026
Treningsleir i Spania med Førde United
21.05.2026