TRUDDE VI SKULLE SLIPPE Å SJÅ DETTE

Postet av Førde IL - Handball den 19. Okt 2020

På Førde si trening i Førdehuset dukka denne profilerte spelaren opp. På krykkjer! – Eg trudde eg skulle vere ferdig med dette, smiler Kjerstin Boge Solås tappert.

Dale-jenta var Norges yngste spelar (18) under handball-EM i 2016, og var spådd ei eventyrleg karriere. Ingen spelarar har verken før eller seinare vore yngre på eit norsk seniorlandslag i handball. Eit lag som dessutan også vann gullet under meisterskapen i Gøteborg. Og superlativa om talentet frå Sunnfjord var på dei fleste sine lepper.

Karriere-brot

Men etter den bragden har skader dessverre prega store deler av karrieren hennar. Men ho innrømmer at begeret var tilnærma fullt då ho var på trening i sin nye klubb, Byåsen, for kort tid sidan plutseleg kjende smerter i høgre kne. Det samme kneet som ho tidlegare har hatt to korsband-operasjonar i.

-Eg hadde så vidt begynt å trene tilnærma normalt igjen etter siste korsband-operasjon. Eg var med på angrepsspelet på klubbtreninga til Byåsen, og tok eit roleg returløp tilbake til forsvar. Då eg hadde snudd meg kjende eg at det rykka til i kneet. Det var ingen andre spelarar i nærleiken av meg, og eg gav meg på den økta med ein gong. Eg håpa sjølvsagt at smerten skulle gje seg. Men det gjorde den dessverre ikkje, fortel Kjerstin Boge Solås og vedgår at det var mange tårar som kom då ho 14 dagar etterpå fekk konstatert at menisken var øydelagt.

- Ja, då kom det tårer. Faktisk mange tårer. Men heldigvis kom eg raskt til på operasjonsbordet, og fredag 17. september vart eg operert på St. Olavs hospital i Trondheim. Så no blir det ei stund på krykkjer. Heldigvis blir eg ikkje ute like lenge med menisk-operasjon som korsbandskadene mine. Det betyr at eg faktisk kan ha eit lite håp om å rekkje slutten av sesongen. Utan at akkurat det er det viktigaste akkurat no. No handlar det om alternativ trening i tida som kjem. Og det har eg blitt ganske flink til, smiler 22-åringen tappert.

På trening

For medan ho ser storesøstra si trene med Førde sitt 2. divisjonslag, kan ho raskt summere si idrettskarriere så langt:

-Etter spel for klubbane Dale og Førde gjekk eg til Tertnes i eliteserien som 16-åring. Eg vart utteken på det norske seniorlandslaget til EM i 2016 som 18-åring. Sommaren 2017 fekk eg øydelagt korsbandet for første gong, og eg var ute omtrent eitt år. Men eg fekk med meg den komande sesongen med Tertnes, seier Boge Solås som imponerte såpas stort som forsvarspelar at ho då vart henta til den ungarske storklubben Siofok. 

- Men under oppkøyringa til sesongen i Ungarn, rauk korsbandet på nytt. Dermed var det ny operasjon og eit års opptrening igjen, seier Dale-jenta som dermed mista både VM og OL-opplevingane med det norske suksess-landslaget.

Tilbake til Norge

- Ja, det er sjølvsagt litt bittert å tenke på kva eg kan ha gått glipp av. Men eg kan ikkje tenke slik. Eg må berre bite tenna saman, seier Boge Solås som denne sesongen vart klar for trønderklubben Byåsen.

- Ja, etter diskusjonar med trenaren min, Tor Odvar Moen, i Siofok vart vi samde at det var betre å ha opptreninga i Norge der eg trass alt har gode erfaringar frå den første korsbandskaden, seier 22-åringen som var klar for Byåsen 31. mars i år.

Så rauk menisken

Men på nytt opplevde Dale-jenta eit nytt skade-mareritt då ho under trening for kort tid sidan øydela menisken sin.

- Dermed ryk ein ny sesong, og sjølvsagt EM på heimebane føre jul. Men eg må berre sjå framover. Eg har god erfaring med å gå på krykkjer, og trøystar meg med at det ikkje blir like langvarig denne gongen. For eg skal tilbake på handballbana. Eg er jo trass alt berre 22 år, smiler Kjerstin Boge Solås tappert der ho ser sine tidlegare lagvenninner på Førde gjennomføre treninga i Førdehuset.

Og kjenner vi Kjerstin rett, så vil ho komme sterkt tilbake.

Vi ønsker ho lykke til i den tøffe perioden som ventar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



- Vi er kjempeglade for denne meldinga

Postet av Førde IL - Handball den 30. Sep 2020

Førde il Handball sin sportslege leiar kunne smilande sjå at klubbens hovudtrenar Øyvind Fougli Vraalsen kunne orientere spelarane på trening i Førdehuset tysdag kveld om kulturminister Abid Raja si gladmelding. 

- No nærmar vi oss skikkeleg. Berre knappe 14 dagar til, så kan vi trene med fullkontakt igjen. Datoen er 12. oktober. Og kanskje kan det bli aktuelt med seriestart om ikkje så veldig lenge, smilte Førde-trenaren og signaliserte overfor spelarane at om lag fire månadar med alternativ trening kan gå mot slutten.

Før jul 

Og ute på bana var det tydeleg at meldinga frå kulturministeren i dag vart motteke med glede. Spelarane smilte frå øyre til øyre, og hadde fått pågangsmotet tilbake. Noko sportsleg leiar Oddny Sønnesyn konstaterte ved sjølvsyn. -Dette er ei skikkeleg gladmelding. Spelarane har vore tolmodige lenge, men vi har sett at det har gått på motivasjonen laus i det siste. No kan vi sjå ein ende på dette. Vi hadde eit håp om at serien kanskje kunne starte opp til nyttår, men etter dei siste korona-tendensane i landet frykta vi det verste. Derfor kom dette som ei skikkeleg gladmelding. Viss ikkje alt utviklar seg feil, så kan det kanskje bli aktuelt med seriestart i november ein gong, smiler Oddny Sønnesyn om Regjeringa sitt vedtak om å iverksetje fase 1 med tanke på handballen.

Godt trente 

- Det betyr at det i denne omgang er snakk om å starte opp med fullkontakstrening for laga i 2. divisjon. Kva som skjer vidare nedover i divisjonssystemet får vi sjå på etterkvart. Vi skal vere med på eit møte med handballforbundet over helga, og då får vi sikkert vite meir om dei praktiske forholda. Det viktigaste for oss no er at vi har ein dato å sjå fram til. 12. oktober blir omtrent som ein D-dag for oss, smiler Oddny Sønnesyn og ser spelarane boltre seg ute på bana. 

- Grunna koronaen har spelarane fått lagt eit uvanleg godt fysisk grunnlag. Eg trur ikkje eg har sett spelarane våre så godt trente nokon gong tidlegare. Så vi er verkeleg klare for å komme i gang, og vi kjem til å telje ned for kvar dag framover. Sjå berre kor «happy» spelarane er, smiler Oddny.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



DETTE ER DEN NYE TRENAREN

Postet av Førde IL - Handball den 5. Jun 2020


Torsdag vart Øyvind Fougli Vraalsen presentert som ny trenar for Førde il Handball sitt 2. divisjonslag.



Hilmar Gudlaugsson slutta for ein knapp månad sidan som trenar for Førde, og flytta til Sunnmøre for

å trene 1. divisjonslaget Volda. Men berre ein knapp månad etterpå kunne styreleiar i Førde il

Handball, Rolf Sanne Gundersen, på torsdag presentere Øyvind Fougli Vraalsen som ny trenar.


Lærar på vgs

- Det har gått veldig fort, ja. Sambuaren min er frå Dale, og vi har lenge snakka om at det kunne vere

aktuelt å flytte nærare dit. No bur vi førebels på Sandane, og vi ser på Førde som ein spennande og

flott plass å bu, seier Vraalsen.


For tida er han lærar ved idrettslina på Firda vidaregåande skule på Sandane, og han har det siste

året trent Gloppen sitt damelag.


- Eg er nok over gjennomsnittet handballinteressert, og har trent forskjellige lag sidan eg var 12 år. Så

sjølv om eg er ein ganske ung trenar (30 år), så har eg lang fartstid, smiler Vraalsen som tidlegare har

trent klubbar som Fjellhammer, Lørenskog, Sogndal og Gloppen.


Kjenner spelarar

- Dessutan har eg trent fleire lag på krins- og regionnivå tidlegare. Der vart eg kjent med fleire av

spelarane som kommande sesong skal trene og spele for Førde. Dessutan har eg sett Førde spele

fleire kampar den siste sesongen. For eg er nok ganske handball-interessert, ja, ler Vraalsen som

allereie er i gang med trenargjerninga i Førde.


- Eg har søkt om å få redusert stillinga mi ved Firda vgs, slik at det skal vere mogleg å kombinere med

trenarjobben i Førde. Då vil eg pendle frå Sandane til Førde. Dessutan har vi eit barn på fire månadar som også vil krevje sitt, seier den nye Førde-trenaren.


- Eg gler meg skikkeleg til å komme i gang, og bli godt kjent med spelarane, seier nye-trenaren.


Tekst: Stig Roger Eide

Foto: Privat



MÅ AVLYSE ÅRETS FØRDE CUP

Postet av Førde IL - Handball den 4. Jun 2020

Det blir ikkje Førde Cup i handball i år. Det har styret i handballgruppa bestemt.


Dei siste 15 åra har Førde Cup vore høgdepunktet for mange handball-frelste. Då har klubbar frå

Hordaland, Sunnmøre og Sogn og Fjordane reist til Førde og Førdehuset for å markere at denne helga er starten på sesongen. Men i år blir det ikkje noko av denne massemønstringa. Korona-situasjonen har påverka

det meste i samfunnet, og i møte denne veka måtte styret i handballgruppa fatte vedtak om å avlyse

årets turnering.


- Førde Cup er viktig for oss. Av mange grunnar. Den har markert starten på sesongen for svært

mange, og den har vore svært viktig for oss økonomisk. Inntektene frå denne massemønstringa har

kvart år skapt eit solid grunnlag for vårt vidare arbeid i klubben. Og vi trudde lenge at vi skulle kunne

arrangere årets turnering 31. august og 1. september, seier styreleiar Rolf Sanne Gundersen og viser

til at dei siste bestemmelsane angåande covid-19-pandemien, ikkje opnar opp for slike turneringar.


- Vi hadde i praksis ikkje noko val. Vi skulle allereie har vore godt i gang med å leggje til rette for årets

Førde Cup. No må vi dessverre orientere om at den blir avlyst. Så vi håpar berre inderleg at vi kan

møtast igjen til Førde Cup i 2021, avsluttar styreleiaren i Førde il Handball.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



HAN REISER TIL VOLDA

Postet av Førde IL - Handball den 21. Mai 2020

Førde-trenar Hilmar Gudlaugsson blir trenar i Volda. –Vi har forståing for at han reiser dit, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn i Førde il Handball.

Styret i Førde-handballen fekk måndag denne veka melding om at trenar Hilmar Gudlaugsson hadde fått eit jobbtilbod frå Volda handball. Han skal trene rekruttlaget der i 3. divisjon, og dessutan vere assistent på 1. divisjonslaget.

Permittert

- Hilmar har vore permittert i Førde il Handball under korona-pandemien, og var no tilbake i 50 prosent stilling. Men i samband med nedrykket vårt til 2. divisjon og dermed usikre utsikter framover, så forstår vi godt at Hilmar vil satse på nye frontar, seier Oddny Sønnesyn og legg til at dei har valt å avslutte kontrakten hans 31. mai.

Lokalt ønske

- Vi er alle tjent med at dette går smertefritt. Vi har allereie starta med å sondere terrenget etter ny trenar for Førde il Handball, først og fremst her i fylket. Vi vil satse lokalt og berekraftig, og har håp om at vi skal funne ein lokal trenar, seier Sønnesyn og understrekar at det ikkje er vanskeleg å forstå den islandske trenaren sitt val.

-Han har vore viktig for oss dei to sesongane vi har hatt han i 1. divisjon, og ønsker Hilmar lykke til i Volda, seier sportsleg leiar i Førde il Handball.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



AVLYSER ALL AKTIVITET

Postet av Førde IL - Handball den 11. Mar 2020

Styret i Førde il Handball har bestemt å avlyse all breiddeaktivitet, slik som kampar, treningar og samlingar, i Førdehuset på ubestemt tid. 

Vedtaket gjeld frå og med torsdag 12. mars og er gjeldande i ubestemt tid framover. Vedtaket er gjort på bakgrunn av generelle råd frå helsemyndigheitene og i tråd med det som skjer rundt oss i samband med corona-epidemien. 

Då det er stor aktivitet i Førdehuset og mange innom i løpet av ein dag, veit vi at desse lokalitetane er ekstra utsette med tanke på smittefare. Vi ber difor om at alle handball-interesserte tek denne situasjonen på alvor. 

Vennleg helsing styret i handballgruppa,
v/leiar Rolf Sanne-Gundersen



Vi sender Førde 2-Gloppen direkte

Postet av Førde IL - Handball den 19. Feb 2020

I dag spelar Førde 2-Gloppen i Førdehuset kl. 20.00.

Kampen kan du sjå direkte på denne linken:

https://arena.joymo.no/arena/home/livestream/Yk2ucXxehMtFRio35FCu 


Det kostar 49 kroner og sjå kampen direkte.

Ønskjer du å sjå kampen i opptak kostar dette 59 kroner, og du har då kampen tilgjengeleg i 7 dagar.


Førde IL Handball



Årsmøte i Førde IL Handball

Postet av Førde IL - Handball den 19. Feb 2020

Tysdag 3. mars blir det årsmøte i Førde IL Handball i FIL-huset i Hafstadparken kl. 19.00.

Vanlege årsmøtesaker.

Har du saker til årsmøte kan det sendast til bob@firda.no


Bernt Ove Berntsen
Styreleiar i Førde IL Handball






- No MÅ sigeren komme

Postet av Førde IL - Handball den 15. Feb 2020

Med fire kampar igjen treng Førde verkeleg poeng for å overleve i 1. divisjon. –Så vi må vinne mot Charlottenlund på søndag, seier Elisabeth Lund.


BLI KJENT MED

Elisabeth Lund

  • Fødd: 24.02.1987
  • Posisjon: Bakspelar 
  • Tidlegare klubbar: Fana, Tertnes, Bjørnar
  • Utdanning: Master
  • Jobb: Tusenfryd barnehage

Elisabeth Lund og resten av Førde-jentene veit at berre to poeng er godt nok mot Charlottenlund i Førdehuset søndag ettermiddag. Med fire kampar igjen og åtte poeng å spele om, må laget venteleg ha seks poeng for å overleve i divisjonen.

Tøff kamp

- Ja, vi er fullstendig klar over situasjonen. Vi skal brette opp ermene og gå i krigen mot trønderlaget, seier Elisabeth Lund som på mange måtar har vore den spelarane som har tatt fleste duellar i årets sesong.

- Ja, eg har nok vore tøff i spelestilen min. Men du veit eg er den eldste spelaren i troppen, og veit kva som må til. Så då må eg prøve å vise dei litt, ler Elisabeth Lund som i tillegg til å ta ei masteroppgåve i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Sogndal, jobbar ved Førde barneskule.

- Og med tanke på at vi har ei dotter på to år, så er eg svært glad for at eg har ei litt fleksibel løysing med tanke på trenings-arbeidet mitt i 1. divisjonsklubben. Men eg trivst svært godt her i Førde, og då mannen min fekk jobb ved sjukehuset her, så fann vi ut at vi gjerne kunne flytte hit. Og vi kosar oss, seier bakspelaren som trur det skal vere mogleg å tukte Trondheims-klubben Charlottenlund.

Godt trøkk

- Ja, dei har variert veldig i prestasjonane i år, og vi bør kunne hamle opp med dei på heimebane. Det er iallfall det vi har som haldning før kampen startar. Og så håpar vi sjølvsagt på godt trøkk på tribunene, seier Lund på klingande bergensk.

- Ja, eg kan vel ikkje nekte for opphavet mitt. Men no er vi jo i same fylket, ler Elisabeth Lund overfor handballgruppa sin skribent.

Kampstart Førde-Charlottenlund i Førdehuset klokka 16.00 søndag 16. februar.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



Må stå over kampen onsdag

Postet av Førde IL - Handball den 28. Jan 2020

Førde sin toppscorar, Birta Run Gretarsdottir (19), hadde håp om å vere speleklar til kampen mot Rælingen onsdag kveld. Men ankelskaden gjer at ho framleis må halde seg på sidelinja.

- Eg hadde håp om at eg skulle rekke Rælingen-kampen. Men etter at eg trakka over ved nyttår, og fekk strekk i to leddband i ankelen, så har det teke lenger tid å komme tilbake etter skaden enn det eg håpa på, seier den 19 år gamle islandske bakspelaren.  


Birta Run Gretarsdottir

  • Fødd: 20.02.2000. Posisjon: Bakspelar Tidlegare klubbar: HK (Island), Kongsvinger
    Utdanning: NTG Kongsvinger Jobb: Tusenfryd barnehage

Toppscorar

For etter at ho kom til Førde i haust, har ho teke 1. divisjonsnivået på ein svært god måte, og var heilt fram til siste kamp lagets toppscorar.

- Ja, det har gått eigentleg ganske godt. Eg reiste til Førde forbi eg ville ta eit steg sportsleg opp frå Kongsvinger. Og det har eg gjort. Treningsmiljøet i Førde er svært godt, og vi er ein flott gjeng sosialt. Så ingen tvil om at eg trivst svært godt. Sjølv om eg aller helst ville ha spelt alle kampane, seier Birta som faktisk ikkje har fått spele ein einaste kamp hittil i 2020.

- Eg håpar sjølvsagt på Flint-kampen på bortebane til helga, men det kan godt hende eg må stå over den også. Eg må berre ta den tida eg treng. Heldigvis har Jeanette Øksenberg komme tilbake, og samtidig spelar Maria Oppedal meir og meir no. Og husk at vi har slått Rælingen tidlegare, og gjer det gjerne ein gong til, smiler den islandske bakspelaren kvelden føre kampen mot Rælingen i Førdehuset.

Bordtennis-gull

Og klubbens islandske spelar kan meir enn å spele handball. Ho er nemleg også islandsk juniormeister i bordtennis, og var på det islandske juniorlandslaget i den ballidretten tidlegare.

- Heilt sidan eg var seks år har eg vore oppteken av idrett, og spesielt ballidrettar. Dei siste åra er det handballen som har fått mest merksemd, og eg stortrivst med å spele i 1. divisjon. Derfor håpar eg sjølvsagt at Førde skal halde seg i divisjonen dette året. Då treng vi å sanke poeng allereie mot Rælingen onsdag kveld. Så kom i Førdehuset du også, seier Birta Run Gretarsdottir og håpar den norske EM-suksessen for herre-landslaget vil gje resultat også for den lokale handballen.

- Eg håpar det kjem masse folk på tribunene i Førdehuset og at det kan hjelpe oss til siger, seier 19-åringen.

Kampen mot Rælingen startar 18.00 i Førde onsdag 29. januar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide




Kampar vi sender direkte laurdag 25. januar

Postet av Førde IL - Handball den 24. Jan 2020

I morgon (laurdag 25. januar) spelar J12, J14 og K4 i Førdehuset, og vi sender alle kampane direkte.

Førde IL Handball har no fått kamera i hallen (bane 1 og bane 3),
og kan no streame mange av handballkampane.


Her er kampane vi streamer:

11:00 Førde-Dale, jenter 12 år

12:00 Jølster Aurland, jenter 14 år

13:00 Førde 2-Stryn, 4. divisjon kvinner

14:15 Dale-Askvoll/Holmedal, jenter 12 år

15:15 Førde-Aurland, jenter 14 år

16:15 Førde-Askvoll/Holmedal, jenter 12 år


Det kostar kr 49,- for å sjå kampen direkte (kan sjå alle kampane laurdag). Ønskjer du å sjå kampen etterpå kostar det kr 59,- (då har ein kampen tilgjengeleg i 7 dagar). Dette er ein fin moglegheit for foreldre eller slekt som ikkje er tilstades i hallen, eller om det er lag som ønskjer å sjå kampen sin etterpå. Håper alle kan dele dette i Facebook-gruppene/heimesida til klubben.

Link til kampane i morgon:

https://arena.joymo.no/arena/home/livestream/FBB97N4068AdPhA2K5zQ


Vi ønskjer alle lag som spelar i Førdehuset laurdag lykke til!



Sjå Førde 2-Syril direkte laurdag

Postet av Førde IL - Handball den 17. Jan 2020

I morgon (laurdag 18. januar) er det 4. divisjonskamp mellom Førde 2 og Syril i Førdehuset kl. 11.30.


Førde IL Handball har no fått to kamera i hallen, bane 1 og bane 3, og har moglegheit til å sende mange av kampane i Førdehuset direkte.


Det kostar kr 49,- for å sjå kampen direkte.
Ønskjer du å sjå kampen etterpå kostar det kr 59,- (då har ein kampen tilgjengeleg i 7 dagar).


Trykk på linken for å komme rett til kampen: 

https://arena.joymo.no/arena/home/livestream/2obacANJT8Igkxy1ny0z



SJÅ, SÅ KJEKT ER DET PÅ KAMP

Postet av Førde IL - Handball den 8. Jan 2020

Sjå fleire bilder frå 19-19-oppgjeret mot Haslum i Førdehuset onsdag kveld.

Førde var i føringa gjennom heile 1. divisjonskampen, og var oppe i seks måls leiing tidleg i 2. omgang. Men Haslum spiste seg kraftig innpå og leia oppgjeret med 18-19 då eitt minutt stod igjen. Men då Martine Vindheim og Førde fekk straffekast i siste sekund, nytta Maria Oppedal høve til å skaffe heimelaget eit svært viktig poeng i kampen om å unngå nedrykk frå divisjonen.

Haslum ligg på to plassar over Førde på tabellen, og viser i klartekst at med tilsvarande haldningar frå Førde-spelarane i dei kommande kampane, så er det fullt mogleg å hente poeng hos dei fleste andre laga i 1. divisjon.

Her får du eit knippe av bilder frå oppgjeret, som var spennande frå første til siste sekund.

Her ser du tabellen etter kveldens kampar i 1. divisjon:

https://www.handball.no/system/kamper/turnering/?turnid=388439

Neste helg møter Førde Grane Arendal på bortebane.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



NO ER JEANETTE TILBAKE

Postet av Førde IL - Handball den 7. Jan 2020

I fjor var Jeanette Øksenberg toppscorar på Førde. Etter åtte månadar på sidelinja, er ho tilbake på 1. divisjonsarenaen i Førdehuset onsdag kveld.

Då Førde sist helg tapte med to mål mot Skrim Kongsberg (19-17) fekk Jeanette Myklebust Øksenberg oppleve sitt comeback på Førde. Då spelte ho stort sett i forsvar, men allereie mot Haslum i Førdehuset onsdag kveld, kan ein vente å sjå fjorårets toppscorar vere med framover på bana.

- Ja, no har eg trent litt med Førde i det siste, og det er kjekt å vere med i gjengen igjen. Men eg merkar sjølvsagt at det er heile åtte månadar sidan sist eg spelte kampar, seier Jeanette, som totalt scora heile 115 mål då Førde spelte i 1. divisjon i fjor.

- Etter den sesongen hadde eg godt av ein pause. Men eg har merka at eg har fått meir og meir lyst i det siste. No håpar eg sjølvsagt å bidra til at Førde kan ta litt fleire poeng, seier Øksenberg til handballgruppa si utsende på siste trening før Haslum-kampen.

Men trenar Hilmar Gudlaugsson må samstundes sjå at årets toppscorar på Førde, Birta Mar Gretardottir, ikkje kan spele kampen mot Haslum.

- Nei, det er uaktuelt for min del då eg trakka over sist veke. Men håpet er at eg skal vere klar til Rælingen-kampen, seier den islandske bakspelaren medan ho trenar alternativt i laget si siste trening føre kampen mot Haslum.

Kampen mot Haslum går onsdag kveld klokka 18.00.

Tekst og foto: Stig Roger Eide