Resultat nærløp Langeland 3.6
Postet av Førde Idrettslag den 4. jun 2026

Veldig kjekt at det gode oppmøtet held fram på nærløpa. Over 80 registrerte løparar på løpet på Langeland onsdag 3. juni. Over 30 løparar meldte seg på ved frammøte. Det gjorde at vi fekk utfordringar med kart i C-løypa. Her hadde vi 6 førehandspåmeldte, medan det var 21 som ville springe denne løypa. Då vart det litt knapt, men ting ordna seg.
Etter løpet vert det rapport om god stemning med vafler, saft, kaffi - samt boller og bananer - på Skihytta. Ein hadde også oppe Livelox, og ein fekk sjå nokre av dei vegvala som løparane hadde tatt.
Løypevinnarar: A løype herrer Gaute Osvoll, A løype damer Margit Sandem Fjellengen, B løype menn Knut Folkestad, B løype kvinner Vena Fristad, C løype menn Anders Mallasvik, C løype kvinner Tuva Bjørset-Hirth.
Fullstendig resultatlister med strekktider og løypeval finn du på Eventor.
Også dei to neste onsdagane, 10.6 og 17.6, er Langeland skisenter oppmøtestad for nærløpa!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Logg inn for å skrive en kommentar.