Nærløpstart 10.4 i Movika

Postet av Førde IL den 8. Apr 2024

Onsdag 10. april startar nærløp-sesongen i orientering. Første løp vert ved Sunnfjord Museum i Movika. Start frå kl 18.00. N-løype på 1,3 km for nybyrjarar, C-løype på 1,5 km for litt vidarekomne, B-løype på 3,2 km for løparar som har vore med litt, og ei A-løype på 4 km for røynde løparar. Her er løyper til alle. 

Sidan det er første løpet for sesongen, oppfordrar vi folk om å vere ute i god tid.
Påmelding kan du gjere på førehand her, eventuelt tar du det ved frammøte. 

O-skulen: Nybyrjar-kurs kl 1715-1800 for alle aldersgrupper.

Turorientering:
Vi tilbyr alle medlemer i Førde IL turorientering for kun kr 100,- (halv pris). Vi sel tur-o-pakke på dei tre første nærløpa våre; Movika, Vieåsen og Halbrend skule. Etter det er det høve å kjøpe TurO-heftet på Intersport Erdal Sport for kr. 200,- eller du kan laste karta ned frå turorientering.no eller på TurO-appen. For denne prisen får du TurO-heftet med 10 kart med 10 turar iulike vanskegrader. . Les meir om turorienteringa på turorientering.no 

VEL MØTT til alle - om du er ny og nyskjerrig på o-idretten, eller om du er meir røynd. Det er god plass i skogen! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.