Stortap mot serieleiaren

Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2024

D2: Førde-Gneist 17-38 (10-20): Det var Gneist som hadde presset på seg då dei gjesta Førdehuset laurdag. Åsane hadde vunne borte mot Fredrikstad 2, så alt anna enn to poeng mot Førde ville gi Åsane ein stor fordel i kampen om opprykk. Og det skulle vise seg at Gneist meistra presset. Dei scora på sine fem første angrep, medan vi berre kvitterte for to av dei. 

Emma Gloppestad var tilbake i Førdehuset, men kom aldri på bana. Ho slit med skade i ein tommel og var i tillegg småsjuk. Men lagvenninnene greidde seg godt utan henne. Ved pause stod det 10-20 på måltavla, og Førde sleit endå meir med å få mål i andre omgang. Sluttresultatet vart 17-38.

Veteranen Alexandra Afloarei (biletet) var eit lyspunkt for heimelaget, med stor innsats både i forsvar og angrep. Det resulterte i to utvisingar og fire mål, tre frå streken og eitt langskot. Alex har vore bakspelar og nølte ikkje mykje då ho fekk sjansen.

Trenar Øyvind Indrebø konstaterte  at dette vart ein heilt annan kamp enn då vi slo Gneist med eitt mål i Bergen.

- Vi møtte eit heiltent Gneist-lag. Dei spelte ein god kamp og gjorde det vanskeleg for oss. Vi har hatt ei ruskete veke med mykje sjukdom i laget. Dagen før kamp var vi i tvil om kva lag vi greidde å stille.

Måla til Førde: Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 4 (1 på straffe), Amalie Haugsbø Ness 3, Oda Vindheim 2, Kinga Lemiech 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Erichsen Myklebust 1. 

Toppscorar og best på Gneist: Emma Louise Grasdal (9 mål).




Gjensyn med Emma

Postet av Førde IL - Handball den 20. Mar 2024

Emma Gloppestad var ein viktig spelar for Førde i forrige sesong. Denne sesongen er ho Gneist-spelar, og laurdag kjem ho saman med lagvenninnene på serieleiar Gneist til Førdehuset. Ho har sett inn 81 mål for laget frå Bergen til no og vore ein viktig bidragsytar til at Gneist toppar tabellen. Men Åsane pustar dei i nakken, tre poeng bak og med to kampar mindre spelt. Difor er kampen mot Førde veldig viktig for bergensarane. I tillegg har dei noko å hemne, for Førde slo dei med eitt mål i haustkampen.

Heimelaget kan på si side gå til kampen utan høge skuldrar, vi kan ikkje rykke opp, og i motsetnad til dei føregåande sesongane er vi langt unna nedrykkskampen.

Trenar Øyvind Indrebø seier dette om oppågjeret laurdag klokka 16:

- Vi er klare for nest siste heimekamp på laurdag. Og motstandar er ingen ringare enn opprykkskandidat Gneist. Dette er ein hardtsatsande klubb med talentutvikling i høgsetet. Og «vår eigen» og «Gloppen HK» si Emma Gloppestad er ei av dei sentrale på laget. Rett nok slo vi Gneist i bortekampen før jul. Då traff vi på det meste når det gjeld taktikk og dagsform. 

På laurdag må Gneist finne seg i å vere klare favorittar. Dei er i god flytsone, medan vi har utfordringar med skader og sjukdom. Men utfordringar er til for å løysast. Og det betyr at fleire får sjansen i kampen, noko som også blir viktig inn mot neste sesong. Vi har ingenting å tape – alt å vinne, og skal jobbe beinhardt for å utfordre Gneist. Vi håpar flest muleg støttar jentene i Førdehuset laurdag kl 1600.




Gjorde det spennande - men tok poenga

Postet av Førde IL - Handball den 17. Mar 2024

D2 Førde-Reistad 29-24 (15-8): Det var lite som gav grunn til uro då Førde og Reistad tok pause på stillinga 15-8 til heimelaget. Det var klasseskilnad på laga. Kinga Lemiech var høgt og lågt både i angrep og forsvar, Andrea Boge Solås stod godt i mål, og laget frå Drammen såg ikkje ut til å kunne skape problem for poengfangsten.

Andre omgang starta også bra. Etter få minutt stod det 18-9 på måltavla. Men så gjekk det meste i stå for heimelaget. I løpet av dei 13 neste minutta vart 18-9 til 19-16, med andre ord vann Reistad den perioden 7-1.

- Vi vart kanskje litt for feige, det var ikkje meininga å gjere det spennande, seier trenar Øyvind Indrebø. 

Iallfall var det lite futt i angrepsspelet, det vart skote på for dårlege sjansar, og skota var heller ikkje spesielt godt innsikta. I andre enden av bana var ikkje forsvarsspelet like patent som i første omgang.

Men Reistad kom aldri nærare enn tre mål bak, og på slutten fann Førde litt tilbake til godtaktene frå før pause. Det enda 29-24, og vi tok igjen tredjeplassen på tabellen med våre 24 poeng.

- Eg er veldig godt nøgd med spel og utteljing i første omgang, seier Indrebø. Det har skjedd før at vi ikkje greier å fylgje opp i andre omgang, men denne gongen greidde vi iallfall å kome tilbake mot slutten.

Kinga Lemiech vart fullt fortent kåra til vår beste spelar. Ho sette inn 10 spelemål og la ned stor innsats i forsvar. Annette Kaalstad enda på 8 mål (2 på straffe), Berenice Halvorsen 4, Amalie Haugsbø Ness 3, Tuva Tefre Kalstad 2, Oda Vindheim 1 og Alexandra Afloarei 1. 




Endeleg heimekamp igjen!

Postet av Førde IL - Handball den 14. Mar 2024

Det har gått fem veker sidan det sist var 2. divisjonskamp i Førdehuset. Då vann vi 35-26 ove4 BSI. Kampen helga etter vart som kjent avlyst fordi Tertnes ikkje kunne stille lag. Og det er tre veker sidan forrige bortekamp, som enda med tap mot topplaget Åsane. 

Søndag er det Reistad som er motstandar. Laget frå Drammensområdet var lett match for våre jenter då vi møtte dei borte i september, vi vann 42-28. Komande held spelar Reistad først mot Tertnes i Bergen, så kjem dei hit søndag. Reistad står med ni poeng og er tredjesist på tabellen, medan vi er på tredjeplass med 22 poeng.

Men trenar Øyvind Indrebø åtvarar mot å ta lett på kampen.

- Rett nok er Reistad på nedre halvdel av tabellen, men laget har hatt ei solid formutvikling i det siste, med mellom anna ein nimålssiger mott topplaget Hokksund. Så det blir ein travel kamp.

Etter som det er lenge sidan siste seriekamp, gjennomførte vi onsdag ein treningskamp mot 3. divisjonslaget Florø. Sjølv om det var ei nyttig økt og 35-20-siger, blir det noko heilt anna å møte ein divisjonskollega i seriekamp.

Vi har også litt utfordringar med skade og sjukdom i troppen, så per tid er det uavklart kven som er aktuelle for kampen. Dette veit vi nok ikkje før etter kampførebuingstreninga på lørdag.

Uansett vil dei som er klare vere opptatt av å «brette opp ermene» og slåst for to nye poeng mot Reistad søndag kl 15.30 i Førdehuset.

PS! Kampen går på bane 3, med tribune på bane 2.

Vi sjåast på kamp!

Når dysten mot Reistad er unnagjort, står det att fire seriekampar, heime 23. mars mot Gneist, borte 13. april mot Hokksund og 14. april mot Glassverket2, før sesongen blir avslutta med heimekamp i Førdehuset mot Bjørnar. Uansett blir det ei sesongavslutning utan dei frynsete nervene vi har hatt dei to føregåande sesong




Endeleg heimekamp igjen!

Postet av Førde IL - Handball den 14. Mar 2024

Det har gått fem veker sidan det sist var 2. divisjonskamp i Førdehuset. Då vann vi 35-26 ove4 BSI. Kampen helga etter vart som kjent avlyst fordi Tertnes ikkje kunne stille lag. Og det er tre veker sidan forrige bortekamp, som enda med tap mot topplaget Åsane. 

Søndag er det Reistad som er motstandar. Laget frå Drammensområdet var lett match for våre jenter då vi møtte dei borte i september, vi vann 42-28. Komande held spelar Reistad først mot Tertnes i Bergen, så kjem dei hit søndag. Reistad står med ni poeng og er tredjesist på tabellen, medan vi er på tredjeplass med 22 poeng.

Men trenar Øyvind Indrebø åtvarar mot å ta lett på kampen.

- Rett nok er Reistad på nedre halvdel av tabellen, men laget har hatt ei solid formutvikling i det siste, med mellom anna ein nimålssiger mott topplaget Hokksund. Så det blir ein travel kamp.

Etter som det er lenge sidan siste seriekamp, gjennomførte vi onsdag ein treningskamp mot 3. divisjonslaget Florø. Sjølv om det var ei nyttig økt og 35-20-siger, blir det noko heilt anna å møte ein divisjonskollega i seriekamp.

Vi har også litt utfordringar med skade og sjukdom i troppen, så per tid er det uavklart kven som er aktuelle for kampen. Dette veit vi nok ikkje før etter kampførebuingstreninga på lørdag.

Uansett vil dei som er klare vere opptatt av å «brette opp ermene» og slåst for to nye poeng mot Reistad søndag kl 15.30 i Førdehuset.

PS! Kampen går på bane 3, med tribune på bane 2.

Vi sjåast på kamp!

Når dysten mot Reistad er unnagjort, står det att fire seriekampar, heime 23. mars mot Gneist, borte 13. april mot Hokksund og 14. april mot Glassverket2, før sesongen blir avslutta med heimekamp i Førdehuset mot Bjørnar. Uansett blir det ei sesongavslutning utan dei frynsete nervene vi har hatt dei to føregåande sesongane.




Førde J12 imponerte i Temaserien

Postet av Førde IL - Handball den 12. Mar 2024

Førde sitt J12-lag har denne sesongen vore med på Temaserien, som er ein utviklingsarena i regi Region Vest. Det starta med at vi fekk spørsmål om å vere med, og vi visste lite om kva dette var. Etter å ha fått litt informasjon, så tenkte vi at dette kunne vere spennande. Vi melde på eitt lag. Så etter nokre veker fekk vi beskjed frå Region Vest at vi var det einaste laget som var påmeldt. Spørsmålet vi fekk då var om vi var interessert å gå opp eit hakk og delta i lag med J13, eller reise til Bergen.

Då la vi ut dette til foreldregruppa: Skal vi delta? J13? Bergen?
Svaret: Bergen!!!

Vi fekk vite at det var påmeldt 40 lag, og blant dei, eitt lag frå Sogn og Fjordane, Førde J12.

Responsen frå jentene var heilt vill: Vi skal til Bergen! Vi skal til Bergen! 

Så korleis fungerer dette?

Temaserien er ein utviklingsarena for spelarar, trenarar og dommarar. I løpet av sesongen blir det sett opp tre helger med kampar. Kvar helg har forskjellige tema. Vi var i Bergen i november, januar og mars. Kampane blir gjennomført på ein dag.

Tema denne sesongen var: 
November: Samspel mellom bakspelar/kantspelar
Januar: Utgruppert forsvar
Mars: Kontring- og returspel

Regionen sender øktplan til trenarane 3-4 veker før kampane, og det vart også halde informasjonmøte på Teams. I tillegg var det Spelarutviklingssamling. Det er også eit belønningssystem som gjer at om ein klarar å gjennomføre tema i kampane, så kan ein ikkje berre få eitt mål, men opp til 4 mål.

November

Øktplanen vart flittig brukt, det var mange gode øvingar. Jentene var på hugget: Vi skal jo til Bergen. Det var ei spenning i gruppa, sidan dette var nytt og vi ikkje visste heilt kva nivå vi møtte. Men ein ting var sikkert, vi skal tenke på oss sjølv og gi gass.

Så kom helga, turen gjekk til Askøy Forum, og laga vi skulle møte var Flaktveit, Askøy Rød og LøvHam. Foreldra var også spent, og alle var med. For på tribuna var det ingen tvil om kven som dominerte, gjengen frå Førde.

På bana var nervøsiteten vekke, frå første kast var dei på. Dei tenkte på seg sjølv, dei ga gass. Foreldra lagde lyd, med sauebjøllene og heia. Førde-flagga var også på plass. Bergenspublikummet lurte på kva for ein gjeng dette var?? Det vart tre gode kampar, vi vann mot Flaktveit og Askøy Rød og tapte knepent mot LøvHam. For ein start, jentene svevde, dette var morro.

Trykk her for å sjå jentene sitt første møte med Temaserien.

Januar

Så var det tid for helg nummer 2, Tema 2, utgruppert forsvar. Ny øktplan var motteke, motivasjonen var stor. Men utgruppert forsvar var ikkje enkelt. Her er det mykje å følgje med på, her må ein ha eit 360-hovud, for å følgje med på alt som skjer. Vi trenar og prøver, kava på, får det ikkje heilt til å sitte. Vanskeleg. 

Så gjekk turen til Landåshallen. Foreldra er på plass. Vi trenarane er veldig spente, vi har ikkje fått det heilt til på trening, men har trent mykje på utgruppert forsvar. Første kamp er mot Kalandseid, eit lag vi såg spele litt tidlegare på dagen. No kjenner vi trenarane på det, vi kvir oss, korleis skal dette gå? Kampen startar og vi startar i forsvar… 

Kva skjer? Dei flyttar beina, kommuniserer, byttar plassar, trøkker til, går i dueller og dei samarbeider…. Er ikkje slik det har vore på trening. Har dei halde oss for narr??  Haka dett i parketten, vi trur nesten ikkje det vi ser. Jentene spelar ein kanonkamp, og når kampen er over er det banestorming, foreldra er i ekstase, jentene hoppar og skrik. 

Vi spelte tre kampar den dagen, mot Kalandseid, Bergen HK og Askøy Rød, og jammen vann dei alle kampane. Heilt rått.

Mars

Siste helga med Temaserien, og denne gangen gjekk turen til KIL-hallen, Kalandseid. Temaet er er kontring- og returspel, noko vi likar og gledar oss til. Dette er ein måte vi likar å spele på, ankomst og kontringar. Øktplanen har blitt brukt godt, og ein ser at dette er noko jentene får til. Jentene er gira på å avslutte Temaserien på ein god måte, for vi likar tempo begge vegar.

Vi hadde fire kampar, og laga vi skulle spele mot var Askøy Blå, Bjarg, Askøy Rød og Lyngbø. Det er spenning i gruppa før vi skal i kamp, jentene er litt smånervøse. Planen er enkel, utgruppert forsvar, vinne ball og springe. Vi skal ikkje kvile eitt sekund. Dei tre første kampane gjer dei det, det er ikkje måte på. Det blir seier i alle tre kampane. 

Så er det den siste kampen, Lyngbø. Eit lag som tidlegare på dagen slo LøvHam som vi tapte mot i Askøy Forum første helga. Dette blir ein fight. Jentene er høgt oppe, så no var det å få dei ned på jorda før kampen startar. 

Det er nervøst på bana, vi gjer litt tullefeil og Lyngbø er på hugget. Dei scorar mål og får bonusmål, noko som gjer at vi ligg under med nokre mål. Jentene skjerpar seg og får fort rydda opp i småfeila, forsvaret begynner å sitte og beina begynner å spinne. Vi har tatt att Lyngbø, men kvifor stoppe her? Det er full gass. Foreldra heiar, jentene jobbar og spelar heilt fantastisk. Det blir ein perfekt avslutning. Når kampen er over, så skulle ein tru dei hadde vunne VM-finalen. Ja, når ein kjenner at det trykker litt på i augekroken, og stemma brest litt, ja då blir ein stolt.

Oppleving

Det har vore ei unik oppleving for trenarar, foreldre og ikkje minst spelarane. Det har vore ein arena der vi alle har fått utvikla oss gjennom sesongen. Ikkje berre spelarar, laget eller trenarane, men også det sosiale rundt laget. Det har vore kjekt å spele mot andre lag, reise på tur i nye hallar. Så er det nesten heilt utruleg at laget frå “Sogn og Fjordane” står att med å vinne 9 av 10 kampar. Jentene har vore flinke til å gjennomføre Tema og foreldrene til å stille opp på alt rundt desse helgane. 

No er det to kampar att lokalt, før turen går til Sandefjord Cup i slutten av mai, der vi reiser med to lag. Då er det nye opplevingar som står for tur.

Stolte trenarar for Førde J12





Opprykket er sikra!

Postet av Førde IL - Handball den 12. Mar 2024

H4 Florø-Førde 17-29 (7-16): Så kan vi endeleg juble for opprykk og seriemeisterskap i 4. divisjon. Biletet er frå ein tidlegare kamp, men gleda var like stor etter dysten i Florø måndag kveld. Florø viste seg å berre vere ein rundingsbøye på vegen mot opprykk. Særleg i første omgang var det klasseskilnad.

- Då spelte vi eksepsjonelt godt, seier lagleiar Leif Otto Olsen. Samspelet sat, forsvarsarbeidet fungerte godt, og Fabian Fimland stod fantastisk bra i mål. Etter 17 minutt stod det 3-11 på måltavla før det jamna seg litt meir ut. Ved pause leia Førde 16-7.

Om Olsen var nøgd med dei første 30 minutta, var han det ikkje med resten av kampen.

- Vi snakka i pausen om at vi skulle halde fram som vi gjorde første halvdelen, men i staden vart det gamle synder med manglande samspel og forsøk på soloprestasjonar. Poenga var aldri i fare, men det var litt irriterande.

På det næraste var Florø seks mål bak, men mot slutten auka forspranget igjen, slik at vi vann med 12 mål.

No står det att berre ein kamp, borte mot Bjørnar 3. Dersom vi skulle tape den kampen, og Bjørnar vinn alle dei andre kampane dei har att, kan dei ende på 23 poeng, som vi har no. Men vi slo det grundig heime, og det skal mykje til at vi ikkje vinn på innbyrdes oppgjer, så i praksis er seriemeisterskapen klar.

Opprykket til 3. divisjon er klart, vi rykkjer opp saman med Dale. Dermed har Førde avansert to divisjonar på to sesongar etter at vi starta oppatt herrelag. God grunn til å feire!

Måla til Førde: Lars Engen Skadal 8, Kristian Henden 5, Ole Kristian Gjerstad 4, Jakob Rycerz 4, Daniel Kvidahl 4 (1 på straffe), Matheus Diaz Boge 1, Jakob Hoff 1, Jonas Espeseth 1, Robert Herstad Sund 1.  




Uavgjort i slitekamp

Postet av Førde IL - Handball den 6. Mar 2024

H4 Dale-Førde 30-30 (12-13): Det vart akkurat så jamt og tøft som venta då Dale og Førde barka saman til toppoppgjer i 4. divisjon for menn i Fjalerhallen tysdag kveld. Dale hadde føringa i starten, men fekk aldri meir enn ei tomålsleiing, og mot slutten av omgangen var Førde mest effektive og gjekk til pause med leiing 13-12.

Dale prøvde seg med sju mot seks-spel, men lukkast ikkje veldig godt med det, det  resulterte i fleire mål for Førde i ope bur.

Andre omgang var like jamn som første. Førde hadde ei tomålsleiing i starten av omgangen, men Dale kom sterkt og leia 23-21 etter 14 minutt. Daniel Kvidahl gav oss håp om to poeng då han sette inn 30-29 med 45 sekund igjen av kampen, men Haldor Vårdal kvitterte for Dale 27 sekund seinare, og dermed vart det poengdeling.

- Det var heilt greitt, Dale fortente det eine poenget, seier Førde-lagleiar Leif Otto Olsen. - Det var ein typisk slitekamp, vi kom liksom aldri i gang med vårt spel. Vi spelte ganske bra i forsvar til tider, men rota bort ein del ballar, så uavgjort var heilt greitt.

Måla til Førde: Lars Engen Skadal 7, Jakub Rycerz 6, Daniel Kvidahl 6 (3 på straffe), Øyvind Fougli Vraalsen 3, Mathias Indrebø 3, Kristian Henden 2, Robert Herstad Sund 2, Bjørn Tore Siebke 1. Viktor Haugen var toppscorar for Dale med 7 mål.

Komande måndag er det bortekamp mot Florø. Blir det to poeng der, er det mykje som skal til for at andre lag skal passere Førde på tabellen. Dake er alt parkert på innbyrders oppgjer, medan Bjørnar 3 framleis har ein teoretisk sjanse til å vinne serien. Og nettopp Bjørnar 3 er motstandar i vår siste kamp for sesongen. No har vi 21 poeng på 12 kampar, Dale 17 på 12, medan Bjørnar 3 har 13 poeng på ni kampar.




Nye poeng til herrelaget - no ventar Dale

Postet av Førde IL - Handball den 4. Mar 2024

H4 Førde-Bjørnar3 38-21 (17-12): Det vart ein klar og komfortabel siger då Bjørnar3 gjesta Førdehuset søndag. Mot normalen kom karane våre godt i gang og hadde ei leiing på sju mål  halvveges i første omgang. Så kom Bjørnar sterkare og reduserte til 14-11, før vi fekk litt sving på sakene igjen, slik at det stod 17-12 ved pause.

Andre omgang vart ein maktdemonstrasjon frå vår side. Då 20 minutt av omgangen var spelt hadde Bjørnar berre sett inn fem mål, vi hadde scora 14. Til slutt vart det 38-21.

Det høyrer med til historia at Bjørnar vann med to mål mot Dale laurdag. og nettopp Dale ventar oss i Fjalerhallen tysdag kveld. Om laget til Johnny Pedersen leverte svakt mot Bjørnar, er det liten tvil om at dei kjem til å mobilisere alt i slaget om Sunnfjord. Førde vann heimekampen med ti mål, men er budd på å måtte slite for poenga i Dale.

Ei intens veke blir avslutta med bortekamp mot Florø komande søndag, eit Florø-lag som har gjort store framsteg sidan dei vart utklassa 47-13 av Førde i oktober. Dei slo m.a. Kjøkkelvik, som vi tapte for. Så også der må det jobbast skikkeleg for å sikre dei poenga som skal til for å vinne serien. Akkurat no har vi 20 poeng på 11 kampar, Dale har 16 på 11 kampar, Bjørnar 3 har 13 på ni kampar. 

Etter kampen i Florø har Førde att berre ein kamp, borte mot Bjørnar 3 den 6. april.

NB! Det er no endeleg avgjort at damelaget får to poeng etter at Tertnes ikkje kom til kamp i Førde 17. februar. Dermed er vi på tredjeplass på 2. divisjonstabellen med 22 poeng.