O-løp Jølster august

Postet av Førde Idrettslag den 9. aug 2026

Det vert arrangert fleire o-løp på Jølster i august. Førde IL Orientering er arrangør. 

Onsdag 12.8: Gjesdalsdalen (merka frå E39 i sentrum). Nærløp. Start kl 18.00.
Onsdag 19.8: Støfringsdal (merka frå E39 Langhaugane). Nærløp. Start kl 18.00.
Laurdag 22.8: Eikås (merka frå E39). Sunnfjordorienteringa og KM-langdistanse. Start kl 13.00.
Onsdag 26.8: Eikås (merka frå E39). Nærløp. Start kl 18.00.

Mogeleg å melde seg ved start alle dagar. 

Løypetilbod på nærløpa:
A-løype. Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.
B-løype.  Passar alle som har ein del erfaring med orientering.
C-løype: Avansert nybyrjar. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.
N-løype: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.

Løp onsdag 12.8 i Gjesdalsdalen. 
Arena ligg i enden av bilvegen som går på vest sida av Gjesdaldsdalen. Bomveg kr 50,-. Det blir merka med frå E39 Vassenden sentrum.

Løpelengder: A = 5,0 km.  B = 3,2 km. C = 1,9 km. N = 1,2 km.
Det er ca 200 meter å gå på sti frå arena til start.  Det går husdyr i område.

Velkomen til alle. Påmelding via Eventor, eller ved frammøte. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest


Logg inn for å skrive en kommentar.