Orientering måndagar på Langeland
Postet av Førde Idrettslag den 30. Apr 2025
Førde IL Orientering prøver til med o-aktivitet for alle på måndagar på Langeland. Tilbod for alle. Leik og moro for dei yngste, trening for ungdommar, og for vaksne vert det laga til ei o-løype med fellesstart. Etter aktiviteten ønsker vi å få til litt sosialt. Bli med då! Les meir her:
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Orientering Flatene skule 30.4.
Postet av Førde Idrettslag den 28. Apr 2025
Nærløp i orientering onsdag 30. april kl 18.00. Frammøte Flatene skule i Førde. Løyper for alle - også dei som ikkje har vore bort i orientering før. Velkomen. Påmelding ved frammøte, eller via Eventor.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Orientering Vie 23.4.
Postet av Førde Idrettslag den 21. Apr 2025
Nærløp orientering onsdag 23. april kl 1800 frå Viebøen barnehage. Sprintløp. Lengde og vanskegrad etter nivå. A-løype på 2,5 km, B-løype 1,9 km, C-løype på 1,4 og Nybyrjarløype på 0,9 km. Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Overnatting Pinseløpet og O-festivalen
Postet av Førde Idrettslag den 20. Apr 2025
Sogn og Fjordane orienteringskrins ønskjer å organisere felles overnatting for klubbane i Sogn og Fjordane på følgjande løp før sommaren. Påmelding er lagt ut i Eventor, klikk på linkane under.
Merk kort frist: 26. april.
- Pinseløpet på Kongsberg, 7.-9. juni: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/6212
- O-festivalen på Geilo, 20.-22. juni: https://eventor.orientering.no/Activities/Show/6213
I tillegg kan det bli organisert noko under O-ringen og Vestlandsmeisterskapen dersom det er interesse. Ta gjerne kontakt om du/dokker har tenkt å reise på desse løpa.
Overnatting blir bestilt ut frå kor mange som er påmeldt ved fristen. Etter dette er det berre mogleg å melde seg på dersom det finst restplassar. Ved for få påmeldte blir det ikkje bestilt noko, så det er viktig at dei som veit dei vil reise melder seg på i tide!
Klart for ny o-sesong
Postet av Førde Idrettslag den 19. Apr 2025
Førde IL Orientering legg opp ein innhaldsrik sesong. Vi har samla opp litt av aktiviteten vår i eit nyhetsbrev. Her finn du oversikt over nærløpa på onsdagar, nyvinninga måndagstrening på Langeland, turorientering, samt mykje anna relevant informasjon om o-sporten. Velkomen til ny sesong!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest