Kategori
Premiefest og nattløp 28.10
Postet av Førde Idrettslag den 25. okt 2026

Onsdag 28. oktober vert det premiefest for orienteringssesongen 2026 på FIL-huset i Hafstadparken. Premiefesten startar kl 18.30. Her vert det premiering for deltaking i nærløpa, lagsmeisterskap og turorientering. Servering av saft, kaffi og kaker. Info om Fjord-O 2028. Utlodding.
Her finn du dei som skal ha deltakarpremie for nærløpa: Premieliste 2026 komplett.xlsx
Før premiefesten startar, vert det nattløp i Hafstadparken med start frå kl 1730. Garderober i FIL-huset. Ta med lomme-/hovudlykt. Løyper for alle, born gjerne i lag med vaksne.
Løypelengder: Nybyrjarløype 1,0 km, litt vidarekomne 1,4 km, for erfarne B-løype på 1,9 km og A-løype på 2,9 km. Løypene går mest på gras, grusveg og asfalt. A og B løypene går litt innom skog område.
Oppfordrar flest mogeleg til å melde seg på via Eventor, men det er og mogeleg å melde seg på ved frammøte.
NB! Fredag 30. oktober planlegg ein Hall-O-ween for dei yngste i Hafstadparken. Les meir her:
Hall-O-Ween 2026
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Logg inn for å skrive en kommentar.