170 sprang rakettløype

Postet av Førde IL Orientering den 2. Jun 2023

Førde IL Orientering var på plass under Helse Førde-stafetten torsdag 1. juni. Vi hadde tilbod om rakettløype både på dagtid - for 5. klassingar i Sunnfjord - og på kveldstid under stafetten/barneløpa. Dette var eit populært tilbod, og kring 170 born prøvde seg i løpet av dagen, og tilbakemeldingar er at dei ivrigaste hadde over 20 runder.  Tar vi med forelder og andre som følgde borna, var det veldig mange inn om teltet der o-gruppa hadde rigga seg til. Ei fin marknadsføring av o-idretten. Vi fekk delt ut nokre o-brosjyrer og ein fekk positive signal om at nokre vil komme og prøve seg på nærløp. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.