KM-helg i Sunnfjord 22-23. aug.
Postet av Førde Idrettslag den 18. aug 2026

Laurdag 22. august kl 13.00 er det Sunnfjordorienteringa med Førde IL Orientering som arrangør. Løpet er KM langdistanse. Oppmøte: Eikås. Kart: Fluge. Ordinær påmeldingsfrist onsdag 19.8 kl 2359. Les meir her.
Søndag 23. august kl 13.00 er det Haustbløyta med Tambarskjelvar IL som arrangør. Løpet er KM mellom. Oppmøte: Herstad. Kart: Sundsåsen. Ordinær påmeldingsfrist torsdag 20.8 kl 23.59. Les meir her.
Vi treng fleire løparar frå Førde - så oppfordrar fleire til å vere med på krinsløp!
Nærløp Støfringsdal 19.8.
Postet av Førde Idrettslag den 16. aug 2026

Onsdag 19. august er det nærløp, som også er lagsmeisterskap i mellomdistanse for Førde IL. Start frå kl 18.00.
Merkt frå Langhaugane. Løypelengder:3,1 km AL, 1,9 km B, 1,4 km C og 1,3 km N.
Start, ca 800 meter å gå via tunet Støfringsstøl, beskjeden merking dit. Kart til A- og B-løypene får ein når ein startar. Det er ei grind rett før start og ei grind etter målpost( 249), sistemann må passe på at grindane er igjen.
Velkomen til alle. Påmelding via Eventor eller ved frammøte.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Førde rundt
Postet av Førde Idrettslag den 14. aug 2026
O-gruppa har kiosk på Rådhusplassen laurdag 15. august under gateløpet Førde rundt! Bli med å spring eller gå 5km, 10km eller halvmaraton, og sving inn om kiosken for ei rykande varm vaffel etter målgang!

STAFETTE FOR LIVET
Postet av Førde Idrettslag den 11. aug 2026
Postet av Førde Idrettslag den 22. aug 2025

Førde I.L. Orientering stiller også i år lag på kreftforeningas Stafett for livet som blir avvikla på Førde stadion lørdag 5. til sunndag 6 .september. Konseptet går ut på å gå eller springe kontinuerleg i 24 timar frå lørdag kl. 12:00 til sunndag kl. 12:00 Det betyr at det alltid skal vere minst ein person frå laget på bana heile tida. Det mest vanlege er at kvar deltakar har etappar på 1 til 2 timar. Fint høve til ei god treningsøkt og støtte ei god sak. Vi oppfordrar alle som har høve til å delta melde seg på, så skal vi sette opp liste på når du skal gå/springe. Meld deg direkte på linken: Førde I.L. Orientering - Kreftforeningens Stafett for livet eller på mail: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Vi set opp teltet vårt og serverer forfriskningar. Husk å ta med varme kle, spesielt for dei som har nattetappar. I fjor stilte orienteringsgruppa med 22 deltakara som tilbakela 616 rundar, som tilsvarer ei distanse på 252 km. Klaraer vi å slå denne rekorden i år. Vi prøver også å få til ein utloddning så vi kan få inn litt ekstra til Kreftforeninga. Dei som ynskjer å gje eit beløp kan og berre vippse til: #590488.
O-løp Jølster august
Postet av Førde Idrettslag den 9. aug 2026

Det vert arrangert fleire o-løp på Jølster i august. Førde IL Orientering er arrangør.
Onsdag 12.8: Gjesdalsdalen (merka frå E39 i sentrum). Nærløp. Start kl 18.00.
Onsdag 19.8: Støfringsdal (merka frå E39 Langhaugane). Nærløp. Start kl 18.00.
Laurdag 22.8: Eikås (merka frå E39). Sunnfjordorienteringa og KM-langdistanse. Start kl 13.00.
Onsdag 26.8: Eikås (merka frå E39). Nærløp. Start kl 18.00.
Mogeleg å melde seg ved start alle dagar.
Løypetilbod på nærløpa:
A-løype. Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.
B-løype. Passar alle som har ein del erfaring med orientering.
C-løype: Avansert nybyrjar. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.
N-løype: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.
Løp onsdag 12.8 i Gjesdalsdalen.
Arena ligg i enden av bilvegen som går på vest sida av Gjesdaldsdalen. Bomveg kr 50,-. Det blir merka med frå E39 Vassenden sentrum.
Løpelengder: A = 5,0 km. B = 3,2 km. C = 1,9 km. N = 1,2 km.
Det er ca 200 meter å gå på sti frå arena til start. Det går husdyr i område.
Velkomen til alle. Påmelding via Eventor, eller ved frammøte.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest