STAFETTE FOR LIVET
Postet av Førde Idrettslag den 11. aug 2026
Postet av Førde Idrettslag den 22. aug 2025

Førde I.L. Orientering stiller også i år lag på kreftforeningas Stafett for livet som blir avvikla på Førde stadion lørdag 5. til sunndag 6 .september. Konseptet går ut på å gå eller springe kontinuerleg i 24 timar frå lørdag kl. 12:00 til sunndag kl. 12:00 Det betyr at det alltid skal vere minst ein person frå laget på bana heile tida. Det mest vanlege er at kvar deltakar har etappar på 1 til 2 timar. Fint høve til ei god treningsøkt og støtte ei god sak. Vi oppfordrar alle som har høve til å delta melde seg på, så skal vi sette opp liste på når du skal gå/springe. Meld deg direkte på linken: Førde I.L. Orientering - Kreftforeningens Stafett for livet eller på mail: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Vi set opp teltet vårt og serverer forfriskningar. Husk å ta med varme kle, spesielt for dei som har nattetappar. I fjor stilte orienteringsgruppa med 22 deltakara som tilbakela 616 rundar, som tilsvarer ei distanse på 252 km. Klaraer vi å slå denne rekorden i år. Vi prøver også å få til ein utloddning så vi kan få inn litt ekstra til Kreftforeninga. Dei som ynskjer å gje eit beløp kan og berre vippse til: #590488.
Logg inn for å skrive en kommentar.